fredag 31. oktober 2008

Var det avspasering i dag?

Ny kald, men vakker solskinsdag. Vi trente litt rydding på morgonkvisten i dag. Då vi kom til klubbområdet, slapp eghan ut og han fekk springe etter ei leike eg kasta ut. Dette var veldig kjekt og han ville ikkje inn med den.

Då det blei vår tur til å trene på feltsøk, hadde eg fått Torhild til å filme oss. Vi har jo vore så flinke og eg ville jo ha det bevist. Men det skulle vi bli to om. Heilt frå Ekko kom ut av bilen, beit han i bandet og ville leike. Og feltsøket blei bare rot. Han sprang ut og henta den første fint, men bytta gjenstand før han kom inn. Neste gjenstand ville han bare springe rundt og leike med.

I økt to la vi bare ut to gjenstandar og dei blei lagt nære. Eg prøvde å trene litt fokus på han. trudde han var klar, sendte han ut. Men ein ny runde med bare tøys og tull. Tok han med meg bort frå feltet og trente litt avlevering av apport. Fungerte bare sånn passe. Han ville heller grave i jorda og spise røter.

Etter pausen skulle vi kjøre gjennom agilityløypa. Han sprang rundt seg sjølv, ville på eit vis gjere det eg ville, men greidde ikkje konsentrere seg, måtte bare gjere alt fort. Siste runde tok eg tak i halsbandet då han skulle gå over bjelken. Det roa han. No gjekk han fint med meg til neste post (utan at eg holdt i han) og gjennomførte sånn passe greit.
Eg slit med å få til hoppa. Han hopper på skrått mot meg. Trur han ventar premie (sjå bileta). Dermed kjem ham skeivt ut til neste hopp.
På bjelken ville eg ha han til å snu seg. Og jammen fulgte han target på fingeren. Litt konsentrasjon var detlangt der inne.

Før treninga begynte i dag, hadde eg lagt ut eit spor med pølsebitar ( mellom kvart 3 og 7 fotspor). Det gjekk på kryss og tvers og var på moseliknande botn. Det fekk ligge i 4 timar før vi gjekk det. Etter alt tullet med feltet, blei det litt lått og løye med om det var nokon som skulle gå bak meg i sporet og sjå og høyre på når sporet blei like vilt som dagen. Men dette var noko anna. Han gjekk sakte, tok seg tid til å spise pølsebitane, fulgte spora mina veldig bra. Kom seg fort innpå når han gjekk litt feil, og eg gjekk mållaus bak. Dette var faktisk eit av dei beste spora han har gått. Eg måtte bare holde han igjen ein gong. Resten av tida gjekk i roleg og lett tempo for meg. Kjempebra og ein god avslutning.

Skal eg oppsummere litt så er det at eg nok kan trene endå meir på avlevering og finne mindre gjenstandar. Kanskje han heller ikkje skal få starte dagen med å leike på området. Og eg som er så utskjemt med at han koblar seg fort på, bør nok vere meir vaken for at eg av og til må trene lengre økter med kontakt før eg startar.
Maja i hinderløypa
Ekko i svevet. Litt låge hinder? Eller er det bare fryden over å kunne hoppe høgt?
Til slutt ein filmsnutt med Maja i feltet.


2 kommentarer:

Anonym sa...

Den hunden din e ikkje alltid lika lett å forstå seg på. Sko likt å vist koss hans hjerne fungera. Det eina øyeblikket valp det andre voksen. Hmmmmm....

:-)

Gro sa...

Så bra at sporet gikk så fint. Alltid kjekt med en god avslutning. Stilig bilde av han i svevet der han hopper så høyt.
Fine bilder av Maja og + kjekk filmsnutt. Høres stemmen min sånn ut altså.....
Avslørende at hun denne gangen slipper bittet før klikket. Hmm

Det var en super kjekk dag iallefall.