lørdag 31. mai 2008

Stemningsrapport frå kveldstur

I dag har det vore så varmt at det ikkje har vore verande ute for ein stor svart hund. Men han har ikkje vore heilt sløv. Han ville tydeleg trene og så låg det ein metallapport rett framfor meg.. altså trente han på det. Ikkje akkurat på programmet, men det er jo viktig å trene på ulike gjenstandar så kvifor ikkje. Litt ekkel syntes Ekko. Vi kom så langt at eg kunne halde den og han ha munnen rundt, men halde fast - nei takk!

Kl 20 syns eg det var temperatur som kunne tillate tur. Tenkte at eg skulle gå ein roleg tur rundt Mosvatnet. Ein flott tur som fekk meg i godt humør. Det levde rundt vatnet.

På campingplassen var feriefolket er i gang. Mange sat utanfor bobilen med vinglaset og ei bok, andre var meir loffarar med motorsykkel og tomannstelt.
Fort oppdaga vi at mange hundefolk hadde tenkt det same som oss, så her fekk vi trent litt på møtene.

Småbarnsfamiliar var ute og koste seg på plenane.
Eit ungt par spelte badmington. Eg begynte å tenke på kor god trim det der er. Og lenge sidan....
Eit gamalt par hadde funne seg ein benk med utsyn over fuglelivet.
Ungdomar kom i grupper. Tydeleg på veg til ein fest i ein eller annan hage.
Pent kledde vaksne kom på sykkel. Dei sakna nok dei gamaldagse syklane med skikkeleg brett og korg framme, for gåvene dei hadde med seg, måtte dingle litt hjelpelaust på dei moderne syklane. Men sikkert kjekt når dei slepp drosje i natt.
I ein hage hadde dei slått opp partytelt og der var det midt i talane, trur eg. Ekko syntes vi skulle gå der inn. Hadde han lese menyen kanskje?
Noen hadde tenkt at kroppen trengte meir enn brunfarge denne dagen og var flittig i gang med joggeturen.
Andre var tydeleg på veg til ein gamal veninne, ein pubrunde i byen eller kanskje begge deler? Alderen på eit par av damene gjorde at eg tippa veninnekveld på Eiganes.

Ekko måtte stadig ned til vatnet for å drikke. I tillegg hadde eg med ekstra vassflaske til han. Alt gjekk med.

torsdag 29. mai 2008

Vi kryp i veg.

I dag har det vore veldig varmt. Eg skulle vaske terrassen og smørte den inn med noko Ekko absolutt ikkje skulle vere borti. Han tok faktisk teikninga og aksepterte at han skulle vere i stova medan matmor var på terrassen. Så får vi sjå om han har same tolmod i morgon når terrassen skal oljast....

Det har blitt lite tur i dag. Eg har hatt det travelt, men eg skuldar ein del på vèret. Det er så varmt, så varmt for ein med svart pels.

Men vi stilte til trening i dag kl 1830. Aller først fellesdekk. Eg gjekk ikkje langt frå Ekko. Han hadde ikkje vore så nær Sita før, så eg var usikker. Men Ekko arbeidde godt. Han låg roleg, tok første sittoppen vel fort, så eg nulla den. Neste kom ikkje før eg bestilte den. Bra. Han har nokre flotte sittopp og dekk, men òg fleire som er skeive så dette er ikkje ferdig trena ser eg.


Etter det trente Gro og eg i lag. Eg hadde fokus på sit på avstand og kryp. Eg syns han er mykje betre på sit på avstand. Td. grin han ikkje så mykje lenger ;-). Etterpå blei det ei økt med ein del targettrening. Ekko har så lett for å ta targeten i munnen i staden for å touche den med nasen. Her var Maja kjempeflink. Vi brukte targettreninga til neste øving. Nemleg kryp. Her jobba begge hundane godt. Gro brukte targetstick og eg brukte fingeren. Fungerte godt begge deler. Ekko har begynt å få tak på krypinga. Kjempebra.

Siste økta for kvelden bytta vi hund. Eg skulle trene Scotty og Anne Lise Ekko. Spennande. Uvant med ein hund som ikkje er så høg. Scotty trente eg på target på fingeren og litt kryp. Han var konsentrert i korte økter. Eg bestemte meg for å la han kvile eit par minutt og eg lot han sitje medan eg strauk han over brystet. Flott konsentrasjon i korte økter var det eg måtte ha. Kjente igjen mykje av den frustrerte Ekko i han. Var ikkje godbitane lettkjøpte, gjødde han. Akkurat slik som Ekko. Morsomt.
På slutten var alle hundane lengtande etter eigar. Ganske morsomt. Ekko måtte kose ekstra då eg endeleg såg på han. Spennande å trene annan hund.

Og til slutt ei lita helsing til Gro og Lotta. Eg veit at de kikkar innom på sidene våre i blant. Vi kjente saknet av dykk i kveld. Ka med ein tur innom Sola på måndagen eller OD på torsdagen?

Her er Faya ventande på å få jobbe.

Ein varm turdag

Onsdag fekk Ekko trent seg mykje på å gå tur i band og møte andre hundar.

Først var vi på tur rundt Mosvatnet med Marit og Punky. Ekko greier å halde kontakt med meg når Punky skal ut av bilen så lenge han får godbitar. Punky får lukte på han, slikke og vere heilt oppi han. Bra. Trur den hunden har så tydelege signal at Ekko blir roleg sjøl om det er ein uroleg kvelp som undersøkjer han. Punky minner litt om eit par av hundane Arne i Siddis hundeskole har vist om hundespråk og dempande signal.
På sjølve turen er han meir oppteken av kor Punky er, enn at det går andre hundar forbi. Står vi på kvar vår side av vegen, verka det som om det var viktigare å vite at Punky ikkje hadde forsvunne enn at det gjekk ein dum hund forbi.

Innimellom på turen gav dei begge to signal på at dei eigentleg ville leike, men dei greidde å halde seg. Men då vi kom til ein stor plen ved Tjensvoll gravlund var det akkurat som dei sendte kvarandre eit signal for både Marit og eg fekk samstundes eit overraskande rykk i bandet frå to som var heilt klar for leik. Dette var tydeleg plassen. Vi fekk roa dei ned og dei spaserte fint forbi gravferdsgjester på veg til bilen.

Det er varmt for tida. Ekko gjekk ikkje akkurat i resertempo siste delen av turen heim. Vel heime var det ein som slokna fort. Eg kunne visst bare gå ut for han hadde ikkje behov for å bli med.

Seinare på ettermiddagen gjekk vi ein tur til. Utfordringen på den turen var å møte menneske han kjenner som er kledd i kort shorts og omtrent bar overkropp. Ikkje lett å få ein glad hund til å forstå at folk i slike klede sjeldan ønskjer to labbar i magen. Eg syns eg i tillegg ser at han blir ekstra gira på å få helse og hoppe opp når dei ikkje vil at han skal gjere det/ er halvredd hund. Eg må nok trene han endå meir på det å ha alle fire beina i bakken. Han er blitt mykje flinkare til det i møte med menneske som "møter" han.

Vi var òg innom i ein hage til nokre vener. Og då dukkar jo neste treningsområde opp: Ligge i ro medan alle menneska går, et og liknande rett rundt han i hagen. No krevde det mange godbitar.

Så konklusjonen på turtreninga er vel at han er flink til å gå forbi framande folk, går fint i band, men kan bråstoppe når luktene blir for gode. Han treng trening i helsesituasjonar med menneske.

søndag 25. mai 2008

Kurshelg for menneske...

Eg veit ikkje heilt om eg liker dette instruktørkurset. Eg ligg altfor mykje i bilen og det er så kjedeleg, så kjedeleg. Og ka er det dei lærer der inne? Når dei kjem ut, skal vi gjere noko eg har gjort hundre gonger før. Eg forstår ingenting. Skal ikkje eg lære noko nytt?

Jo, forresten det var noko nytt. Elisabeth prøvde å trene meg medan matmor såg på. Det likte eg ikkje heilt. Kanskje det er det siste nye? Eg får trene på det, men eg syns det er best med matmor. Det er liksom henne eg skal kikke beundrande på. Det var forresten mange andre òg som stod og såg på då Elisabeth skulle prøve å trene meg.
Eg såg ut bilvindauga og då trente matmor Robin. Eg likte ikkje det heller eg, men eg sa ingenting. Blei jo litt nervøs for vi hadde laga skikkeleg gode godbitar i går kveld. Tenk om Robin åt opp dei?

Sist fekk dei nokre lekser der vi hundane skulle trenast. Håper det blir slike lekser denne gongen òg. Leksene til i dag var utgangsstilling og bakpartskontroll. Eg fekk til både frivillig utgangsstilling og då kommandoen var på. Bakparten gjekk visst ganske bra den òg. Syns faktisk den var kjekk denne gongen.

Vi har trent ein del på å hoppe inn i bilen. Nå går det passe greit å hoppe inn, men vegen til bilen er ikkje kjekk. I går leika matmor gøymeleiken rundt bilen. Det likte eg.
På slutten av dagen kjørte vi til den kjekkaste tenåringen eg kjenner. Han blei 14 år i dag. Eg prøvde å få kake, men det fekk eg ikkje. Dumt. Det såg så godt ut. Matmor i dette huset er rar. Ho kallar meg Bajas og ristar på øyrene mine. I dag greidde eg å la vere å hoppe på dei då eg kom. Då fekk eg ekstra mykje kos og risting på øyrene. Liker det, eg.

torsdag 22. mai 2008

I dag har eg brukt hovudet mykje

Takk skal du ha for at du meldte frå om at du sakna røysta mi, Elisabeth. Matmor var på veg til å skrive igjen, men så minna eg henne på at det jammen var på tide at eg fekk kome til orde.

Det er ganske travelt å vere meg. Stadig ting eg må øve på, altfor lite fri leik og fri fart. Men eg har det nå ganske så kjekt for det.

I dag til dømes har eg brukt hovudet så mykje at eg er litt sliten no i kveld.
Først så måtte eg stå opp i natt for eg syns det kom innbrotstjuvar, men så viste det seg at det bare var nokon som ikkje har vett til å gå roleg når dei går heim frå fest. Så blei det dag og då hamna eg i den dumme bilen. Mor prøver med veldig gode godbitar, men eg er nå i tvil om dei er gode nok. Eg liker ikkje å hoppe inn i bilen. Vi kjørte avgarde og då vi kom fram, skjønte eg at her blei det skogstur. Trudde eg...
Nei, brått forsvann dei tobeinte. Dei kom tilbake etter ei stund og då fekk eg endeleg kome ut. Då skulle eg vere med på ein rar leik. Eg sprang inn mot skogen, så ropte mor. Eg snudde med ein gong. Trudde jo det var noko alvorleg som hadde skjedd. Og det var det jo, ho hadde gløymt å gje meg godbitar. Dette gjorde ho to gonger. Koffor gav ho meg ikkje alle på ein gong? Så kom vi inn i skogen. Og der var det kjekke folk. Eg sprang mot dei. Då ropte jammen mor då òg. Nå begynte eg å forstå: Snu fort og det blir mange karbonadebitar i premie. Veldig kjekk leik. Eg sprang mot dei andre og snudde med ein gong mor ropte. Og full pott! Dei kalla det visst innkallingstrening.
Etterpå måtte eg i bilen, men då blei dei andre trent på same måten. Her kan du får eit kort glimt av Era og eit av Punky. Punky måtte ha ekstra rening på tannvisning (det ser du på bilete over). Ho skal på utstilling snart. Stakkars henne.

Etterpå skulle vi alle ut på tur. Vi gjekk fram til eit område der det viste seg at dei hadde planlagt noko eg ikkje hadde vore med på før. Nemleg feltsøk ( ho ropte i alle fall "søk felt" då eg sprang ut). Det virka sånn at eg sat og venta. Marit lokka med ei leika, Punky klynka og så gjekk Marit avgarde med leika. Brått kasta ho den. Så skulle eg ut, finne og kome inn igjen med leika. Det gjekk veldig fint då mor forstod at eg bare bytar mot ei ny leike. Sånn gjorde vi det tre gonger, trur eg. Så skulle eg sjå på medan Punky gjorde det. Ho kunne visst meir for dei kasta fleire leiker ut. Eg var bunden til eit tre og prøvde å ule litt slik som Punky for eg trur at det må til for at denne leiken skal fungere.
Punky, ho er rar, ho kom springande bort til meg. Eg er jo ikkje heilt god på sånt til vanleg og særleg ikkje når eg står i band. Så eg knurra. Men veit du ka ho gjorde. Ho bare rulla seg rundt og rundt. Ho sprang ikkje vekk i det heile. Til slutt gadd eg ikkje bry meg med henne lenger. Så gjekk ho og arbeidde vidare. Rar dame. Vi gjekk forresten ved sida av kvarandre eit stykke på tilbakevegen . Trur dei tobeinte ville forsikre seg at vi var vener. Og det er vi jo. Eg syns bare ho er litt kjekk og litt masete.

Endeleg fann mor fram langlina og gjekk ned dit ho hadde forsvunne for 2 1/2 time sidan. Eg vasa litt rundt. Skjønte eg skulle snuse, men greidde ikkje heilt å få klarert rett lukt. Men så var det som det sa pling i hovudet. Sjølvsagt! Det er matmor sine fotspor eg skal finne. Og då blei det jo kjempeenkelt. Eg avgarde i godt tempo (passe fort syns mor), tok svingane som ein konge og brått fann eg ein boks med mange godbitar i. Fekk mykje skryt så eg trur ho var stolt av meg då. Eg har jo ikkje gjor dette så mange gonger.

Etter alt dette drog vi heim for å kvile. Men så sendte Anne ein SMS. Ho hadde kome til treningsplassen kl 17 og lurte på kor vi var. Ho er ikkje heilt med altså. Hadde det vore Thelma hadde eg skjønt det, for ho luktar så rart for tida, men matmora hennar. Ja, ja ho har blitt veldig tjukk i det siste så kanskje det påverkar hugsen? Vi prøvde å forklare henne at vi ikkje skulle trene før kl 1830. Men vi pakka sekken og drog avgarde vi òg så fekk ho i alle fall selskap frå kl 1730.

Trur ikkje matmor syns vi var heilt ferdig med å kvile for det første ho gjorde, var å finne fram stolen, ta meg ut og så sat vi der. Mor i stolen og eg på sida. Og litt bortanfor sat Anne i stolen og Thelma på sida. Ja, ja grei øving det, men vi skulle vel noko meir?

Jo då, ho hadde tenkt litt lenger. Først var det å gå fint i band og sjå beundrande opp på gamlemor. Alt dei tobeinte finn på for å få beundrande blikk! Og eg lar meg kjøpe.....

Så var det ein ny runde med innkalling. Eg har visst for lite eksplosiv start. Ka nå det betyr. Eg vil ikkje eksplodera og forresten så har dei tobeinte tendens til å trø på langlina og då blir det bråstopp. Nei, eg likte betre sånn vi leika tidlegare i dag.

Eg trur det kom mange fleire etterkvart. I alle fall kom Maja og Gro for dei trente vi saman med. Maja trener òg på den der dumme bakparten. Eg vil helst ikkje snakke om den, men eg rygga nå litt og det blei nokre godbitar.

Så har dei funne ut at hundar skal krype. Ka då for? Eg kjem meg under det eg vil og er det ikkje nok at eg går som ein gud? Neidå, ned i dekk og kryp. Heldigvis er Gro ganske smart så ho fekk lokka matmor med ut på graset. Var betre å krype der. Asfalten var vond den. Og eg fekk til litt. Det begynte faktisk å bli litt kjekt.

Eg gløymte jo at vi hadde fellesdekk. Eg tok nokre susande "sittopp" og "dekk" i utgansstilling. Lyden av matmor kunne du høyre langt. Eg var litt stolt då. Men koffor gjere det rett? Eg hamna sjølsagt i bilen....
Det kan godt hende at vi trente på meir, men det susar rundt i valnøtta mi så eg hugsar ikkje meir.