.jpg)
.jpg)
.jpg)
- Stå (dra ut tida). Gjekk stadig betre i løpet av veka
- Fellesdekk. Denn gongen har eg trent litt meir på at det ikkje skal skje noko.Ikkje kome så langt eg vil her.
- Å setje snuten i handa ved innkalling. Blei inspirert av artikkelen i Canis 1/09.
- Meldetrening. Fokus på trinnet: figurant- førar- figurant. Gjekk bra, men kan fortsatt trenast på.
- Buret og han har hatt gode og dårlege dagar.
- Omvendt lokking med lukka hand. Å kunne trene med godbitane i handa utan at han bryr seg. Fokus på meg. Her må det trenast mer for her har vi øvd inn ein fæl uvane.
- Fri ved foten. Startar på skratsj.
- Enkeltslag. Sjå laurdagens blogg.
- ID-spor
- Tur med andre hundar laus: Vi har hatt eit par fine turar, men eg ser eg skal vere på vakt når unghundane kjem. Då er ikkje Ekko alltid snill.
Hm. Han gjer mykje forskjellig i løpet av veka denne kameraten min. Denne veka er målet å få på plass omvendt lokking (sjå over) og fri ved foten.
2 kommentarer:
Ja stakkars Ekko. Han var vel litt syk da i starten på veka. Det hender jo og at hundene våre ikke føler seg helt vel.
Du e god som klarer å holde opplegget ditt Aud Venke.
Du har eit poeng, Elisabeth. Ekko skal alltid vere i godt humør han. Men sjølvsagt kan jo han òg ha tunge dagar ;). Ja, eg greier delvis å halde opplegget mitt, men sviktar på håndteringstreninga. Gløymer den for ofte.
Legg inn en kommentar