lørdag 2. august 2008

Burleken

Vi prata på siste trening om at innlæringa av burleken på Fanny-kurset var kortutgåve og at vi burde sjå på artikkelen i Canis. Den er i Canis nr 4/2007. Artikkelen er skriven av Maria Yttermyr.

fredag 1. august 2008

Eit lite gjennombrot

"Har fått nytt bur eg, men veit no ikkje heilt om det er trygt. Best å ha snuten utanfor."
I varmen har vi hatt litt innetrening. Burleiken, henting av gjenstandar med avlevering og leik.
Og for første gong opplevde eg at han i fleire av tilfellene hadde heile kroppen godt innanfor i buret. Då tenkte eg at det var tid for å gje han ei ny utfordring - stengselet framfor inngangen. Eg tok det halveges ned, klikka og gav godbit. Nokre gongar slik. Så vågde eg meg på heilt ned. Då kom labben ut og halve snuten. Dette var nifst. Bestemte meg for å fortsetje sjølv om labben var litt utanfor. Det gjekk veldig fint. Han protesterte ikkje meir. Døra kunne ligge framfor snuten lenge. I andre runde var det bare ein pote som var utanfor.
For meg er dette eit stort gjennombrot med tanke å alle protestane mot å gå inn og all redsle for å bli stengt inne i eit bur. Eg har ikkje begynt å ta borti glidelåsen enno....
Og under over alle under - under middagen i dag, gjekk han inn i buret (det står nå på kjøkkenet) og la seg medan han venta på at måltidet skulle bli ferdig. Eg trudde mest ikkje det eg såg!
Eg skulle gjerne hatt eit større bur, men dette var det største vi fann og det ser ut til å fungere.

torsdag 31. juli 2008

Framleis roleg sommartrening

Det blei ein del prat i varmen, men òg litt hjerneaktivitet for hundane i kveld.

Ekko starta med innkallingstrening. Eg har kjøpt fløyte av Marit og skulle trene med den for første gang. Denne gongen var det eg som stilte med den kvekkande anda. Trur hunden min er hekta på ting som lagar lyd. Tre kjempefine innkallingar. Han kom som ei kula! Freistinga i midten var null verd.

Han hoppa til og med inn i bilen (fekk ha med seg anda).

Neste var helsetrening. Denne gongen skulle han trene på det å setje seg og ha kontakt med meg når andre snakka til meg. Han er så fæl med å begynne å bjeffe når framandfolk snakkar med meg når vi går tur. Torhild og Silje kom bort, prata med meg og hadde godbitar i handa. Skikkeleg freista han. Det gjekk kjempefint, men då han endeleg fekk helse, blei han skuffa for det var Maja som var langt der borte han hadde tenkt å helse på.

Dene gongen ville han absolutt ikkje i bilen. Eg stod og stod. Han sat og han låg. Til slutt tok dei andre pause og eg gjekk lei. Bandt han til bilen og gjekk i frå. Då kom det klagelydar frå han. Etter ei stund kom det ein hund forbi. Den reagerte Ekko sterkt på. Etter at den var gått forbi ville Ekko i bilen....

Nå var vi tobeinte varme og trøytte. Siste økta i dag var å gå tur. Maja, Faya, Era, Pia og Ekko med eigarar. Gjekk veldig fint, men nokre hundar (mellom anna Ekko) har kjempegodt av å trene på å gå bak dei andre. Først, først, først peser dei. Etter kvart må vi trene på å gå på område der vi kan gå fleire i breidda slik at dei får kjent på det òg.

Etter at vi kom heim har det vore fotballkamp og forsøk på å drepe eit kaninøyra. No ligg det ein pesande hund under skrivebordet. Eg kan ikkje seie at Ekko er vanskeleg å få i leik. Han kan leike med seg sjøl, han kjem ofte og prøver å få meg med på leiken. Veldig kjekt og til tider slitsomt ;-)

onsdag 30. juli 2008

Varme dagar og varme hundar

På måndag begynte vi treninga kl 20 for vi var redd for at kl 1730 ville bli i varmaste laget for hundane. No i juli har vi vore ein fast liten kjerne. Det er veldig koseleg for vi har då vore i lag om treninga av kvar hund. Det vil seie at vi har hatt ein hund ute om gangen og alle fire har hjelpt til. Då har vi hatt freistar, haldar, fotograf/filminnspelar og eigar. Sjå filmar i Elisabeth og Faya sin blogg.
Vi fortsette treninga på det vi jobba med veka før, nemleg: helsing, innkalling og hente/apportering av gjenstandar.

Hundane storkoste seg med å trene, men vi tok det roleg i varmen.
Her startar Torhild med å få kontakt og fokus på Era.

Era og Torhild starta med helsing. Torhild ønskte at Era i denne omgang ikkje skulle få helse, men øve på å sitje fint når folk kom bort og snakka med matmor. Era var veldig flink

Vi tre andre ville fortsetje med treninga av kommandoen "helse". Oppgåva då er at hunden er i band og saman med eigar. Ein av figurantane leiker "freistaren", dvs lokkar på hunden. Hunden skal trenast til ikkje å dra i bandet for å nå fram til freistaren, men først sjå på eigar for å få kommandoen "Helse". Nå kan òg eigaren velge ikkje å gje denne kommandoen, men så langt har vi ikkje kome.

Her ser vi ei ivrig Faya. Ho vil til Silje og kan ikkje forstå at ho ikkje kan springe med ein gong. Det er gøy å sjå kor fort dei tar teikninga. Ekko såg på meg kjapt denne gongen.

Her er Pia som har vore flink og tatt kontakt med Silje og som premie får ho springe til Elisabeth for å få godbitar.

Innkallingstreninga gjekk så det suste for alle fire. Era hadde eit fantastisk blikk bort på "freistaren", men tok seg saman og sprang fort til mor. Dei to neste rundane var ho ikkje i tvil kor ho skulle. Pia kjem som ei kule når Silje fløyter. Ho spring til og med utanom freistarane for å unngå oss. Faya er òg eit olja lyn når det gjeld å kome på innkalling. Dei andre bruker fløyte. Ekko er ikkje trent på det, så eg brukte røysta. Men eg trur eg vil ha fløyte og trene på det eg òg.
I dag kom han utan å la seg friste. Eg hadde pipeball og då måtte han bremse ned for ikkje å springe på meg av glede.

Å hente ulike gjenstander som er kasta ut på bakken, er interessant. Hundane liker tydeleg ikkje å hente ting som ikkje er hundeleike/apportbukk. Halsbånd og klikker var ei utfordring. Men etter nølande forsøk, kom dei òg.
Era blei så ivrig at ho tok fleire gjenstandar i munnen på ein gong. Ekko tok leverposteituba forsiktig i munnen og avleverte. Han strevde veldig med å levere selen sin. Faya hadde trent enormt heime. Nå blei den eine gjenstanden etter den andre henta inn. Det einaste var leika til Chico. Den oversåg ho.

-------
Tysdag var det i varmaste laget. Vi måtte vente til seint på kvelden før det var aktuelt å gå tur, men vi hadde litt trening av burleiken inne.

Natt til i dag, sov eg uroleg på grunn av varmen. Eg registrerte òg at det låg ein pesande hund på golvet. Han hørtes ikkje ut til å ha det bra. Eg prøvde å tvinge i han drikke utan at det hjelpte. Tok eit handkle og la det i kaldt vatn før eg brukte det på hunden. Det var tydeleg at det var godt då eg la det rundt han og koste med han.

I dag har han oppdaga leiker han ikkje har brukt på lenge. Eg skulle bruke dei under leveringstrening. Det blei interessant og lærerikt. Straks han såg ei kjekk leike på golvet, begynte han å leike med den. Eg sat der med handa ut for å ta i mot. Men ingenting blei avlevert. Tok då opp alle dei andre gjenstandane, la dei på plass og gjekk på arbeidsrommet. kort etter var det stille med leiken. Eg kunne kaste ut leiker på nytt. Og som første gjenstand leverte han den gjevaste leika. Kjempeflott. Men så oppdaga han ei ny kjekk leike. Han stakk av med den. Eg gjorde som sist. Denne gongentok han seg inn fort og vi kunne begynne på igjen.

Han er blitt flink til å levere i flat hånd. Eg har ikkje brukt utgangsstilling på dette, bare levere inn det han finn. Vil at det skal bli automatisk for han at nå reg held ei opa hand fram skal han lever det han har i munnen.

Men elles var det FANTASTISK å gå tur i sommarregn i dag!

lørdag 26. juli 2008

Ein fantastisk dag i fjellet

Eg hadde tenkt meg ein tur til Reinaknuten i Strand kommune i løpet av ferien. Det er eit nydeleg naturområde og har vi hellet med oss så ser vi Folgefonna, det meste av Ryfylke over Stavanger og nesten til England. Utruleg vakkert! Ein klar dag på hausten gjev som regel det beste utsynet.

No hadde eg tenkt at ein flott sommardag skulle vise fram landskapet eg elskar. Fredag blei den perfekte dagen.

Før turen starta var eg litt bekymra for om varmen ville bli for intens for Ekko. Eg tok med 1,5 liter vatn til han. I tillegg visste eg at det var fleire vatn han kunne kjøle seg ned i på vegen. Det er båndtvang og det gjer jo òg at hunden ikkje bruker mykje energi på å springe over store område.

Med meg på turen hadde eg i tillegg til hunden, to gode vener frå austlandet.

Det er jo alltid like spennande kor ivrig helsinga er når Ekko kjem ut av bilen og er klar for alt som er kjekt. Men han viste seg frå gentlemanssida og helsa på den finaste måten. Ingen hopp bare ein kropp som lente seg godt inn til folka.

Turen er rekna til å ta 5 timar. Den startar fint ved at det er eit lett terreng å gå i. Vi får gått oss varme før stigningane kjem. På dette bilete kan de langt i det fjerne sjå varden på toppen av Reinaknuten. Dit er målet.

Å gå i shorts og t-skjorte med ein liten sekk på ryggen, er luksus. Vi kjente godt at det var varmt, men heldigvis har Vårherre stort sett tenkt at sørvestlendingen treng vind. Og den svale vinden som ruska oss i håret, gjorde turen lett å gå.

Undervegs hadde vi matpausar, drikkepausar og sjå-kor-flott-pausar. Ekko hadde sjølvsagt eigen matpakke. Skikkeleg kjekt med skjeva med leverpostei innpakka i matpapir. Når desserten er eit kokt egg så er han full av energi.

Vi hadde fleire stigningar og såg fleire fristande vatn, men venta til det vatnet som ligg like ved den siste og brattaste delen, før firbeint og trengande tobeinte kasta seg uti. Det var visstnok veldig godt. Eg syns at nokon må vere fotografar, så eg stod over ;-).

Den siste stigninga er kraftig. Eg er heldig som har hund for eg får jo ekstra drahjelp. Ekko er flink til å stoppe når eg gjev beskjed om "stå", det gjer at det er lett å få nytte av drahjelpa samstundes som eg får fote meg i steinete terreng.


På toppen får vi premien: Utsyn over det meste. Kårstø, Bokn, Stavanger og havet utanfor, Ryfylke, Folgefonna. Ja, den som kunne namnet på alt vi såg.

Det er så rart at sjølv om vi går same vegen tilbake, ser landskapet annleis ut. Det som var bak ryggen min er no i front. Mellom anna var det fleire oppstigningar enn eg hugsa at eg hadde hatt av nedoverbakkar då eg gjekk innover....

I den brattaste ura, viste Ekko at han hadde lært noko av treninga vår på å gå bak. Han gjekk bak meg og var ikkje vanskeleg å ha i band i det heile.

I ein periode der vi gjekk i eit ope og oversiktleg landskap, fekk han gå laust med bandet hengande etter seg. Vi hadde ikkje sett sau og det var blitt litt avstand mellom folka han hadde ansvar for. Han var kjempeflink til å gå roleg fram til han som gjekk først bare for å stoppe og vente på meg før han gjekk fram igjen. Eit lite klapp der og tilbake for å vente på matmor. Så kikke bakover for å sjekke om sistemann òg var med. Eg tok opp bandet igjen då vi syntes vi høyrde ei bjølle i det fjerne.

Turen tok oss 6 timar. Vi hadde gode pausar og bading. Ekko drakk i seg alt vatnet eg hadde med. I tillegg var det drikke i litt myr, pyttar og vatn. Det var lite vatn å hente for oss menneske så vi var òg glad for kvar dråpe vi hadde tatt med.

Siste del av strekket var det tydeleg at hunden var varm og trøytt. Det var lenge sidan vi hadde vore ute på så lang tur. Nede ved bilen la han seg i skuggen mellom bilane. No var han ferdig.

Vel heime gjekk han fort og la seg. Og når matmor fekk avslutte dagen på gladmatfestival med etiopisk mat, fransk kake, øl frå Dalane osv var fredagen blitt ein perfekt dag for både tobeinte og firbeinte.