søndag 18. mai 2008

Hente avisa og andre kjekke øvingar

I dag har eg vaska jærbunaden ( den fora dressen). Tenkte at no kan eg vel vere utan den i ein periode...
Ekko har vore treningslysten heile dagen. Han kom til og med inn med eit lausbitt han hadde funne i sekken. Kom igjen og tren meg! Og eg gav meg jo og trente litt på det. I tillegg begynte vi forsiktig med å krype.

I dag oppfordra eg klikkarfolket: Kom på trening og eg finn på utfordringar! Vi blei ein fin gjeng. Utfordringane var: Innkalling, hopp, balanse på benk, tunnel, hente avisa, gå bak og slalåm mellom beina.

Anne&Thelma, Anne Lise&Scotty, Silje&Pia, Lili&Biko, Ingve&Aron og Elisabeth tok i mot oppfordringa. Elisabeth utan hundar, men ho blei fort fotograf og medhjelpar.

Ekko prøvde seg først som avisbud. Og jammen slo all trening på apport inn. Han sprang fort til Lili, tok med seg avisa og avleverte i handa mi. Eg fekk han til og med til å springe tilbake til Lili med avisa etter at han hadde gitt meg den. Avisbudet blei filma, sjå her.

Biko prøvde òg å vere avisbud. Han hadde ikkje trent apport slik at på han trente vi kun det å kome borti avisa. Men aller helst ville han sjå på matmor og bli beundra :-).
Innkalling var neste post på programmet. Eg brukte fløyte denne gongen og hadde yndlingsballen klar. Kjempereaksjon! På dei siste innkallingane brukte eg kong - det var ikkje fullt så gjevt. Det kan nok vere ein blanding av at han var trøytt, men tydeleg òg at ballen har ei ekstra stor stjerne.
Alle hadde minst ei økt med innkalling. Det var pipelydar rop og ymse anna rundt ikring. Dei fleste opplevde at hunden kom fykande. Det er deilig å vere på parkeringsplassen ved OD for der er det så god plass. Fleire blei filma, her finn du Pia. i aksjon.
I tredjeøkta skulle Ekko trene på å gå bak. Eg bruker det i blant på tur i skogen. Treng at han går bak ned bratte sider og liknande. Men eg har ikkje trent noko på det. No skulle eg bruke target på fing. Lili skulle klikke. Det gjekk greit med fingen bak. Han forstod den, men då eg skulle premiere kom han fram. Og så skulle eg vere kjapp for ikkje å få han fram mellom kvar gong. Gjett kor eg gøymde handa - akkurat- bak ryggen.
Altså blei det tendensar til lokking i staden for target. Må trene meir på det der. Skjønte på Anne at ho og Thelma hadde det same problemet.
Nest siste økt var hopp. Ekko hoppar fint over og han syns det var ekstra kjekt då vi småsprang mot hoppet. Men han hopper for nære meg. Det er slik at eg er redd han blir spidda av stanga på hoppet. På slutten var han så gira at han beit i bandet. Han var tydeleg trøytt. Vi avslutta med litt kryptrening. Eg kom ikkje lenger enn at han kjem borti targetsticken og kryp 1/2 cm.. Men det er ein start.
Eg storkoste meg i kveld. Litt fri frå lydnadstreninga samstundes som dette er nyttig trening det òg. Men eg kjenner eg har nok brukt hovudet eg òg for no er eg trøytt.

Aron og Biko var med oss for første gong. Det var veldig kjekt. Sjeldan å sjå kvite gjetarhundar her så dei blei ekstra beundra. Her Ingve og Aron.

7 kommentarer:

Anonym sa...

Takk for super trening i dag!!
Kjekt når folk tar intiativ og planlegger en hel treningsøkt!!!
....ser at det ikke bare var Pia som var det fødte postbudet. Ser at Ekko også har en fremtid innen Postvesenet :)

david santos sa...

Excellent...Aud, excellent...
have a nice week

Aud Venke sa...

JA eg satsar på at det er han som skal livnære meg framover. Strever med å få programmet til å skjøne at eg vil ha avsnitt i dag. Får vente til i morgon så kanskje maskinen tenkjer annleis då.

Anonym sa...

Så kjekt at bildene blei brukanes. E ikkje alltid lika enkelt å bruka andre sine kameraer. Neste gong me kjøre ei sånn treningsøkt, så ska eg se om eg klare å finna ein hund eller to å ha med meg. :-) Det va gøy å se folket igjen :-)

Aud Venke sa...

Både bilete og film beli godt brukandes! Takk skal du ha. Vi finn nok på ei slik økt igjen så då får du leite fram nokre hundar.... Godt å sjå deg igjen òg

Gro sa...

Så kjekk trening dokker ser ut til å ha hatt. Du er så flink å ta initiativ til trening lage opplegg Aud Venke!!! : ) Og for et flott vær dokker har hatt .... i forhold til der eg va he he.....

Marit sa...

jeg skjønner Punky og jeg gikk glipp av noe i går!
Du er så flink, Aud Venke, til å ta iniativ til aktiviteter. Og så kreativ du er!
Dette håper jeg kan gjentas!!
Punky og Marit