torsdag 6. desember 2007

Fri ved fot 2

Vi har vore på trening i dag òg. Og det blei meir fri ved fot. Eg går ganske mange skritt og ser opp på herskarinna i heimen. I dag har dei byrja å pirke. Ikkje nok med at eg skulle sjå opp, men eg skulle gå beint òg. Og når Kari var med som assistent, la dei merke til både det eine og det andre: Eg gjekk skeivt, eg hadde ein tendens til å ta eit ekstra blikk mot handa på ryggen og gå mot den osv. Så det endte med at mor gjekk bakover, eg gjekk framover og stirde på henne, og Kari stirde på meg. Litt av ein gjeng! Mor konsentrerte seg om kontakten, Kari klikte når eg gjekk beint. Effektivt. Og premien var mange gonger at eg fekk leike! Kjempekjekt! Eg begynte å trø matmor på beina i iveren etter leika i ein periode. Likte den varianten ( kanskje det er den måten ho skal slanke meg?...).
Leiken blei avslutta med at mor skulle bli passiv. Det er ikkje lett når eg vil ha drakamp. Men Karin meinte at viss dei tobeinte greidde å få litt av leika mellom beina, ville vi firbeinte forstå at det er slutt på leiken. Til vanleg er eg ganske skarp, men eg trengte tid på den. Eg drog så matmor nesten gjekk ned i kneståande. Men etterkvart skjønte eg teikninga. Ikkje kan ho bruke det til slankekur heller, for eg fekk godbit for å sleppe (voff, voff). Eg blei faktisk ganske trøytt etter eit par økter med dette, hardt å nistirre på tobeinte.

I dag sendte Morten i Canis ut ny blogg. Den var visst midt i blinken for oss som skal lære bringkobbel. Så no skal det lesast litt før runderinga på laurdag. Ikkje det at eg er klar til å begynne med kobbelet enno. Eg har det førebels bare som pynt rundt halsen. Ganske stilig.

Ingen kommentarer: