lørdag 1. august 2009

Ei god treningsøkt

I dag møtte vi Marit, Jan Inge og Punky i skogen. Vi skulle trene. Endeleg, trur eg Ekko tenkte. Full av medisiner var han. Òg full av energi.

Meldetrening
1.økt to meldingar der han skulle ta heile prosessen. Hadde kjøpt ny leike av Marit og Ekko var alt gira på den. Han sprang flott ut, tok lausbittet, men ville leike. Måtte kallast inn. Då gjekk resten greit. Sprang som ein sputnik ut til figurant då han fekk meldinga "Vis". I neste forsøk gjekk alt fint. Tok pause der.
2.økt. No var Håkon kome tilbake frå sporlegginga. Og han blei for sterk. I staden for å kome tilbake til meg med bittet, sprang han lukkeleg til Håkon. Neste gjekk fint. Siste forsøk var vimsete i starten. Men så var det som om det datt ned ei krone på automaten, han sprang ut, henta bittet, kom inn og ut igjen. Bra.

Rundering
Denne gongen skulle eg prøve utan å bruke påverknad når han skulle inn til meg. Det gjekk kjempefint. Han holdt eit godt tempo. 1 gong sprang han ned same vegen som han sprang ut, men korrigerte seg straks eg ropte.
Det blei 6 fine slag.

Spor
Dette sporet var spennande for Håkon hadde aldri lagt spor før, og det hadde gått 3 hundar, fleire folk osv akkurat der sporet starta. Ekko tok fint starten, men begynte å snuse veldig på luktene rundt. Vi fekk han inn på sporet, som gjekk langs den godluktande vegen, litt vimsing igjen. Men så var det som det brått slo inn ka lukt der var som skulle følgast. Nasen i bakken, kryssinga av vegen, over eit steingjerde og der var slutten. Kjempebra jobba. Og skikkeleg spennande for meg for eg ante ikkje kor han hadde godt og måtte bare stole på hunden. Men det var godt med sporleggaren bak i starten...

Konklusjon:
Ei god treningsøkt. Effektiv var den òg :). Nå er vi i gang med hausten og skikkeleg trening. Neste laurdag er det runderingsstart. Skal bli godt det.

2 kommentarer:

Gro sa...

Så ut som ein kjempekjekk treningsdag i skogen. Spennende med ukjent spor, ikke sant : )

Selv sitter jeg her uten hund idag. Hun reiste til Helgøy i går med roald for å være der , mens vi er på cruiset. Det kjenntes godt i går da hun dro. Uff, har ikke trening i det med å la andre passe Maja. Tenk en hel uke....uten.
Har egentlig reisenerver te tusen. Urolig i kroppen og rastløs. Mye som skal pakkes og huskes på. Og nå i disse svineinfluensa tider, gulp!!Blir nok bedre når vi får kommet oss avgårde tenker jeg. Snakkes etterhvert.

Aud Venke sa...

Ja, det er rart utan hunden. Oppdagar kor tomt det er. Men det går nok fint. Ho elskar jo å vere på helgøy. Og kos deg på cruise! Det blir sikkert kjempekjekt og så er det så heilt annleis enn det vi gjer til vanleg. God tur!