fredag 28. november 2008

Eit tomt hovud og ein snill hund

Ekko har vist seg frå ei omsorgsfull side i det siste. Eg orkar svært lite og greier ikkje å halde fokus meir enn eit par minutt. Han har godtatt at det bare har blitt nokre småturar og svært lite hjernetrim. Til gjengjeld har han passa godt på meg når eg har sett meg i sofaen for å slappe av og halvsove. Då har eg fått kos og eit hovud i fanget.

Men vi har då gjort litt.
Onsdag var vi på tur rundt Mosvatnet med Pia og Era. Då blei han rundvaska av Era. Han trengte det visst... Guten såg ut til å like det han ;-)

I går var det trening med gjengen. Og denne gongen kom òg Anne og Thelma. Jippi!
Gro og eg trente saman. Eg ville trene på lausbittet. Ekko har tendens til å setje seg framfor meg (dvs går rundt, men set seg ein meter framfor meg) når han kjem inn med lausbittet.
Gro stilte seg opp 4-5 meter frå meg, hadde lausbitt i handa og leika gøymt.
Ekko blir sendt ut, kjem fint inn, set seg ved meg, eg tar på bandet og lar han springe fram til Gro som er topp å leike med.
No er hunden gira. Neste forsøk slit han litt med å finne plassen sin i utgangsstilling, men greier det. Ny leikerunde.
Tredje runde: No er Gro så spennande at han gjer som tidlegare, dvs går rundt meg og set seg 1 meter framfor meg (nærmast muleg figurant). Eg feiler han og jammen rygger han bakover med lausbittet i munnen og vips var han ved sida mi.
Etter kvilepausen fortsette vi på same måten. Gjekk bra. Vi får prøve med litt lenger avstand seinare.
Tredje økt var det fri ved foten. Her mangla han intensitet. Verka litt trøytt. Eg måtte gå fort for å få litt glød i han. Premierte litt med leik og det hjelpte. Men det tok ikkje lang tid før han mista fokus igjen.
I den siste økta arbeidde vi kvar for oss. Eg fortsette med fri ved foten og litt target.

På slutten gjekk vi tur. Vi er ein fin gjeng. Era som i blant må fram og vaske Ekko litt, ta seg eit lite bad og sjarmere Scotty. Scotty, som har eit tungt anker hengande bak, i alle fall trur eg han syns det av og til ;-). Det gjekk altfor seint framover i følge han. Pia som hopper hit og dit og brått fyk ut til høgre. Ho hadde lært av Ekko forige veke. Eit kjapt rykk i bandet og full tyngde i ein retning og du er fri.. Trur dei andre hundane tenkte: Koffor kom ikkje vi på den der? Det lukta jo intenst akkurat her. Maja, som brått fann det for godt å setje seg stille bak ein busk utan å ville gå derifrå. Og Ekko som sjekka ut om det var lov å snuse Maja i rompa og som òg syns tauet er for kort og dei tobeinte går for seint.
Og innimellom går dei alle eksemplarisk ved sida av oss og kvarandre ;-)

Ingen kommentarer: