torsdag 13. mars 2008

Atferdstrening

Tysdag var dag med sol. Ein perfekt dag for atferdstrening fann eg ut. Lommane fulle av kjempegode godbitar og radarblikket på. Tid for å gå rundt Mosvatnet. Og eg hadde tenkt rett. Vi møtte mange hundar. Ved kvart møte gjekk vi tilsides og trente "kinderegg". Eg trur nok at det er mest for min del at vi går langt ut til sides. Ekko reagerte lite på dei fleste hundane. Men nokre kribla tydeleg litt så akkurat då var eg glad eg hadde gått så langt ut. Og skravlande damer med hund i flexibånd er ikkje heilt til å stole på. Dei oppfatta lite av det eg dreiv på med, dei skravla og hunden kom nærmare og nærmare....

Onsdag gjentok vi det same, men gjekk ein annan tur. Vi møtte færre hundar, men hestar og folk. Dei største utfordringane var to søte jenter som ville klappe, men som hadde finkjolen på for dei skulle i selskap. Det blei mykje mjukost i premie på Ekko den stunda. Og møtet med ein katt.... Då blei det liv i hunden. Eg registrerer òg at han er flinkare til å ta kontakt med meg når vi møter noko (menneske og dyr). Det liker eg og han blir premiert for det.

I dag har vi vore på trening.Vi har trent på bakpartskontroll (rygging). Ekko er blitt kjempeflink til å rygge. Til stor frustrasjon begynte vi òg på eit lite triks. Ekko ville bare rygge, ikkje noko anna. Men så smått fekk vi begynte på trikset "vinke". Vi ser for oss kongeleg vinking frå altanen 17. mai....:-)
Karin hadde med seg rotta "Ludolf"(?) til miljøtrening/atferdstrening/ sosialisering. Eg var spent på Ekko og ei rotte. Men guten viser talent. Han snuste, dunka litt borti i håp om å få litt leik i gang. Kom bort til meg for å kose, prøvde seg med dempande signal og ville ha litt kontakt med rotta igjen. Veldig positiv oppleving.

Litt oppsummering etter fokusdagar på atferd:
- det er eg som er den mest usikre av oss to. Eg stoler lite på han ( og har kanskje grunn for det?)
- han blir stadig enklare å gå tur med. Drar lite i bandet, tek kontakt
- vi må gjere dette oftare slik at eg får trent på raske reaksjonar. Og kanskje våge meg litt nærmare det farlege.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Å du og du kor flink hun du har. Eg tror nesten at eg e ganske sikker på at Faya hadde spist den rotta, og at eg itte det hadde blitt bannlyst på torsdagstreningene.

Aud Venke sa...

Faya hadde ikkje spist rotta. Det var fasinerande å sjå korleis hundane reagerte. Maja blei redd,noen hundar ville leike. Dei hadde nok reagert annleis om rotta sprang på bakken.