mandag 9. september 2013

Siste augustdag blei spordag


 Sporlaurdag på Dale. Det låg regn i lufta, men vi slapp unna. Eg møtte tidleg for å gå eit langt spor som skulle ligge minst 2 timar. Undervegs på det sporet, fekk eg beskjed om at Lise var forsinka så eg la eit ekstra i tillegg slik at Scott òg fekk eit spor som hadde litt liggetid.

Ferdig med det sporet gjekk eg eit nytt som skulle gåast etter kort tid. Eg leika litt med Ekko før vi gjekk, så sporet låg kanskje 1/2time?
Lise fulgt i fotspora mine (hadde eg hugsa heilt kor eg gjekk..). På dette sporet viste Ekko at han er ein overvêrshund og kanskje òg ein curly/chessie. (intelligent og sjølvstendig aristokrat). Jodå spor skal vi gå, men det er jo slutten vi skal finne så kvifor automatisk gå sporet når ein kan kutte distansen ved å sette nasen høgt?
Dei få merka eg hadde sett synte at han i periodar var på sporet, ved sida av sporet, kuttar vinklar og er sikker på slutten.
Underlaget viste òg ulike måtar å løyse utfordringa på. Høgt gras tyder lukt overalt så her hopper og sprett det litt i vilden sky. Skråsikker kryssing av bekk. I typisk granskogbotn var han veldig sikker og mykje meir rett i sporet. Slutten var han ikkje i tvil om.
Eg ser at han alltid kjem i mål, men eg tør ikkje heilt stole på han undervegs for han har mange sidehopp.

Hovudsporet: 640m skogsbotn, steinrøys, gras. over 21/2t gamalt.

Han starta i høgt gras. Verka litt forvirra. Ville drikke av ei myrhola i staden for å gå sporet. Eg kjente meg litt småirritert, men medan han går der i høgt gras og ser ut som om han er ute på tur, tar han 90 gradersvinkelen akkurat der han skal. Jøss. Han er visst på jobb likevel.
No går det sikkert inn i skogen. Så byrjar han virre. Dvs han luktar litt her og sprett vidare til der og så tilbake igjen. Det er bare å stå  i ro for i slikt humør  er han lett å lese. Brått er han skråsikker på kor vegen går vidare og då er det bare å henge på.
På resten av sporet er han sikker, spesielt sikker verkar han når vi er i steinrøysa. Då kan eg sjå han snusar på dei steinane eg har halde meg i medan eg klatra, før han vel den beste vegen å kome seg både nedover og oppover.
Eg var veldig nøgd etter sporet. Tempoet var heilt fint og alle merka eg hadde plassert for å vere sikker på at han tok dei svingane og retningane eg hadde gjort, blei fulgt.

Vi avslutta dagen med at eg viste Lise kor ho skulle gå for å finne sporstarten, så la eg meg i sporslutten.
Det tok litt tid, men omsider høyrte eg det knaka i kvister og der kom Scott. Skråsikker på funn!

Resten av dagen var ein sovande hund og matmor slokna visst litt ho òg. Det tar på å vere helt.

August blei altså ein skikkeleg spormånad. Til både hund og eigar si store glede.



Ingen kommentarer: