lørdag 25. oktober 2008

Spor

I natt var det skikkeleg uvêr så eg grudde meg litt til sportreninga i dag. Men vêrgudane var ven med oss. Det var opphald og fint.

Bruksgruppa møttes i Melsheia. Her er det ulendt, mykje skog og til tider vanskeleg å kome seg fram. Eg la to spor til Ekko inne i granskogen. I tillegg fekk han eit ID-spor i eit område der det er haugar med kvister, djupe hol i bakken, høgt, gult gras og høge tre.
Medan dei to spora i skogen låg og godgjorde seg (2 timar), trente vi litt apport og gjekk ID-sporet. Bonustreninga var at han fekk vere ute medan vi drakk kaffi. Trener han på å vere grei i slik setting. Etterkvart skal nok treninga bli å ligge fint ved sida av meg, men no fekk han helse og kos av dei andre. Heldigvis ingen hopp og det var kjekt å vere hjå matmor.

ID-sporet:
Kari og Torhild gjekk ut i terrenget. Kari la igjen ein caps ved starten, Torhild svingte av sporet etter ei stund. Kari gjekk litt på kryss og tvers før ho la seg ned i skjul. Så starta vi. Du og du, seier eg. For ein fart på villdyret! Eg hadde jo tenkt å henge fint bak i langlina, men snubla i røter og ramla i hol. Prøvde å halde kjekkasen igjen, men han hadde teften av Kari i nasen og hadde ikkje tid. Han begynte å grine då eg stoppa han. Til slutt kjefta eg, tviholdt i bandet til eg fekk brennmerke (langliner er plagsomt i blant). Akkurat då eg hadde bestemt meg for å bare la han fyke avgarde, fann han Kari. Morsom oppleving for figurant som høyrde lyden av meg, kjekt for hunden og frustrerande for meg. Men eg kan eigentleg bare le av det. Ekko har i alle fall ikkje problem med nasen og oppgåva. Det er eg som må arbeide med tempoet. Og ta på meg arbeidshanskar!

Spor:
Første spor er ganske langt. Det er på skogsbotn og har mange vinklar. I starten ligg det karbonadebitar ganske tett i stega mine, så kjem dei ujamnt. Eg la karbonadebitar i kvar vinkel (anten i eller rett før/etter).
Dette sporet går Ekko veldig fint. Han har eit par gonger der han er litt kjapp, men roer seg straks eg stramer i lina. Han tar seg tid til godbitane og snuser ekstra godt i vinklane. Nasen er i bakken heile tida og han lar seg ikkje affisere av at det er ein halvegs øydelagt lavvo med blafrande presenning like ved. På slutten er det eit beger med litt kattemat. Det var tydeleg veldig godt.

Konklusjon:
Eit veldig bra spor.

Det andre sporet er litt kortare. Det er i same område og lik botn. No mangla eg merkebånd (fy meg) og er nok litt ukonsentrert på kor eg tar svingane. Har ikkje så tett med karbonadebitar i starten som i første sporet. Same premien på slutten.
Eg hadde ikkje tatt av han langlina frå første sporet (vi gjekk direkte til neste spor). Det er meir rotete oppstart. Hunden er tent for sporet lenge før det startar. Tempoet er høgare, han rotar litt kan eg sjå på kroppen i blant, men elles tar han svingar og går omtrent der eg trur eg gjekk. Men eg blei veldig usikker for det var som om alt var likt i skogen. Han fann slutten.

Konklusjon:
Eg må ha med meg det eg treng, slik at eg ikkje bruker tid på å gruble om det er rett, heller på å lese han og styre tempoet. Trur òg det hadde vore smart å markere at det var ein lite pause mellom dei to spora. Trur ikkje han var kobla av det første før han kasta seg inn på det andre. Så skal eg ta like tett med godbitar i starten på spor to òg for å sjå om det påverkar farten.

Til vidare arbeid:
  • arbeide med farten i sporet
  • ha tett med godbitar i starten av sporet
  • starttrening på gjenstandar i sporet

Nå kviler dyret. Livet som brukshund er visst ganske så bra.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Ja du trene og trene du. Uansett. :-) Stå på, kansje om du e heldig så får du et orkan vær å trene i snart og. Då kan du verklegen skryte.

Aud Venke sa...

Lukta eg litt spydighet eller var det bare misunnelse??? Satse på det siste. Ser eg veret utanfor stovedøra blir kveldsturen i stiv kuling i alle fall.

Gro sa...

He he, det ID sporet virket som en skikkelig utfordring. ;-)
Der var vel god vind og da kan jo ferten av Kari fyke langt. Eller hadde du medvind?
Sporet er jo og helt ferskt. Kanskje å gå eldre spor vil dempe farten hans også?

Aud Venke sa...

Ingen dum teori, Gro. Eg må i alle fall jobbe med tempoet. Er jo kjekt med ein hund som står og spinn for å arbeide, men det tok litt overhånd kan ein seie. Vinden var vi for lite bevisst.