søndag 30. desember 2007

Det nærmar seg skrekkens kveld


Eg lever eit fredeleg liv med god julemat, griseøyrer, kaker, kosestunder med menneska og turar i det fri. Juleferie er verkeleg ei ferieform eg liker! Bare det ville vare lenge.... Men no har dei første signala på at freden er slutt, begynt. Eg skulle ein tur ut i kveld. Var bare komen rett utanfor døra, så smalt det. Brått måtte eg ikkje tisse lenger, eg ville inn. Koffor gjer dei sånt? Og dette er bare starten, seier mor. Hallo politikarar! Ikkje ver så feige, forby alt det der tullet!


Når eg ikkje er skremd, trener eg bittelitt. Mor greier ikkje å få meg til å forstå det der med teipen. Men vi gjer ikkje opp.

Matmor har funne dyreklinikken her vi er og har kjøpt ny klotang. Eg var spent på det der, men med ribbebitar som premie, blei alle klørne klipt. Slå den!


Nå skal dei tobeinte spele "oilboom". Det tar eg som eit signal på at eg snart skal begynne å vandre kvilelaust rundt. Då må mor gå frå spelebordet og gå tur med meg (he, he).

torsdag 27. desember 2007

Eg skjems

Jul er kjekt og frustrerande. Det blir laga mat heile dagen så huset luktar fantastisk godt. Eg held på å bli sprø i blant. Det blir lite kaker på meg. Trur matmor er streng på sukkeret. Og så Chico som meiner det er så godt... Men eg har fått ribbe, portersteik (den hadde forresten veldig god saus. Eg åt til og med potetene for å sikre meg at eg fekk i meg alt) krem og ja litt kaker har eg jo greidd å lokke ut av gjestene.
Det dumme med jula er at eg har blitt plassert i bilen av og til (men får mykje kos og mat når eg kjem inn igjen så det er bare ein forsiktig klage..). Det har visst vore allergiske gjester og gjester som er redd meg. Redd meg, liksom. Eg som bare vil kose og leike.

Innimellom all maten har vi hatt tid til bittelitt trening. Litt bakpart, litt lausbitt og litt meir "eg skjems". Kanskje eg skal lære det for at eg skal kunne seie eg skjems når eg har forsynt meg vel mykje? I alle fall er det teip på nasen og klikk når eg legg labben over snuten. Eg liker det ikkje heilt, men har etterkvart akseptert at ho set ein teipbit på snuten min. I går kveld trur eg at eg drøymde om det for dei seier eg stadig tok labben over snuten mens eg sov. Eg skal visst greie å gjere det utan teip, men så langt har eg ikkje kome.
Bakparten er eit strev, men det går visst framover i følge sjefen.

Elles er det deilig når alle har fri. Lurer på ka det blir til middag i dag..?? Det er forresten eit ufyseleg vèr her så det er såvidt eg vil ut. Men når eg først har kome ut går det greit, men veldig godt å kome inn igjen.

fredag 21. desember 2007

God jul!

Det begynner å dale englar ned overalt i heimen. Gåvepapir, støvfille, støvsugar og all salgs rot gjer det masete å vere her. Matmor styrer og vaskar, men meg trør ho bare over, dultar til sides og rett og slett overser. Gjennom høgtalaren er det lite julemusikk, men mykje bom, pang og andre ufyselege lydar.

Eg syns å hugse frå i fjor at dette går over, men eg har begynt å lure.....

I alle fall: GOD JUL TIL ALLE GODE VENER!

tirsdag 18. desember 2007

Det har klikka for matmor

Aller først - eg har ein klage. Trur ikkje eg liker jul. Det er så vidt eg får ein luftetur så må matmor hente fram esker, flytte på ting, rydde og styre. Ho har ikkje tid til meg. Ka slags tull er dette??

Og som om ikkje det er nok - ho er blitt meir sprø enn før. No lener ho seg til meg og klikkar for det. Hallo - kan ho ikkje stå skikkeleg? Det er eg som bestemmer når og kven eg vil lene meg til, ikkje ho. Men eg held ut ( sjøl om eg til tider rygger unna) for leverpostei er ikkje så verst. Eg trur ho treng ferie..........

søndag 16. desember 2007

På førjulsbesøk

Så har vi vore runden med pakkar. Det er veldig kjekt, men eg trur matmor blir litt frustrert. Ho har lyst på ein litt strigla Ekko. Du veit alle kan fortelje om ein hund som ligg stille på kommando og blir der til neste kommando. Tja eg la meg jo ned, men altså, kem ligg stille i lang tid når huset vi kom til var fullt av nye lukter og folka var det enklaste eg har lokka godbitar ut av? Den hunden må vere dum. Og dum er eg i alle fall ikkje. Så kan bare desse hundane dei prøver å fortelje oss om, ha det så godt. Eg greidde å få godbitar, kos og mykje klapp ved å bevege meg heile tida. Men eg har ein mistanke om at matmor drøymer om at vi skal imponere dei ein gong. Ta meg ut i runderingsløypa så skal dei nå få sjå, seier eg.

Den eine plassen vi var, skulle eg meir enn gjerne budd. Tenk eg fekk springe fritt i skogen, på vegen og ned til vatnet. Vi hadde tenkt oss at eg skulle ta julebadet, men det blei det ikkje noko av. Det var jo så rart vatn. Då eg trødde på det, sklei eg og brått kom det ein lyd og beina mine blei våte. Rare greier. Mor lo. Fy så feigt.

På runden vår var vi innom Alpha òg. Ho er den ekta mor mi. Men kven skulle tru det? Ho oppfører seg som ein unge. Eg blir sjokkert over henne. Straks matmor kom skulle ho sitje på fanget hennar og kose. Til og med eg har forstått at det er eg for stor til. Men ikkje ho. Tenk dykk ein curly i fanget på eit menneskedyr?! Eg prøvde å hjelpe matmor, men det var tydeleg at Alpha syns eg skulle komme meg vekk. Akkurat som om ho skal eige matmor mi. Ser mor blir litt lei seg for at ho ikkje kan vere med heim. Eg veit ikkje om eg er lei meg for det, for ho er ganske masete.

Men det Alpha har som eg ikkje har, er at ho bur i eit hus der det blir baka mykje. Eg nytta høvet og tok meg litt deig. Den låg jo bare der. Etterpå snakka dei noko om peppar. Kanskje difor eg blei så tørst?

Eg har sjekka gåvene - ingen med namnet mitt på. Hm. Har mor gøymt dei vekk, eller er det noko skummelt på gang? Får ho så skal vel eg òg få?