fredag 8. oktober 2010
Korleis taklar hunden å gjere feil?
3 ulike måtar å takle feil på:
1.Vente til hunden tilbyr rett atferd og så klikke
2.Time out
3. Hjelper hunden
Ka er best?
søndag 3. oktober 2010
Runderingskurs
søndag 14. februar 2010
Viktige element i runderinga og kor er vi?
- "Trøkk" og utholdenhet i søket. Godt trøkk, men kan vere endå meir uthaldande
- En pålitelig melding. Her er vi i startfase
- Figurantsikkerhet (hunden mister sjelden figuranter som den har sjansen til å finne). Førebels sikker
- Hunden søker rett og langt nok ut. Langt nok ut, men ikkje alltid rett. Her har eg arbeid å gjere
- Bra flying (minst mulig stopp på midtlinja under søket). Veldig god flying
- God og positiv styring/kontakt med hundefører på midtlinja. Slik det har vore i det siste, er eg nøgd her
- Hunden kommer rimelig kjapt på innkalling (men ikke hvis den har ferten av figurant). Ok her òg
Her bryt han opp eit perfekt runderingsslag i fleire deler (Ekko i kursiv denne gongen òg):
- Hunden bør søke minst 50 m rett ut (gjerne litt på skrå framover i tillegg) Vi er nok litt ustabile i kor langt ut vi går, men eg trur han vil gjere det. Bør kanskje begynne å bli meir merksam på avstanden. Han kan bli for langt på skrå for han greier ikkje heilt å vinkle seg ned mot 90 grader når han passerer meg. Farten er så stor at han retter seg opp eit stykke lenger ute. Eg må finne ein måte å få dette til på.
- Hunden må ikke være overdrevent sporfokusert. Her syns eg han har blitt betre. Syns han bruker meir overslaget enn nasen i bakken.
- Hunden bør lete bare passe lenge på hvert utslag, og heller trekke inn mot deg rimelig snart hvis den ikke finner noe 50-70m ut (uansett om du roper eller ikke). Vi trener altfor sjeldan på blindslag. No når Ekko har fått opp iveren igjen, må eg hugse å ta det med i planlegginga
- Hunden må ha en bra innkalling. Når spornasen har oppdaga dyrespor, er ikkje innkallinga den beste, men på det jamne er den bra.
- Hunden må ha lært å trekke korteste vei rett inn til deg på midtlinja (ikke korteste vei inn til stien, og deretter løpe stien fram til deg). Her syns eg Ekko er flink.
- Hunden bør ha en bra flying. Ekko elskar flying. Det å jobbe utan å bli avbrutt av meg er toppen :).
mandag 30. november 2009
Atferdsproblem og førebuing til nyttår. To artiklar
Dei vanlegaste problema er:
- Fryktaggresjon mot andre hunder
- Separasjonsproblemer
- Frykt, angst eller fobi for lyder, hendelser eller steder
- Oppmerksomhetssøkende
- Fryktaggresjon mot mennesker
Så var det nyttår. Tips frå Manimal når det gjeld det store smellet. Les atikkelen her.
søndag 15. november 2009
Burbruk
tirsdag 24. februar 2009
ID-spor - ein artikkel
lørdag 21. februar 2009
Nye artiklar
- Burleker - utvikling av motivasjon og selvkontroll
- Hvorfor baklengskjeding?
Du kjem til artikkelen via teksten her, eller ved å trykke på setningen under gode artiklar
lørdag 14. februar 2009
Rundering, ID-spor og tur.
Ekko skulle ut på enkeltslag. Figurantane var Jan Inge og Gro N. Det var liten fert i lufta så eg måtte bruke lyd. På første slag sprang han perfekt ut. Rett i leik hjå Jan Inge. Flott. Neste utslag gjorde han ingen funn på. Det tok vi som eit blindslag sidan han kom inn. Så kom det nokre slag som ikkje var særleg gode. Dei to siste var fine. Særleg det siste, der han stopper heilt opp og står i ro til han har ferten av Jan Inge. Dei to siste slaga var nærmare enn 50 meter.
Det har så lett for å bli at vi låser oss i gamle uvanar og feil innlæring når ingen av oss er ekspertar. Eg kjenner at eg i ein periode har tenkt at eg går for seint fram og så gått i den andre grøfta: for fort fram. Las difor raskt gjennom Køste & Egtvedt sin artikkel om innlæring av rundering før eg drog i dag. Og når eg oppsummerer det eg gjorde, kan eg nok godt gå eit par hakk tilbake igjen.
Køste og Egtvedt:
Målet er at hunden på kommando skal løpe 50 meter rett ut, deretter bue framover og komme mot fører som deretter sender hunden direkte over på andre siden av midtlinjen. Slik fortsetter søket til hunden finner en figurant.
og så nokre poeng undervegs mot dette målet:
- Hunden skal sitte på plass og vente på å springe ut til du sier kommandoen. Men du bør først ha trent en del "skogslydighet" før du begynner med for mye av dette. Det er viktig at all kontroll i runderingsløypa er 100% positiv. (Takk for at du stoppa meg med maset om utgangsstilling, Gro). Ved å trene alle momenter på forhånd slipper du masing og korrigeringer i forbindelse med søket.
- 80% regelen. Hvis du ser at hunden begynner å tvile og bøye av for tidlig, skla du snarest sette figurantene slik at hunden enkelt greier å springe rett ut (dvs nærmere eller mer synlig). Dårlige utslag skal ikke forekomme i runderingstreningen! Vel, i paksis er det selvfølgelig vanskelig å trene feilfritt, men unngå i hvertfall at hunden får sjansen til å gjøre feil to ganger på rad. Hvis du ønsker en politelig rundering, er det viktig å legge opp treningen slik at hunden har en så liten feilprosent som overhodet mulig.
- Det er en god regel å telle antall vellykkede utslag når du trener rundering. Du bør gjøre ditt ytterste for at minst 4 av 5 (8 av 10) utslag er helt perfekte. Det eneste du skal regne for perfekt er at hunden går snorbeint ut og finner figuranten ved første forsøk - alt annet regnes for mislykket. Hvis du greier å legge opp treningen slik at du følger denne formelen, er det forbausende hvor fort du kan avansere i treningen. Imidlertid er det dessverre ikke uvanlig å se hundeførere som sender hunden ut både 3 og 4 ganger før hunden endelig går helt ut til figurant (75%feil og 25% suksess). Dette er en meget effektiv måte å lage dårlige runderingshunder på.
Alt i kursiv er utdrag frå denne artikkelen.
Ein av grunnane for at eg skreiv så mykje, er at eg treng det. Ekko sprang med fryd mellom figurantane og forflytta seg framover då vi kjørt "flying". Så begynte enkeltslaga og eg blei sikkert meir stressa. Eg trur eg må ta eit steg tilbake. Kanskje starte med eit par nære der fokuset er beint ut, så auke avstanden igjen. Meldetreninga og utgangsstillingen skal eg kjøre for seg ei stund til, kanskje dra til skogs å trene det slik at det ikkje blir på ein fotballbane, asfalt, men i det spennande miljøet. Eg må ikkje gjere rundering til eit mas for hunden.
Eg gler meg veldig til runderingskurset vi skal ha i mars. Reknar med å få tips, hjelp og mykje lærdom då ;)
---
Etter at Ekko var ferdig med å rundere, blei eg med som figurant for Caos og Trofast. Eg hadde med meg fotoapparatet i dag for eg tenkte eg skulle få tatt litt bilete av alle dei andre hundane. Men rakk eg det.... Skulle jo hatt eit av den skjønne Caos. Han var kjempeflink på ID-sporet, men kom så fort på meg at eg ikkje rakk å knipse han. Men Trofast greidde eg. Her har han fått ferten av meg. På slutten skulle dei fleste heim, men heldigvis kunne Gro og Gro stille opp for eg hadde tenkt Ekko skulle få to ID-spor. Han hadde vore i bilen i mange timar. Første sporet gjekk kjempefint. Falskt spor gjekk til høgre og rett spor til venstre. Neste spor blei eit lurespor. Då skulle falskt spor gå rett fram og rett til høgre (Ekko er van med at det ofte er falskt spor som bryt av og rett går framover..). Diverre såg eg ikkje merket for delingen av spora så Ekko fekk gjere funn på falskt spor. Tok han tilbake til start, fekk han til å lukte på votten til Gro N. Vi gjekk til krysset og no begynte han å snuse veldig og tok avgarde til høgre. Eg må nok òg trene meir på dei ulike variantane av deling av spor. Så sjeldan som han går spor, må eg passe meg for at dei ikkje blir like.
Etter at både Maja og Lotta òg hadde fått prøvde seg på ID-spor for første gang, gjekk vi tur. Jentene var litt småskeptiske til den brumlebassen som villle leike med dei, men det gjekk fint. Sjølvsagt låg fotapparatet i bilen då hundane sprang laust.
lørdag 7. februar 2009
Kan eg hente nokre treningstips, mon tru?
Kjed saman delmomenta
Eg har fått noko å tenkje på og arbeide vidare med etter denne blogglesinga ser eg.
søndag 1. februar 2009
Så mykje spennande lesestoff der ute..
- Beskrive eksakt ka det er hunden skal gjere (eksakt ja, her har eg forbetringspotensiale)
- Planlegge korleis treninga til hunden skal foregå
- Beskrive eksakt kva eg sjølv skal gjere når eg trener hunden (oopps....)
- Planlegg korleis treninga mi skal foregå (korleis eg skal lære å gjere rett) (hm..)
- Tren meg sjøl
- Tren hunden
Som i alle samanhengar så er ikkje alltid det å vite ka ein skal gjere, det same som å gjere det. For å utvikle meg som trenar, er det viktig at eg deler opp målet i små delmoment og får tilbakemelding på akkurat det momentet eg held på med. Å gje ei tilbakemelding som lyder som: "Jo, du holdt fokus bra, men går som ei ku" er dårleg tilbakemelding når det er fokuset du spurte om. Gåinga er eit anna moment og var ikkje eit treningsmål akkurat no. Vi menneske har altfor lett for å gje tilbakemelding som heildekningsteppe (vi tilbakemelder på alt) eller om lengda på håret, når vi spurte om sløyfa (den var så vanskeleg å kommentere for vi likte den ikkje...)..
Eg må altså få treningsvener til å "TAGteache" meg, dvs gje meg tilbakemelding på akkurat det eg ber om, og i rette sekund. Forfattarane gjev oss ei sjekkliste for å trene oss sjølv effektivt:
- Øv på ein sak om gongen (nå snakkar vi om den tobeinte)
- Gje deg sjølv tydelege instruksjonar
- Få kort og konsis tilbakemelding som svarer til instruksjonen
- Ver observant på kjenslene dine. Du skal ha det det kjekt på treninga.
Dei avsluttar med ei utfordring som eg må tenkje meir på, men som eg gjerne sender vidare til lesarane:
- Tio saker jag er himla bra på när vi tränar
- Fem saker som jag ska träna mig själv att bli ännu bättre på
-----
Det var Hundtränaren. Men eg har jo surfa litt på morgonkvisten og då finn eg både det eine og det andre til ettertanke. Fanny filosoferer litt over høg forsterkningskvalitet kontra høg forsterkningsfrekvens. Ho stiller spørsmålet: Belønne fordi du vil eller fordi du må? Interessant. Maria Hagström er inne på det same, men har òg eit anna emne som eg tok til meg. Kor godt kan hunden din kommandoen? Kor godt treng han å kunne den? Prøv ut kommandoen i heilt andre settingar enn vanleg og sjekk ut. Dette var diskusjon på eit konkurransekurs ho har hatt nyleg. Og ho stiller spørsmålet: Kan hunden krype viss du står langt i frå og ber om kryp (når det til vanleg alltid har vore fellesdekk i ein slik situasjon), ka om du ber om dekk ved sida av hinderet osv. Altså kor godt kan hunden overføre det den kan til andre situasjonar? Vil du lese ka Maria skreiv, sjå her.
Du så spennande hundelivet er ;). I dag skal eg prøve å få bakbeina til Ekko i kassen. Har sett meg eit lite delmål: Premier på motsatt side av hunden. Får eg det til, får kanskje han og til det han skal. Og i kveld må eg vel oppsummere treningsveka.
lørdag 2. august 2008
Burleken
tirsdag 17. juni 2008
Hund på resept
Men så fekk eg nå roa meg, funne kaffikoppen og var klar for lesing. Og gjett om det blei opptur? Her er artikkelen for dei som ikkje las avisa i går.

.jpg)