tirsdag 13. januar 2009

Det starta så kjekt, men så blei det visst vondt

I dag har vi vore på tur med Elisabeth og Faya. Fryden er stor når dei får springe i skogen. Og når dei på toppen av alt finn litt vatn, er lukka fullkommen! Dei er ekte vasshundar! Og når det i tillegg var sol og litt blå himmel var dei tobeinte òg smilande.

Faya er så lita at ho kan symje, medan Ekko stort sett kan gå rundt i vatnet :).

Her gjeld det å vere klar for Elisabeth skal kaste ein pinne. Trur Faya har tenkt at det svarer seg å stå nærmast den tobeinte...
Men den der langbeinte Ekko, han er alltid først..


Kor blei pinnen av?

Trur pinnane var så våte etter alt regnet at den sokk. Det blei i alle fall få seiersrundar med pinnen i munnen for Ekko.

Etter badet trengs det litt risting.

Så var det å springe vidare inn i skogen, gjørma og nokre bekkar.

Men brått la Ekko seg ned. Han ville ikkje ta i mot godbit, men ville ha trøyst. Vi fekk han til å reise seg, men han var ikkje mykje pigg. Vi gjekk roleg vidare. Han sprang ikkje, men verka etterkvart betre. Så nærma vi oss eit område han veit at det er kaniner. Då sprang han litt, men stoppa like fort. No verka det som han halta. Eg undersøkte labbane, men såg ikkje noko. Han skalv. Då bestemte vi oss for å ta kortaste vegen til bilen. Eg tok han i band eit stykke for at han skulle gå ekstra roleg og ikkje bli frista til å springe. Stakkars store, vesle Ekko. Då Faya sprang rett forbi han med pinne i munnen, reagerte han ikkje ein gong. Til vanleg er jo det den beste måten å invitere han til leik.

Her heime ser eg ikkje meir til haltinga, men han er slapp. Legg hovudet på låret mitt og vil ha kos. No kryssar eg fingrane for at det er noko som fort går over.

3 kommentarer:

Anonym sa...

God bedring Ecco! Du må nok lære å ta det litt mer med ro! Det messer min matmor om til meg:)

Anonym sa...

Det va utrolig dumt at ein så kjekk tur skulle bli ein så dum tur. Håpa du blir snart frisk sånn at me kan gå på ein sånn tur igjen,og då uten skader. Og så håpa eg då at dåkke finne et vann så lukta litt bedre. Faya måtte rett i badekaret for å spylast når me kom hjem. For hu lukta vondt. Fekk du og den samme parfymen på deg??

Elisabeth

Anonym sa...

Hallo Punky: Læra å ta det med ro når me springe i skogen??? Mor di e ikkje heilt smarte må eg seie for sånn går ikkje ann.

Eg trur Faya fekk mer av godlukta enn meg. Eg vasse bare eg vett du ;-). Så har eg kortare pels. Mor mi har ikkje lukta så godt itte. Hu gjekk på besøk te någen folk i kveld. Og det når eg e syge. E der ikkje sånn hundevern ein kan ringa te??
Eg e ikkje heilt friske ennå, halta på slutten av kveldsturen. Tenkte det ville gje meg ekstra mange godbitar...