Viser innlegg med etiketten apportering. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten apportering. Vis alle innlegg

mandag 28. mars 2016

Vi lever enno

Det har vore to travle år med mykje skriving og lesing, men ikkje eit ord her.

Men no prøver eg igjen.

Kva har så Ekko og eg drive med sidan sist? Jo, det same som før. Ekko blir fast trent med rundering og spor. Han elskar å få oppdrag og vil gjerne løyse dei på sin eigen måte. Eg har i periodar prøvd på korleis han kan ha det som pensjonist, men det har han ikkje særleg forståing for. Utan trening blir han rastlaus.

Rundering.
Vi trener stort sett rundering om laurdagane. Som regel plar Ekko springe ut som ein unghund og midt i løpet oppdagar han at han er gamal og må ta det med ro. Men når han kjem fram til figurantane er det kjempegøy med drakamp. Etter nokre slag plar han melde frå til figurantar at han vil ha kos og godbit for å ikkje slite seg heilt ut.
Eg bruker ikkje fastbittet då det stadig blir øydelagt, men eg varierer mellom lausbitt og rett i belønning. Han er aldri i tvil om ka han skal gjere så det er mest dagsformen som pregar resultatet.

Spor.
Den største lukka på jord er å gå spor i utmark. Då kan han gå lenge og gjev ikkje opp. Asfaltspor er passe kjekt. I det siste har han fått blanding av asfalt og gras og det har friska opp sporet.

--
Det å ha ein hund på 11 år er sjarmerande og gjev meg litt grublerier. Han må oftare ut for å tisse enn før. Han er blitt veldig rutineprega. Tidleg i seng og tidleg opp. Hoftene, som eg fekk beskjed om kunne skape store problem for han alt i ungdommen, er ikkje eit problem enno. Men han vil ikkje vere aleine heime. Han vil vere der eg er. Heile tida. Det tyder at han meir enn gjerne vil bu i bilen i staden for å sove i "silkeseng" heime når eg arbeider. Merkeleg skrue.

Ekko lever eit lukkeleg liv der ungane i gata roper på han og klappar og koser med han. Vi møter gamle og unge som har eit forhold til han og som pratar litt med meg òg.






onsdag 21. juli 2010

Vi er i gang igjen

Skal seie tida har gått fort. Eg har ikkje tatt meg tid til å blogge her på ein månad.

Dei siste tre vekene har eg skrive i Ferdaminne om ferieturen til USA. Men no er vi tilbake i trening igjen. Henta Ekko på måndag og kjørte rett til området vårt på Sviland. Her var gjengen og Ekko var i storform. Dette var kjekt! Han ville trene heile tida. Vi trente på apport. Hente og avlevere. Litt slapp avlevering, men stor iver for å hente.

I dag har vi trent saman med Marit, Jan Inge og Elisabeth. Målet mitt var å fortsetje med apporten. Halde på iveren og få til litt betre innkomstar. I tillegg skulle det trenast på buret.

Ekko fekk ny leike til drakamp i dag. Det var storveis. Han kunne gjere mykje for den :). Iveren var her framleis. Skult apport òg kjekt, men eg har slurva for mykje med å halde apporten til eg seier takk. Det blei betre, men eg er ikkje nøgd.

Buret går så det susar. Han spring inn. Eg fekk lokke og han ligg fint medan andre trenar og eg kan gå i frå han. Må trene meir på det så det blir stødig. Ikkje heilt til å stole på enno. Ekko har ikkje lyst til å ha pause. Han vil trene heile tida så her måtte det trenast litt på å vere passiv.

Vakre Bella
Heime er Ekko veldig kjælen og roleg. Han storkoste seg med å kome heim etter langtidsferie. Gata måtte overvåkast nøye. Alle luktene sjekkast ut.

Faya trener


Faya trener
Vakre Faya

Fart


Ekko har ballen. Faya måtte gje tapt


Punky på veg inn

mandag 22. juni 2009

Fin treningsøkt i sommarsol

I kveld var det strålande sol på området. Vi skulle trene på:
  • bli liggande på teppet
  • luktdiskriminering
  • apport

Det blei det som var planlagt pluss "på plass". Ekko var begynt å slurve veldig på den. Dekka istaden for å sitje.

Først var det teppet. Denne tok han fort og gjekk og la seg då eg sa teppe. Greidde å vente på "fri". Det var leik som var premien. Innimellom sette eg meg slik at det blei pausetid for begge.

Apporttreninga starta elendig. Han tøffa avgarde og henta apporten, beit på den, kom inn og la seg fint i eit dekk... Gjekk over til å trene kun sitt og på plass. Dette blei premiert med leik. Etterkvart tok eg fram apporten igjen, gøymte den og sende han avgarde. No var det fart og fine innkomstar. Veldig bra.

Luktidiskriminering slit eg med. Det går fint dei første momenta, men når det blir avstand har han lett for å ta det i munnen og apportere. Fekk trent litt, men ikkje nok. Han toucher egget, set seg mot meg osv. Eg skal ha bort koss han sitt difor trente eg på sjølve nasenkontakten med egget. Litt pirkearbeid, men det går vel bra til slutt ;)

Etter treninga gjekk vi ein fin tur med hundane. Ekko fekk her trent på å gå fint i band.

fredag 21. november 2008

Oops! He did it again....

Eg drog tidleg til området i dag. Hadde tenkt å ta litt snøbilete og leike med dyret. Det begynte godt....

Ekko koser seg i snøen

Kjempekjekt med fart.
Hm.. her luktar det spennande
Her er villdyret på veg langs gjerdet for å finne det svake punkt... Og det fann han... Ved porten er ikkje gjerdet tett. Fløyte og rop prella av. Han var på jakt. Då eg skulle legge spor etterpå, såg eg hare/kaninspor så det var vel det som blei for sterkt. Han kom heldigvis tilbake.
Då eg hadde roa meg og dei andre var komne, innsåg vi fort at det ikkje blei normale treningstilstandar. Her måtte vi ha hundane i langline. Dei var gira alle tre. Snø, snø, snø!
Eg trente på:
  • Holde fast. Trener på å få Ekko til å bruke bare bakpart. Fanny gjorde meg merksam på at han brukte mykje frambeina. Han held godt så det krev si kvinne å gje motstand. Brukte drakamp gjennom alle øvingane.
  • Apportering. Han henta apporten og avleverte, men sekundet etter er fokuset i snøen. Vanskeleg å få han til å halde fokus.
  • Utgangsstillingen. Her jobba han godt sjølv med feilmeldingar. Ingen lyd i dag.
  • Fri ved foten. Her jobba han òg godt. Torhild gjekk bak og hadde kontroll på bandet. Ganske festleg då eg begynte å springe ved avlevering av godbit.
  • Og siste utfordring var spor i snø. Eg hadde gått eit langt spor på kryss og tvers i skogen. Det låg ingen godbitar i sporet. Undervegs mista eg (ufrivillig) ei vott. På slutten låg det to-tre godbitar. Sporet låg mellom 2 og 3 timar før han gjekk det. Spennande å kunne sjå akkurat kor eg sjølv hadde gått. Ville han følgje sporet korrekt? Svaret på det er tja. Han forsvann litt ut i starten. Såg dei berømte harespora like ved sida av litt akkurat då. Men stort sett gjekk han fint i sporet. Det kom vinddrag i blant. Og som god overvèrshund, ville han ta snarveg til sporet mitt lenger inne i skogen. Men det gjekk lett å få han innpå. Eg plukka merkebånd langs vegen. Noko han oppdaga og prøvde på det same ;-) (eg hadde visst plassert dei i passe høgd). Brått stoppa han og begynte å grave i snøen. Fram kom hansken min! Premie! Så vandra vi vidare til slutten. Her blei det ei lita feststund. Eit kjekt spor å gå. Men kor langt det var? Over 500 meter i alle fall.

Anne Lise og Scotty koser seg i snøen

Era er klar for apportering. Her sit ho saman med Anne Lise og ventar på kommando frå matmor.

Eg er på veg

Obs! Eg blei ivrig. Ville så veldig til matmor at apporten blei igjen i snøen -------------
Her er noen glimt av det vakre vinterlandskapet vi hadde rundt oss:

søndag 16. november 2008

Bort med snillisme og inn med krav!

Er det nokre som trur at eg er litt sein i avtrekkaren og les Rune Gerhardsens kamptalar nokre år forsinka, så tek de feil. Eg har vore på kurs med Fanny Gott.

Denne helga har Fanny Gott og Thomas Stokke frå Klickerklok hatt kurs med 12 ekvipasjar og fleire observatørar. Ekko og eg var aktive deltakar. Eg var på den gruppa som fekk Fanny som instruktør.

På laurdagen hadde vi ein presentasjonsrunde der vi skulle seie noko om måla våre og ka vi ville jobbe med. Var ikkje heilt førbudd på å ha tenkt gjennom ka eg ville jobbe med. Tenkte vel eg kom til eit ferdig program. Men etter som presentasjonen gjekk framover, var det tydeleg at det var bruksfolket som sat her. Og det Fanny oppsummerte med og som vi alle trena på, var kjempegreit for meg. Ho tok oss allereie då ei lita stripe for at vi set oss for låge mål.

Burleiken
Første utfordring var burleiken. Eg var litt spent på den for Ekko har eit litt traumatisk forhold til bilburet. Han har blitt mykje betre i det siste, så eg var, som sagt, spent. Stoffburet vi har på kjøkkenet, er han godven med så eg reknar med at det bare er litt innsats så er burleiken på plass òg i bilburet. John tok fleire bilete av oss under treninga. Kjempekjekt. Dei skal eg bruke ved eit seinare høve, men her er han i alle fall frivillig liggande i buret.

Vi brukte mykje av pausetida til å trene han inn i buret. Det var på veg til å bli svært så negativt. Eg bestemte meg då for å la han gå i bilen mellom kvar økt på sundagen. Dette er noko han er trena på, så det gjekk greit. Men eg skal trene inn at han spring frivillig inn i buret på treningsplassen etterkvart. Ei skikkeleg praktisk øving å ha med seg.

Vi trente saman med Karin, John og Trofast. Trofast hadde tydeleg vore på kurs før, så han kunne det der med buret.

Øktene skulle vere på 3 minutt. Der er ikkje eg flink på treningsplassen. Blir fort for lange økter.

Fri ved foten
Neste treningsutfordring var fri ved foten. Første del var kjent for Ekko, nemleg å gå framover når matmor går bakover. Men så kom det nokre oppgåver som eg må trene på. Gå bakover med lange steg. Altså som om eg går fri ved fot framover. Eg kan gjerne halde eit høgare tempo enn det eg har tendens til (hm.. trur eg har høyrt den kritikken av Arne òg...). Når hunden ser på meg (det treng ikkje vere augekontakt) og går beint, klikker eg og premierer med godbit ved mi venstre side. Eg set òg opp farten slik at han må springe for å nå godbiten. Det var ei kjekk øving.

Etterkvart skulle eg bare premiere når Ekko såg mot venstre sida mi, så at han gjekk nære den. Deretter skulle eg vende (anten på den tradisjonelle måten, eller ved å ta eit steg mot høgre og gå framover). Eg prøvde med den nye. Gullguten gjekk strålande ved sida av meg. Trur all treninga på klossen har gjort han mykje meir medviten om bakparten sin.
Det som er viktig er at eg har trent på å få han til å gå beint, kontakten og attitude (utstrålingen, stilen) FØR eg vender. Det er jo greit å trene dette når hunden er framfor. Då ser eg han jo.!

Fellesdekk
Fanny brukte å trene inn fellesdekk aleine, utan alle hundane på plassen. Det ho starta med er å gjere hunden stødig på kommandoen "dekk/ligg". Startar med å få hunden til å legge seg, så litt omvendt lokking, gå i frå, få andre folk til å snakke til den, lokke, ta i bandet osv osv. Det er bare fantasien som stoppar ka vi trener på. Hunden skal til slutt kunne ligge stille heilt til han får ny kommando. Ekko kom til at eg kunne friste med ei leike utan at han skifta posisjon. Og det var til og med den nye, kjekke leika. Nøgd med den.

Eg måtte gå før tida på laurdagen, så etter at eg hadde reist var både klossen og innkalling på tapetet. Heldigvis skulle Squid(kvelpen til Fanny) få seg ei økt med "klossen" på sundagen. Den har eg filma.

Sundagen starta med fleire spørsmål og svar. Eg lurte mellom anna på korleis dei brukte "fri" som kommando. Hjå Fanny tyder det: Du kan nå gå ut av posisjonen. Hundane plar få ein godbit når dei gjer det. Denne deler ho ut ved sida si, altså kjem hundane ofte fram til henne når dei er ferdig med elementet dei var i. Ho bruker nok meir "versegod" når det er lov å springe fritt, spise godbitane langs bakken osv.
Vi bør tenkje gjennom ka det er vi vil ha kommando på. Ka treng du? Td er det jo praktisk at ein hund kan tisse på kommando. Ikkje alltid vi har tid til å vente til den finn den rette busken... Leiker skal til dømes ikkje takast før kommandoen "ta den" kjem.

Eg fekk nokre tips om det å trene inn pinnane i sporet. Skriv om det når eg skal begynne på det i treninga vår.

Når hunden ikkje gjer det som er rett, den slurvar kanskje. Ka då? B Bailey sa visst at vi skulle stille oss to spørsmål:
- ka tener hunden på å gjere rett? (belønningskvalitet..)
- ka kostar det å gjere feil? (Tapar hunden noko særleg. Eller tener han det fort inn igjen?)

Eit anna spørsmål er jo om det eg gjer fører til at det blir betre? Viss ikkje, bør eg ikkje endre på noko?

Apport
Vi starta innlæringa av apporten med å få hunden til å gripe rett bak hoggtennene. For å få til dette måtte vi få hunden i jaktleik. Dvs få hunden til å gripe om leika OG halde den. Nokre hundar treng litt tid med leik før ein kan begynne på sjølve øvinga. Her har vi Dea som på perfekt vis grip og held fast gjenstanden Kari held framfor seg. Dea legg trykket på flott på bakparten og sig til slutt ned i sitjande stilling. Akkurat som programmert.
Når vi har fått dei til det, kan vi prøve å sleppe taket forsiktig i gjenstanden og gripe den igjen. No skal ikkje hunden slippe taket når du gjer det. Slepp den taket, lag litt ablegøyer med gjenstanden. Jippi du vann!. Etterkvart skal du kunne drive med mykje forskjellig utan at han skal slippe. No har hunden fått eit godt grep.

For å få ein hund som leverer tydeleg i handa, er det smart å trene inn. Det gjer du ved å trene inn target i handa. La hunden sette snuten i handa, klikk, godbit. Deretter skal ein gjenstand vere i munnen når han gjer det same. Hunden skal ikkje sleppe før du seier "takk". Kroppsspråket ditt kan fortelje om det er ein levering av gjenstand i handa eller om det er utgangsstilling du vil ha. Men det kjem etterkvart.

Budføring
I brukskonkurranse har vi budføring. Her skal vi få hunden til å gå mellom førar og ein figurant. Vi startar med å klikke straks hunden ser mot figuranten ( det er figuranten som klikkar då). Hunden spring til figurant og får godbit. Snur han og går mot eigar. Nytt klikk. Osv.

Gå framfor i line/ framsending
Dette var ei vanskeleg øving. Det er heilt utruleg kor flinke hundar vi har når det gjeld å beundre oss. Ekko sat, stod, la seg osv. Alt med blikket mot matmor. Og denne gongen var oppgåva å sjå ein annan veg...
I denne bruksøvinga skal hunden gå framfor oss. I klasse D og C skal det vere framfor i line, i B og A skal dei gå framfor oss, kunne galoppere mot ei gruppe for så å fortsetje i sakte tempo forbi. Alt dette framfor oss...

Men altså starten på øvinga - få hunden til å vende blikket framover. Vi fann ut at utgangsstillingen var til god hjelp. Særleg viss han såg framover før han sette seg ;-). Vende hunden blikket framover, kast godbit mellom øyrene på den (og klikk). Her var det ein fordel å klikke like etter at godbiten hadde forlatt handa og var i lufta. Den var kjempevanskeleg for oss tobeinte. Poenget er at vi ikkje treng ein hund som snur seg for å sjå etter godbit. Fortsett slik og premier om han ser framover etter å ha spist første godbit. Til slutt skal du ha ein hund som går beint framfor oss.

Dekk.
Ekko ville ikkje presentere dekk medan eg gjekk bakover. Han slo til med stå og sitt (+pluss utgangsstilling i mengder. Mange dagar med det gjer sitt..). Fekk då tips om å få til kjappe dekk utan at eg rygger. Med leika bak på ryggen, blei det opp til fleire flotte før vi måtte slutte for helga.

Mens alt dette føregjekk framfor nasen på Dea, viste ho at ho kunne det her med å slappe av i buret mellom øktene. "La hundar og menneske gå forbi. Eg bryr meg ikkje."

---
Vi var som nemnt først, delt i to grupper. Og den gode treningsgjengen har vore fordelt på begge gruppene så no reknar eg med mange flotte innspel i framtida.

Det eg sit tydeleg igjen med er at eg er for snill. Ekko får godbitane for lett. Eg må auke kriteria. Han kan få til mykje meir og i kjappare tempo enn det eg ofte trur. Eg håper logg skrivinga fører meg framover meir medviten. Ser at i ein trøytt kvardag blir eg altfor lite reflektert. Å trene hund er jammen ein heildagsjobb...

Her har vi Fanny som lærer Squid klossen.

mandag 1. september 2008

Utgangsstilling -target på fingeren

Ekko har altfor mange skeive sitt i utgangsstilling så eg ønskte å gå tilbake til null og trene det som om han ikkje kunne det frå før. Fann fram "Lydighetstrening i teori og praksis" og sette meg mål for kvelden.

Måla var:
  • Target på fingeren utan å ville ha fingeren i munnen
  • Å kunne bevege seg etter target
  • Halde fast på ein gjenstand (dette for å løyse opp i ei øving som kunne bli vel pirkete)

Vi var veldig flinke og kom i gang kl 1730. Torhild og eg jobba saman. Første økt skulle Ekko kun ta snuten borti fingeren. Torhild skulle klikke. Det blei mange gode der han brukte nasen og ikkje munnen. Verka som om treninga eg hadde gjort litt tidlegare på dagen, hadde gjort susen.

Neste økt flyttar eg fingeren litt. Han følgjer, men no kjem munnen oftare fram. Når han har toucha fingeren stopper Ekko. Blei usikker der for skal dei ikkje følge etter så langt eg vil? Eller må eg alltid halde fingeren så langt framme at han ikkje kjem borti? Må sjekke ut den der (tar gjerne i mot kloke råd). Ekko blei meir frustrert i denne økta.

Tredje økt var likeeins. No ein del gode, men òg fleire der han vil ha heile handa mi i munnen sin.

Etter pausen opna slusene på himmelen seg og det blei litt surt å trene. No tok eg apportbukken fram. Ville trene på at han skulle halde. Her var han flink. Og morsom då apporten ramla framover i munnen (men han greidde å halde den fast) då eg frista med godbitar rett framfor nasen hans.

Siste del av treninga fekk han prøve target på ein gjenstand som Torhild holdt høgt og lågt. No var det for meg å klikke dei gongene han ikkje var borti med tennene. Ser at det er ei utfordring eg må trene mykje på.

Og kvifor står det utgangsstilling som overskrift når eg bare har skrive om target? Jo dette er første skritt for å lære utgangsstillingen igjen. Neste steg er inn til veggen med hunden bak og føre han fram og til å setje seg ved sida mi. Eg vil samstundes trene på bakpartskontroll med klossen. Har lese om att det som Morten E skriv i bloggen sin. Gode tips der.

Eg har til og med greidd å skrive treningslogg idag. Ikkje verst. Der ser eg at Ekko ikkje er 80% på target på fingeren så her må eg ikkje setje kravet for høgt enno.

Inspirasjon til apporttreninga?

Fekk bare lyst til å tipse om siste blogg frå "Kreativ trening". Her får hunden fleire freistingar, men held fast på apporten. Bare sjå her. Så stødige får vi vel våre hundar òg?

onsdag 30. juli 2008

Varme dagar og varme hundar

På måndag begynte vi treninga kl 20 for vi var redd for at kl 1730 ville bli i varmaste laget for hundane. No i juli har vi vore ein fast liten kjerne. Det er veldig koseleg for vi har då vore i lag om treninga av kvar hund. Det vil seie at vi har hatt ein hund ute om gangen og alle fire har hjelpt til. Då har vi hatt freistar, haldar, fotograf/filminnspelar og eigar. Sjå filmar i Elisabeth og Faya sin blogg.
Vi fortsette treninga på det vi jobba med veka før, nemleg: helsing, innkalling og hente/apportering av gjenstandar.

Hundane storkoste seg med å trene, men vi tok det roleg i varmen.
Her startar Torhild med å få kontakt og fokus på Era.

Era og Torhild starta med helsing. Torhild ønskte at Era i denne omgang ikkje skulle få helse, men øve på å sitje fint når folk kom bort og snakka med matmor. Era var veldig flink

Vi tre andre ville fortsetje med treninga av kommandoen "helse". Oppgåva då er at hunden er i band og saman med eigar. Ein av figurantane leiker "freistaren", dvs lokkar på hunden. Hunden skal trenast til ikkje å dra i bandet for å nå fram til freistaren, men først sjå på eigar for å få kommandoen "Helse". Nå kan òg eigaren velge ikkje å gje denne kommandoen, men så langt har vi ikkje kome.

Her ser vi ei ivrig Faya. Ho vil til Silje og kan ikkje forstå at ho ikkje kan springe med ein gong. Det er gøy å sjå kor fort dei tar teikninga. Ekko såg på meg kjapt denne gongen.

Her er Pia som har vore flink og tatt kontakt med Silje og som premie får ho springe til Elisabeth for å få godbitar.

Innkallingstreninga gjekk så det suste for alle fire. Era hadde eit fantastisk blikk bort på "freistaren", men tok seg saman og sprang fort til mor. Dei to neste rundane var ho ikkje i tvil kor ho skulle. Pia kjem som ei kule når Silje fløyter. Ho spring til og med utanom freistarane for å unngå oss. Faya er òg eit olja lyn når det gjeld å kome på innkalling. Dei andre bruker fløyte. Ekko er ikkje trent på det, så eg brukte røysta. Men eg trur eg vil ha fløyte og trene på det eg òg.
I dag kom han utan å la seg friste. Eg hadde pipeball og då måtte han bremse ned for ikkje å springe på meg av glede.

Å hente ulike gjenstander som er kasta ut på bakken, er interessant. Hundane liker tydeleg ikkje å hente ting som ikkje er hundeleike/apportbukk. Halsbånd og klikker var ei utfordring. Men etter nølande forsøk, kom dei òg.
Era blei så ivrig at ho tok fleire gjenstandar i munnen på ein gong. Ekko tok leverposteituba forsiktig i munnen og avleverte. Han strevde veldig med å levere selen sin. Faya hadde trent enormt heime. Nå blei den eine gjenstanden etter den andre henta inn. Det einaste var leika til Chico. Den oversåg ho.

-------
Tysdag var det i varmaste laget. Vi måtte vente til seint på kvelden før det var aktuelt å gå tur, men vi hadde litt trening av burleiken inne.

Natt til i dag, sov eg uroleg på grunn av varmen. Eg registrerte òg at det låg ein pesande hund på golvet. Han hørtes ikkje ut til å ha det bra. Eg prøvde å tvinge i han drikke utan at det hjelpte. Tok eit handkle og la det i kaldt vatn før eg brukte det på hunden. Det var tydeleg at det var godt då eg la det rundt han og koste med han.

I dag har han oppdaga leiker han ikkje har brukt på lenge. Eg skulle bruke dei under leveringstrening. Det blei interessant og lærerikt. Straks han såg ei kjekk leike på golvet, begynte han å leike med den. Eg sat der med handa ut for å ta i mot. Men ingenting blei avlevert. Tok då opp alle dei andre gjenstandane, la dei på plass og gjekk på arbeidsrommet. kort etter var det stille med leiken. Eg kunne kaste ut leiker på nytt. Og som første gjenstand leverte han den gjevaste leika. Kjempeflott. Men så oppdaga han ei ny kjekk leike. Han stakk av med den. Eg gjorde som sist. Denne gongentok han seg inn fort og vi kunne begynne på igjen.

Han er blitt flink til å levere i flat hånd. Eg har ikkje brukt utgangsstilling på dette, bare levere inn det han finn. Vil at det skal bli automatisk for han at nå reg held ei opa hand fram skal han lever det han har i munnen.

Men elles var det FANTASTISK å gå tur i sommarregn i dag!

torsdag 24. juli 2008

Ei varm og roleg treningsøkt

Denne torsdagen var det Silje, Elisabeth og eg som stilte med hundane våre. Det var varmt og godt. Herleg å trene når temperaturen er så god.

Ekko og eg hadde hatt oss ein tur i Sørmarka før treninga så han var full av sorpe...

Programmet for dagen var:
  • Helse
  • Innkalling
  • Apportering på ulike gjenstandar, dvs kome inn med dei og levere i handa.
  • Felles tur.

Vi starta med å helse. Hundane blei heilt gira av å bli frista. Det tok litt tid før dei fatta at dei måtte sjå på oss først. Då Ekko forstod det, gjekk det fort. Viss eg trener ein del på den i mange situasjonar kan denne bli veldig kjekk å ha.

Innkallinga i dag gjekk så det suste. Ingen lot seg friste av den som lokka med leik eog mat i midten. Til og med Ekko sprang som ei kule. Grunnen til den store endringa var at denne gongen var det eg som hadde det sterkaste lokkemiddelet. Eg hadde nemleg fått låne Kvakki av Faya. Og gjett om Ekko har sakna den?! Eg må visst reise til Bergen og hente den. Vi gløymte den der.

Ei flott økt.

Tredje økt var å trene på å levere ting til oss. Vi kasta mange leiker, apportbukkar, halsband osv bortover asfalten. No skulle dei plukke og levere i handa. Silje tok ei hand med godbit og ei tom som Pia skulle levere i, Elisabeth ville ha apportleveringsinngang, dvs på plass. Eg hadde handa fram. Ekko visste godt om magerosten som var i nærleiken.

Dette var eit interessant studium av tre hundar. Pia er ein reser. Ho henta alt og leverte. Strevde litt med å ta halsbandet, men då Silje gav kommando om det så gjorde ho det òg.

Faya strevde litt meir. Det var ok med apportbukken. Den kunne ho hente, men alt det andre. Ho lukta på det og sprang fint inn til Elisabeth utan ein einaste ting. Elisabeth tok då og trente på å halde fast på ei og ei leike. Då gjekk det betre, men Faya var ikkje heilt einig i at dette var riktig måte å løyse oppgåva på. Apportbukk er apport! Til slutt blei det levert ei leike i flott påplass-stilling. Men halsbandet. Aldri.

Ekko hentar og leverer fint. Då vi begynte å bruke pipegrisen. Måtte han ha ekstrarunde før han kunne levere. Eg brukte den ein del til å få flyt i avlevering på takk. Det viste seg å vere vanskeleg for han. Dette var tydeleg ei kjekk leike. Til slutt avleverte han fint. Han òg nekta å hente inn hundehalsbandet.

Vi avslutta kvelden med å gå tur i lag. Alle tre hundane i band. Det var ikkje ein ståpels eller ein lyd frå dei. I periodar var dei til og med svært nære kvarandre, men ingen konflikt. Fantastisk kjekk avslutning både for tobeinte og firbeinte.

onsdag 23. juli 2008

Spor og apporttrening i varmen

I dag møttes Marit og eg på Sviland for å legge spor til hundane og trene apport. Det er varmt i dag og det var tydeleg på hundane.

Ekko starta fint med snutetarget på hånda mi. Det var for å minne han om at flat hånd betyr levere i hånda. Så kasta eg ein ball. Han henta og leverte fint. Det var fart på han. Etterkvart la eg ut fleire gjenstandar. Då tok han opp og la i frå seg. Det vil seie han tok den første, men fann på vegen ein han likte betre. Altså slapp han den første og tok den neste. Det var tydeleg at prioriteringa var ballen, kongen og kanskje siste gjenstand som var ein ødelagt fotball. Ballen blei fint levert, likeeins kongen. Men den siste var ikkje interessant å hente.

I neste treningsrunde skulle eg bruke apportbukken. Kjekt ved første kast, men deretter uinteressant. Han ville heller snuse og vimse. Tok ut ball med lyd. Veldig kjekt, men den ville han ikkje inn med.

Konkluderte med at avleveringa ikkje er i boks. Den må trenast ein god del på. Eg må altså ha fokus på snute i håndflata og levering av alle typer ting. Dei kjekke og dei mindre kjekke.
Han ville heller ikkje sitje på kommando etter som varmen tok på i dag. Ikkje hadde eg tolmod til å vente på det heller. Fy meg.

Sporet var ganske langt. Det var 40-50 minutt gamalt. Skogsbotn. I motsetnad til treninga tidlegare der alt gjekk i sakte tempo, gjekk dette fort. Han måtte stoppast fleire gonger. Ikkje fordi han var på villspor. Nei, på grunn av farten. Han fekk godbit i starten av sporet. Deretter var det bare lukta av meg. Det gjekk på sti utanfor sti, i mange vinklar. Han rota i ein vinkel. Då stoppa eg opp og lot lina vere slakk til han var innpå sporet igjen.
Konklusjonen her må vere å gå litt tilbake slik at han set ned farten igjen. Altså må eg tilbake til litt pølsespor, dvs pølser undervegs i sporet slik at han går seinare for å få med seg dei. Men elles verkar han ganske sikker på jobben sin når han reser avgarde. Skulle eg henge meg opp i noko anna enn farten, er det jo at han er flink på overvèret. Det såg eg i dag, der det viste seg at slutten ikkje var så langt unna ein stad vi svingte innom tidleg i løypa. Då var det ein som hadde nasen i i veret og var klar til å ta snarvegen. Heldigvis ante det meg at det var det som var på ferde så han blei stoppa i tide.

Elles går burtreninga sakte framover. Det nye buret er bare litt større enn det andre. Ekko syns det er tryggast å legge frambeina utanfor. I dag stilte eg med birkebeinerskinke og frista verre. Stilte meg framfor inngangen då han var på veg til å legge seg med beina utanfor. Då stakk han ut. Dette var for nifst. Men så var det den der skinka. Til slutt var labbane innanfor. Ein gong var bare litt utanfor. Då tillot han at eg dytta dei inn.
Nettet framfor opningen har eg fått lov til å ta på, til å legge laust ned, men då er det ikkje snakk om mange sekunda mellom kvar godbit. Den som hadde lært gullguten det då han var liten :-). Vi har nok ei god stund enno før buret kan takast med på trening og bli brukt der.

torsdag 17. juli 2008

Eg blir tullete i hovudet

Veit ikkje heilt om eg liker taktene i heimen etter at eg kom frå feriekoloni. Matmor har vore klistra til datamaskinen i fleire dagar. Eg har prøvd å få henne til å forstå at eg er her eg òg. Men det er som om ho ikkje høyrer. Heldigvis ser det ut til at ho har tenktå ta eit lite pust borte frå maskinen slik at eg kan kome til. Det h har arbeidd med er forresten reisebloggen ho har laga seg. Det var visst ikkje bare enkelt å skrive frå USA. Dei mangla bokstavar (stakkars dei) sånn at mor måtte kladde mykje å skrive det etter at ho kom heim. Reisebloggen finn du her viss du er forviten på ka ho har brukt tida til.

Men tilbake til meg og dagane i heimen.

Aller først eg er blitt kasta på golvet. Får ikkje sove i senga meir. Det verste av alt er at det var ganske greit å ligge på sakkosekken min.

Så var det treninga. Vi møtte Punky med familie på onsdag. Og etter det er det bare tull. Vi har fått ein trekloss i hus. Den skal eg visstnok stå med framlabbane på. Eg blir frustrert og set i gang med å klage. Ka er det ho vil? I dag bar ho opp eit bur òg. Vi treng ikkje bur! Ein ting er at eg ikkje får sove i senga, men skal ho stenge meg inne i buret i tillegg.

I kveld trente vi saman med Pia og Faya (og matmødrene deira). Det var den dumme klossen, metallapport og innkalling. Pia fekk til den der dumme treklossen. Eg lurer på kossen ho gjorde det. Prøvde å følge med frå bilen, men forstod ingenting. Metallapporten var faktisk kjekkare, men den er framleis litt ekkel. Dei blei litt imponert då eg greidde å halde den fast. Dei andre fekk leike med dummy og tre/plastapportar dei. Ikkje eg....

På slutten skulle vi ha innkalling. Det var kjekt for Silje stilte seg i midten og vifta med eit pipedyr. Så kjekt. Eg stoppa opp og ville leike. Men ho er jo ikkje heilt smart. Då ville ho brått ikkje. Ka var poenget med det? Så blei matmor litt sur og eg fekk ikkje pølse. Skjønar lite eg. Dette gjentok vi. Mor fløyta, Silje vifta med pipedyret og eg sprang til henne. Då forsvann pipedyret og det var bare fløyta til mor igjen. Den var jo grei den og eg sprang fort til henne. Men eg skjønar ikkje kvifor Silje ikkje ville leike.

Nei, eg får legge meg å tenkje på alt dette rare. Buret har ho heldigvis ikkje slått opp enno.

mandag 14. juli 2008

I'm back

Ja, det er Matmor som trur ho kan litt engelsk etter ferien. Eg held meg til det internasjonale hundespråket.

Men altså endeleg er eg tilbake. Eg har vore på feriekoloni (andre kallar det kennel) i 19 dagar. Ganske lenge ikkje sant. Då eg skulle dit hadde eg for første gong ikkje lyst. Ho som eig Vertshuset syns eg var rar for eg plar alltid kome springande til henne. Men eg syns det var vanskeleg å gå frå matmor denne gongen. Vi hadde vore saman heile døgnet i ein lang periode. Det hjelpte då ho eg skulle dele rom med, kom ut.

Mor sa etterpå at ho hadde sendt ein SMS til Vertshuset for å sjekke om alt var bra. Trur ho hadde kutta ut ferien bare for det. Meldingen frå Torill i kennelen var: "Han er i knallform! Har vært ute og leika og sprang rett inn i garden og logra då han måtte inn igjen :-).. hadde eit fanteblikk då han "tok av" :-)"
Då reiste matmor på ferie til USA. Eg er glad eg slapp å vere med. Tenk om eg måtte vere i bagasjerommet på flyet så mange timar som dei reiste?! Det trur eg ikkje eg hadde likt.

Dei såg mange hundar på ferien. Dei syntes at dei på landet som hadde mange mange jorder å springe på, hadde det bra, men det var veldig varmt i Amerika så matmor syntes synd på alle dei stakkars hundane som var ute og gjekk i den varmen. Tenk å vere stor hund i 35-40 grader!

Veit de ka? Det var fleire hundar som hadde straumhalsbånd rundt halsen! Tenk at dei gjer sånt. Det var til og med hundar som gjekk i band som hadde det. Det kan jo vere at dei hadde brukt det då dei sprang fritt. Men tenk å få eit støt kvar gong eg ikkje kom straks mor ropte. Hjelp! Eg har prøvd sånn eit bånd for lenge sidan. Eg skulle liksom bli sauerein, men vi fullførte ikkje kurset for ingen av oss likte det. Eg syns det er feigt av dei tobeinte å bruke slike metodar. Dei som trur dei er så glupe, kan vel finne på betre metodar!

Her er det tre hundar som er på veg til Central Park for å lufte seg. Eg hadde så lyst på eit bilete av ein hundeluftar med mange hundar, men trur du ho hugsa på det? Så det eg fekk i trøyst var dette. Ikkje hadde ho kjøpt noko fint til meg heller. Det einaste ho hadde sett som var smart der, var ei hundeseng og den tok visstnok for stor plass til å bli med heim. Pøh. Hadde ho villa så hadde ho fått det til. Men kanskje eg bare skal vere glad for at ho ikkje kjøpte dei der stygge halsbanda med seg heim.

I helga har eg stort sett kost meg saman med den tobeinte familien. Eg har bada og gått ein liten fjelltur.

I dag har matmor halde på med maskinen heile dagen. Ho ryddar visst i ein annan blogg ho har. Skal visst fikse og legge inn bilete frå ferien. Det tar altfor lang tid. Ho burde heller trimme meg.

I kveld har eg trent litt. Eg har trent på å avlevere gjenstandar som ligg ute på asfaltet (ho hugsa brått på at eg ikkje var flink til å levere under feltsøket før ferien) og så har eg prøvd meg litt på ein kasse. Skulle ha labbane på. Men koffor det? spør nå eg. Pia hadde tatt med seg matmora si så dei var òg med for å trene. Pia hadde trent litt på den kassen så ho gjorde rett med ein gong. Hm. Må tenke på den der.

Og endeleg fekk eg sånn "vom og hundemat" igjen. Det er SÅ godt at eg har problem med å greie ein skikkeleg på plass før maten. Eg blir så gira bare med tanken på ka eg skal få ete, at eg set meg heilt skeivt. Og når det er ekstra god mat, krev ho ekstra fin på plass. Å- det er vanskeleg!

Ekko

torsdag 19. juni 2008

Ei kjempefin treningsøkt i plaskregn

I dag var det bare å finne fram regntøyet for no hadde Vårherre bestemt seg for at det var på tide å vaske Rogaland. Men ka gjer vel det når vi har hundar å trene?

Marit og eg møttest på klubbplassen. Her skulle våre to retriverar få kjørt seg litt hadde vi tenkt. Utfordringane i dag var: Feltsøk, opp-plukk av gjenstandar, ID-spor og vi hadde tenkt trening på lausbitt. Men det kutta vi ut.

Feltsøk:
Her er både Ekko og eg noviser så dette var spennande. Vi tråkka opp området.
1. Eg henta Ekko og Marit gjekk ut og la frå seg ein gjenstand. Ekko var så ivrig at eg verken fekk tatt av han båndet eller noko før han var ute og henta gjenstanden. Han kom inn med den, men ikkje i reserfart.
2. Neste var lik, men no skulle han sjå på meg før han fekk springe ut. Det tok litt tid for Marit var kjempespennande å sjå på. Sprang fint ut og fann gjenstanden. Kjem ikkje heilt inn.
3. Marit gøymer gjenstanden bak eit tre. Ekko treng kortare tid før han tek kontakt med meg og får kommandoen: "felt". Direkte til funn. Veldig bra.

Andre økt:
4. Ein lik dei vi hadde før pausen. Gjekk veldig fint.
5 og 6. No er gjenstandane gøymt i høgt gras. Han blir sendt ut. Og gjer fort funn. Kjempebra.

Opp-plukk undervegs på tur.
Marit gjekk i den delen av tomta som har høgt gras og er uoversiktleg. Her la ho ut 4 gjenstandar. Så kom Ekko og eg. Han gjekk fritt saman med oss inn i terrenget. Og det tok ikkje lang tid før han har ferten av noko. Funn! Han greier alle 4, men oppdagar den 4. før han har levert inn den 3. Dermed slepp han den tredje gjenstanden for å ta med seg den fjerde.

Eg likte det eg såg av arbeidsinnsatsen hans på begge desse oppgåvene. Der vi har ein liten jobb å gjere før vi går vidare, er levering av gjenstand. Målet er fart inn og avlevering ved beina eller i handa. Eg såg han kom fortare inn då eg hadde leike, men han hadde litt for mykje lyst til å sleppe for å springe inn for å leike. Punky hadde flott fart inn. Noko slikt må kjekkasen min òg klare. Og så må eg samle på ulike kjedeleg gjenstandar i bilen slik at eg har. Ikkje fullt så lett å springe inn med leika si....

Siste økt var ID-spor.
Nå begynte vi å bli ganske våte, men både Marit og eg var gira for det var så kjekt å trene. Utfordringen når vi lagar spor, er å hugse. Ikkje lett å vere tobeint og ha dårleg luktesans. Marit skulle gå tre spor for meg og då må ho altså hugse kor ho har tenkt å ha funnstadane (dvs kor ho skal ligge) og korleis ho skal kome ut utan å øydelegge spora. Eg hadde same utfordringen då eg skulle vere figurant for Punky. Det er rart at det skal vere så vanskeleg. Vi legg merke til og syns alt er så klart og så endrar skogen seg i mellomtida... Men vi greidde oss ganske bra og fann postane våre. Eg var det sporet som skulle forvirre i starten då Ekko gjekk og Marit det same med Punky.

1.spor:
Ved sporstart låg ein votte som tilhøyrte Marit. Ekko skjønte teikninga straks. Gjekk med nasen ned og rett i sporet. Ei lita stund rota han litt, det viste seg å vere akkurat der Marit hadde gått litt att og fram for å finne plassen sin. Ekko fann ut av det og var kjapt på sporet igjen. Eit flott spor der han ikkje brukte overvèret, kun nasen.
2.spor:
Nå hadde eg votten i lommen, men han visste tydeleg kven si lukt han skulle bry seg om. Hadde eg ikkje hatt vit nok til å stole på hunden så hadde eg sagt at løypa var annleis, men han gjekk rett på funn. Nasen i bakken denne gongen òg.
3.spor:
Her begynte han å bli trøytt, men var samstundes gira. Eg såg fort at han var på veg ut i mitt spor. Fekk han tilbake og slengte votten i bakken (hadde gløymt det). Eit sekund etterpå var han kobla på og gjekk direkte på Marit.

Tre kjempefine ID-spor. Han går i passe tempo, det vil seie eg følgjer han greit. Det beste var at han ikkje fekk bruke overvèret denne gongen, men fekk vist at han kunne med nasen òg.

Etter at Punky hadde gått sine ID-spor, var vi einige om at no var vi slitne alle så det var på tide å reise heim og tørke oss. Ekko og eg hadde ei lita økt med leik før heimturen. Vel heime var det bare å vri av seg. Fy så våt eg var i beina. Men så kjekt det var å trene.

Eit lite PS: Ekko holdt fast metallapporten for første gong i går!

mandag 4. februar 2008

Sitt-dekk-sitt-dekk-stå

Nå er det min tur til å kome til orde. Matmor skulle liksom få skrive litt og ka skjer? Jo, ho overtek det meste. Skriv lange keisame artiklar. Og nå må eg kome med litt tilleggsopplysningar.

Ja, ho har drive på med blindslag utan at eg skjønar poenget med å sende meg ut der det ikkje er nokon. Men eg gjorde jobben eg, sprang ut, undersøkte eit stort område og kryssa linja igjen for å undersøke på andre sida. Den eine gongen hadde mor gløymt å forflytte seg. Tobeinte altså! Og veit de kva? Ho eg leitte etter stod på midtlina. Eg snudde momentant og sprang og fann henne. Men fekk eg premie? Nei då. Eg blei sendt ut på nytt. Den andre gongen hadde dei ikkje greidd å få folk tilbake på post då eg kom etter å undersøkt tomt område, gjort funn på andre sida og var på veg mot nytt område. Tobeinte treng både kondisjon og nokre hjerneceller. Trur ikkje mor er heilt tydeleg på ka ho vil. Men eg kjente at eg blei ekstra sliten av blindslag. Eg får vel innstille meg på at det kjem fleire slike framover.

Elles har vi trent på så mykje rart.

Snute på kjegle.
Veldig kjekt og lett-tjente godbitar. Men kvifor eg ikkje kan suse avgarde og plassere begge labbane på kjegla, forstår eg ikkje. Det var jo det som var stilig. Å sette snuten på var det ikkje sånn futt i. Men ho eig godbitane, så eg gjer meg.

Apport.
Den siste nye varianten er å dra meg etter apportbukken. Men eg held fast. Eg har forstått teikninga. Hold fast til mor seier takk. Enkelt.

Sitt-dekk-stå- sitt-dekk-sitt-dekk osv.
I dag var det eit mas med sitt og dekk i full fart. Litt morsomt òg for mor blei så glad då eg gjorde det fort. Og då eg gjorde det ekstra enkelt (som eg faktisk syns er vanskeleg), blei det mange godbitar. Det som er tydeleg, er det ho vil er at eg bare skal løfte frambeina når eg går fra dekk til sitt. Hm. Eigentleg er jo det ganske smart, men det andre heng igjen.
Brått slo ho til med eit stå då eg satt. Blei litt forvirra, men blei fort med på notene. Men eg får ikkje til stå frå dekk. Den blei for vanskeleg. Til slutt var eg heilt forvirra. Trur eg kjem til å drøyme om sitt og dekk i natt. Forresten dei der baconbitane eg fekk i dag - dei var gode! Meir av det!

Etter ein pause, fekk vi låne ballen til Faya. Den kjempekjekke oransje ballen. Eg skulle vise Anne Lise koss ein kan få til pangstå. Eg blir heilt gira, trør mor på skoa og går stivt. At ho skal vente så lenge med ballen?! Så kjem kommandoen og eg frys fast. Og der kjem BALLEN! På slutten terga ho meg. Ho sa stå, eg stod, men ho fortsatte å gå litt til. Det var rett før eg lurte på om eg hadde gjort feil, men heldigvis stod eg stille for då kom ballen. Sånn ball vil eg ha!

Vi fekk ikkje så lang trening som eg ville ha, for mor skulle på møte. Eg vil ha forbod mot møte om kvelden!