fredag 29. februar 2008

To steg bakover og musematte

Nå har eg sove på det der bakvendta frå i går. Ja, eg har sove mykje for matmor var sliten i dag då ho kom heim. Vi gjekk tur i ein time. Etterpå var det lite å henta hjå henne. Ho var fredagstrøytt sa ho.

Men så ut på kvelden var det akkurat som ho vakna litt. (Veldig bra at det er så lite å sjå på TV)Ho fann fram klikkaren og pølsebitar. Og då kom eg brått på at det var eit eller anna med å stå framfor henne eg dreiv på med i går. Tok eit par skritt bakover. Mange godbitar! Det er eit eller anna ho vil med det der. Eg prøvde igjen, stoppar etter to steg, ventar og tar eit til. Jammen premie då òg. Kjenner eg har lyst til å setje meg, men då går ho bare vekk så det var tydeleg ikkje det ho vil. Etter ei stund blei det kjedeleg. Eg tok to steg og stoppa. Og det var det. Ikkje så full jubel på slutten så det er nok ikkje godt nok med to steg. Får gruble meir til i morgon.

Sjølv om dette blei litt kjedeleg, nekta eg å stoppe med treninga då matmor peilte seg inn på godstolen. Eg heiv meg frampå med mange tilbod og jammen snudde ho. Fram med musematta. Endeleg litt trening med fart i. Eg fekk springe mot musematta. Fekk premie både for å treffe med snuten og labben ( eg beit ikkje i musematta ein einaste gong!). På slutten tok eg eit par kjappe på plass og full fart ut for å trø på matta. Litt vanskeleg med fart forresten for det er så glatt på golvet. Men meir musemattetrening. Det var det litt fart i.

Nå ligg eg her og gruer meg for kveldsturen - det PLASKregnar ute. Og eg som er både tørr og varm. Ikkje det - å bli pakka inn i badehåndkle når eg kjem inn er ganske deilig. Eg har perfekt pels for etter ein kort runde med bådehåndkledet er eg tørr.

torsdag 28. februar 2008

I bakvendtland

I dag skjedde det store under: Det hagla og regna FØR trening og det regna ETTER trening, men under treninga var det opphald. Utruleg. Men kanskje naturen òg syntes kvelden var bakvendt? Ja for det syns eg. I kveld skulle eg visstnok rygge. Hallo, det er jo matmor som skal det, ikkje eg! Men altså der stod eg og stirde på henne. Og der stod ho og stirde tilbake. Til slutt begynte ho å svaie. Eg holdt igjen, men måtte ta eit steg bakover for det begynte å bli farleg. Og forsyne meg- då klikka ho. Det var nok ein feil. Vi gjekk tilbake til stirringa på kvarandre til ho svaia og eg rygga. Og der kom det jammen eit klikk igjen. Det må vere eit eller anna med det der. Forstod det ikkje heilt. Sjekka på slutten om det måtte svaiing til for å få godbit, men eg trur ikkje det for ho premierte at eg rygga om ho stod stille òg. Ikkje det, eg syns mykje var uklart med den øvinga der. Må sove på saka.

På slutten av kvelden klistra ho meg inntil ein vegg. Eg skulle rygge. Så fekk ho ei anna til å klikke når eg rygga. Det gjekk visst ganske bra. Men så blei mor forstyrra midt i arbeidet. Ka skal vi gjere med sånne damer som bare stopper opp og gløymer oppgåva si? Der står eg og har fokus på trening, tenkjer at ho kanskje sjekker om eg fiksar å stå stille medan ho pratar, så eg fortset med å stå. Men trur du ho har tenkt så langt? Neidå, ho pratar i veg og eg er gløymt. Perfekt bakpart hadde eg og eg stod som ein engel. Kan noen skjerpe henne og seie at eg fortente biff for at eg holdt fokus medan ho mista sitt.....

Konklusjon:Vi har vore i bakvendtland: Det regna ikkje, eg måtte rygge, ikkje matmor og eg holdt fokus heile kvelden, ikkje matmor. Kanskje ho treng å bli trent i kort økter???

mandag 25. februar 2008

Kontakt- kontakt

Etter ei frustrerande trening forrige torsdag, var det godt med ei god arbeidsøkt igjen.

Første økt for Ekko var å halde kontakten medan eg rygga bakover og han gjekk framover. Det gjekk kjempefint. Eg fekk til og med snudd meg utan at han mista fokus. Neste økt fortsette vi med det same. No hadde vi til og med vendingar utan at fokus forsvann. Eg ser at det er smart med korte økter for han har lett for å begynne å sjå seg rundt om eg held på lenge. Eit tydeleg signal til meg om at eg skal fortsette med dette i korte økter og auke lengden etterkvart.

Faya skulle trene hardt på tannvising. Eg skulle vere dommaren. Ho starta med å rygge då eg kom, men etterkvart så stod ho og tillot at eg stod over henne og bretta opp leppene. Ja, ho greidde til og med å sitje i ro då det blei krevd av henne. Elisabeth prøvde å halde ei ope hand med godbitar i nærleiken av henne, og Faya forstod kjapt at skulle ho bli servert måtte ho stå stille og la dommaren kladde på henne. Ved ordet "versegod" var ho kjapt framme. Kjempebra!

Eg ville halde fram med kontakt, men med ein variasjon. Nå måtte han stå medan eg gjekk eit skritt i frå og så tilbake. Enda til slutt opp på sida. Tydeleg konsentrasjonsarbeid for han.

Siste økta fekk han det same, men med den kjekke pipeballen til Faya. Eg gav ikkje kommandoen stå, han bestemte når han skulle stå. Og for ein kontakt eg fekk! Heile kroppen er stiv av spenning der han trør meg på skoa og stirrer meg i augene. Kor er ballen? No greidde han å stå og bli ståande. Og for ein fart det blir i denne treninga!
Men stakkars Scotty, han greidde ikkje å tenkje på anna enn at han òg vil ha ball. Han stakk av frå Anne Lise og rett i rompa på Ekko. Ekko tok det fint, det var verre med meg for eg var redd for at det skulle kome ein smell. Men alt gjekk av i likaste laget.

Elisabeth var frustrert over at Faya ikkje tok kontakt under springmarsj i forrige veke. I dag viste hunden at det der var ho klar til å fikse, bare matmora trente på det.

lørdag 23. februar 2008

Ser ikkje dette kjekt ut?

Aller først: Takk til alle som deltok i gallupen vår. Resultatet viste at de ville ha litt av oss begge. Det var betryggande for øverstkommanderande for ho blei skjelven då eg fekk poeng aleine....

Men i dag hadde eg tenkt å vise dykk eit lite glimt av kor kjekt liv eg og ein gjeng andre hundar har i helgene. Dei tobeinte står opp, kler på seg mange rare klede for å verne seg mot vèr og vind og gjev alt for oss. Sjekk her:

Figlia er sendt ut og har fått ferten av noko


"Ka i alle dagar er dette? Hm, eg må springe inn og melde frå til Kari så får ho bli med ut og sjekke."

Sånn trur eg Figlia tenkte då ho såg det der rare som låg der borte. Det var visst Karin, men eg er ikkje sikker eg.... Sjå på Figlia. Ho kan sånn der med fastbitt. Eg har det bare til pynt rundt halsen. Men eg skal nok lære det eg òg.

Eg greidde å få tauet ut av ein kong i dag òg. Trur ikkje dei er laga for sånne kraftkarar som meg.


Sånn har eg det i helgene. Ka syns du? Er du litt misunneleg?

fredag 22. februar 2008

Plaskregn og anna elende

Torsdag kveld skulle vi møtast sjølv om det ikkje var vanleg kursdag. Det plaskregna og stemningen var ikkje heilt god. Trur vi var lei av regnet både dei tobeinte og firbeinte. I alle fall begynte vi treninga som vi ofte gjer, nemleg med tannvising. Deretter blei det bare rot ei stund. Vi premierte for ting vi til vanleg ville ha feila. Hundar som kunne sitt, kunne brått ikkje det osv. Det blei helst litt hakking og kritikk i staden for konstruktive tilbakemeldingar både mellom tobeinte og frå tobeinte til firbeinte. 80%-regelen hadde heilt regna vekk.

Men heldigvis har vi vit nok til å ta samling i bånn. Vi rista av oss frustrasjonane, tok runden og gav kvarandre innspel på kor vi burde gå bakover igjen i treninga for å kvalitetsikre. Då lysna det litt for meg (og kanskje det blei litt opphald?), for eg trengte verkeleg å få innspel frå dei andre før eg rota til noko som faktisk var på god veg til å bli bra.

Så resten av kvelden trente noen på at hunden skulle kunne vere i ro og ha fokus medan andre hundar trente. Andre igjen hadde sine spesielle område. Eg tok skrittet tilbake til at førar går bakover og hunden følgjer med kontakt. Denne øvinga var vi flinke på for lenge sidan, men så har eg jo brukt masse tid på å premiere Ekko for å gå fint i band når vi er på tur. Dvs han har fått premie for å gå rolig ved sida av meg, gjerne snuse litt, sjå litt andre vegar og ta kontakt med meg innimellom. Alt medan han går med slakt band. Og no skulle eg brått ha han til å gå fot.

Og sjølvsagt var fokuset på plass då eg gjekk tilbake til noko som var kjent, nemleg matmor sjanglande bakover.... Så nå gjeld det å gå sakte vidare til eg går på sida av han igjen. Så får eg prøve om det vil vere til hjelp for han at eg bruker halsband på tett-kontakt-fokus og sele på ut-på-tur -fokus.

Her er eit lite glimt av våte tobeinte og firbeinte.
Torhild og Era.
Silje og Pia.
Elisabeth og Faya