tirsdag 28. oktober 2008

Eg har hatt damebesøk

I går ettermiddag trudde eg at vi skulle ut på tur då matmor tok på seg turkleda, lurte meg inn i bilen og kjørte avgarde. Men det blei ingen tur. Ho kjørt heim til Faya og så fekk Faya sitje i framsetet då vi kjørte vidare. Det får aldri eg.
Endeleg stoppa ho ein plass der eg var kjent, nemlig på treningsplassen vår på Sola. Då fekk vi kome ut og gå tur i band begge to.
Eg trente litt på å hente lausbittet, men etter nokre økter gadd ikkje matmor meir. Trur ho syns det var for surt vèr. Trudde ikkje ho var slik ei pyse. Ikkje det, verken Sander eller eg likte å leike med dei våte leikene vi fekk som premie, når vi hadde gjort det bra.

Eg tenkte at no kjører vi Faya heim, men så parkerte vi ved ein skog. Jippi. Vi sprang og kosa oss. Faya ville springe saman med meg og det var SÅ kjekt.

Og veit de ka - Faya blei med meg heim! Eg syns det var litt rart at ho skulle snuse i alle mine ting, men bare ho ikkje tar matmor frå meg så kan eg gå med på ein del. Ho blei litt sint på meg av og til, og eg forlangte at ho fekk sove ein annan stad enn meg i natt. Ingen har lov til å sove i sakkosekken på soverommet -bare eg. Eg trur ho sov i sofaen. Ingen dum plass det heller.

I dag var Faya og matmor ute på terrassen og styrte med planter og møblar. Eg blei litt sur. Matmor skal sjå på meg, ikkje Faya. Veit de ka eg gjorde? Eg sprang ut på kjøkkenet og bjeffa. He, he. Då kom ho sjølvsagt, for matmor liker ikkje lyd. Gjorde det nokre gonger, men så verka det ikkje lenger. Eg fann den flotte pipeballen. Hadde tenkt å få Faya til å springe etter meg. Men ho såg bare stygt på meg. Trur ho ville ha den ho òg. Så prøvde eg å få matmor til å leike med ballen. Då fann matmor ein pipeting til og så kasta ho til oss begge. Det var ganske kjekt.

Brått ringte det på døra. Eg holdt på å gå heilt bananas. Enno fleire?! Det var Elisabeth og Victoria som kom. Eg trudde eg skulle rundkyssa Elisabeth. Så kjekt at dei kom.

Nå har dei reist, og eg må legge meg og sove litt. Det er ganske slitsomt å ha besøk. Tipper Faya syns det var godt å kome heim. Men eg håper ho kjem til meg ein annan gong òg. Og så håper eg Victoria ikkje er sjuk veldig lenge.

Gjesp frå Ekko

3 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Ekko :-)

Tusen takk for at eg fekk sova hos deg. Og eg beklage det at eg va litt små gretten av og te. Men eg har jo vært så bekymra for Victoria. Og det har vært så deilig å ha din støtte oppi alt detta. Det va utrolig gøy å leka springelek med deg. Det må me og gjør ein an gong. :-) Og selvfølgelig kan eg komma å besøka deg igjen. Og du e jo og hjertlig velkommen hos oss. Hu mor seie me ska få noe så hette gjerde rundt heile hagen og det betyr at me firbeinte kan springa rundt i heile hagen uten bånd. Det blir gøy. Då må du komma og så ska me se om me klare å nappa noen nabo kaniner i halen gjennom gjerdet. :-)

Faya

Gro sa...

For en opplevelse du har hatt Ekko.
Både kjekk tur og damebesøk....ikkje verst. : )
Sjønner godt en blir litt sliten av slikt.
Har hørt at hu matmora di klør litt på ryggen iblant. Du får vera glad det er der hu klør, og ikkje i pannen.... ; )

Anonym sa...

Uff, ja. Tenk om ho hadde klødd i pannen? Skrekk og gru. Då får eg heller leve med at ho trur det veks ut vinger på ryggen ( ikkje heilt klok, men eg jatte med henne)

Ekko.