søndag 25. mai 2008

Kurshelg for menneske...

Eg veit ikkje heilt om eg liker dette instruktørkurset. Eg ligg altfor mykje i bilen og det er så kjedeleg, så kjedeleg. Og ka er det dei lærer der inne? Når dei kjem ut, skal vi gjere noko eg har gjort hundre gonger før. Eg forstår ingenting. Skal ikkje eg lære noko nytt?

Jo, forresten det var noko nytt. Elisabeth prøvde å trene meg medan matmor såg på. Det likte eg ikkje heilt. Kanskje det er det siste nye? Eg får trene på det, men eg syns det er best med matmor. Det er liksom henne eg skal kikke beundrande på. Det var forresten mange andre òg som stod og såg på då Elisabeth skulle prøve å trene meg.
Eg såg ut bilvindauga og då trente matmor Robin. Eg likte ikkje det heller eg, men eg sa ingenting. Blei jo litt nervøs for vi hadde laga skikkeleg gode godbitar i går kveld. Tenk om Robin åt opp dei?

Sist fekk dei nokre lekser der vi hundane skulle trenast. Håper det blir slike lekser denne gongen òg. Leksene til i dag var utgangsstilling og bakpartskontroll. Eg fekk til både frivillig utgangsstilling og då kommandoen var på. Bakparten gjekk visst ganske bra den òg. Syns faktisk den var kjekk denne gongen.

Vi har trent ein del på å hoppe inn i bilen. Nå går det passe greit å hoppe inn, men vegen til bilen er ikkje kjekk. I går leika matmor gøymeleiken rundt bilen. Det likte eg.
På slutten av dagen kjørte vi til den kjekkaste tenåringen eg kjenner. Han blei 14 år i dag. Eg prøvde å få kake, men det fekk eg ikkje. Dumt. Det såg så godt ut. Matmor i dette huset er rar. Ho kallar meg Bajas og ristar på øyrene mine. I dag greidde eg å la vere å hoppe på dei då eg kom. Då fekk eg ekstra mykje kos og risting på øyrene. Liker det, eg.

1 kommentar:

Anonym sa...

Ja eg tror det at opplegget va at me hundar sko trena med andre en mammene og pappene våre. For eg måtte trene med Anette. Og hu va super kjekk altså, men mor e fremdeles best altså. Men mennesker forstår seg vist ikkje på sånn.