søndag 4. januar 2009

Eit latmannsliv

Godt nyttår, folkens! Eg overlevde marerittet. Trur eg blei bedøvd av fotsveitten til dei tobeinte. Hadde gøymt meg under bordet då det small som verst.

Det nye året har starta veldig roleg, syns eg. Det blir mest soving og kosing. Så no er eg klar for litt trening snart. Eg finn fram sko og vottar til dei tobeinte, men må vente så lenge på at dei skal bli klar til å kome seg ut på tur, at eg sovnar i mellomtida.


Eg las i avisa at Brann skulle starte oppkjøringa til ny sesong i morgon, så eg fann fram ballen og har begynt å drible litt. Det skal i alle fall ikkje stå på meg. Eg var klar til å hjelpe Viking i heile fjor, men trur du dei forstod kor dyktig eg er? No har Brann fått ny trenar, så eg satsar på at han ser på forsvarsspel på ein ny måte. Eg stiller gjerne på ei treningsøkt...

Nyttårsbjeff frå Ekko

2 kommentarer:

Anonym sa...

Jøss, her va det vist ei stund siden eg hadde lest. Godt nytt år te dåkke og.

Hmmm... Heie du på Bran Ekko???....

Tenkte kansje du va ein ManU fan....

Anonym sa...

Eg e nok ikkje Brann-fan, men det må du ikkje seie til nokon. Eg vil jo ha ein forsvarsjobb.. Og så tenkte eg at dei er jo litt sta og galne i Bergen så kanskje det e plassen for meg.