lørdag 11. oktober 2008

Tur og klossen

Denne veka har vi vore to turar rundt Mosvatnet. På onsdag saman med Torhild & Era og Silje & Pia. Hundane var flinke. Det gjekk veldig fint. Er lite draging i bandet, vi kan gå heilt roleg. Ekko blir meir oppteken kor veninnene er enn kor farlege dei hundane vi møter, er. Veldig behageleg for meg.

På fredag gjekk vi ein tur for oss sjølv. No var det ikkje hundane som fekk mykje fokus, men at alle endene hadde funne ut at det var dammar overalt. Atså kunne dei vere overalt. Det gjekk over all forventning å roe Ekko ned slik at vi kunne gå forbi alle kjekke dammar utan å rykke i bandet. Flink hund.

Fredag kveld skjønte eg kvifor eg tidlegare hadde lagt treklossen i bilen og ikkje trente på den heime.... Eg hadde ein hund som sat framfor klossen (som låg på ei hylle) og grein. Ja, ja vi fekk i alle fall trent litt på den, men tydeleg ikkje så mykje som den klossegira hunden min syntes vi skulle gjere.

torsdag 9. oktober 2008

Avlevering av godbitar og klossen

I dag hadde eg funne fram jærbunaden/ traktordressen eller ka det enn er den blir kalla, denne gode varme heildressen (parkdress på ungar). Og det var deilig det.

I dag kom folk tidleg for å prate. Ekko og eg skulle gå ein tur først og då eg kom tilbake stod Anne Lise og Elisabeth der. Gjett om Ekko blei vill? Rett etterpå kom Gro, så Gro Anita og Torhild. Og endå var det lenge til klokka var 1830. Då kom Silje.

Etter litt snakk og diskusjon om trening og kommentarar i bloggane, var vi klare for innsats. Ekko og eg trente saman med Silje & Pia og Gro & Maja.

Første økt var lineføring der det som skulle fokuserast på ,var korleis eg avleverte godbit og kontakten undervegs. Eg syns det gjekk svært så lett når eg gjekk inntil ein vegg. Ekko er blitt kjempeflink på å halde fokus. Det er eg som må trene på avlevering (slik at han står i rett stilling og ikkje hopper vekk) av godbitar og vente på å gå vidare til han har spist godbiten.
Prøver å stoppe så fort at han ikkje rekk å sjå ein annan veg. Vi er godt igang, men eg har litt å trene på. Og akkurat på dette gjeld det mest meg for det er eg som slit med fokus og ikkje hunden.

Andre økt blei klossen. Eg var så inspirert av Pia og Maja si trening. Pia er blitt ein reser og greidde i løpet av kvelden å flytte seg etter Silje utan klossen. Ka har Silje gjort med den hunden?
Ekko blir heilt i hundre når eg hentar fram klossen. Han er no rask til å kome inn til meg. Ikkje alltid like beint så det kan eg nok pirke litt på, men eg bør i løpet av neste veke kome meg vekk frå klossen og få han på plass utan.

Tredje økt var litt meir lineføring, men no byrja fokuset å bli ganske så uklart. Han var veldig klar over at det var andre her og skulle helst gjere mykje anna.

Siste økt blei ei økt der Silje og Gro la ut gjenstandar og han fekk plukke dei opp for så å kome inn med dei. Eg var litt ukonsentrert og aksepterte at han leverte ved å legge gjenstanden framfor meg istaden for i handa. Prøvde å skjerpe meg, men det blei ikkje konsekvent. Det eg ønskjer, er at han leverer i handa. Typisk døme på at eg bør planlegge diverse alternativ vi skal jobbe med på trening. Dvs det er har tenkt å gjere og litt ekstra viss det viser seg at hunden er i hundre og treng litt fart. Eller kanskje eg bør tenkje på at ein av aktivitetane bør innehelde fart. Ekko har tydeleg lyst på det etter litt terping.

Og heilt til slutt gjekk vi vår vesle tur. I dag trur eg jammen alle hundane gjekk fint i band. Ikkje alltid like enkelt det når hundar går både framfor og bak.

Sportrening

Denne hausten har det førebels blitt lite sportrening på oss, men eg satsar på at vi får litt tid til det framover.
Eg les difor med stor interesse bloggane til den nye redaktøren i Canisbladet, Marthe Groven. Bloggen heiter Enya - The BlogDog. Den andre er Marianne Tønseth sin blogg, Elitetrening. Marianne er instruktør i Canis. Dei skriv om korleis dei går fram og om mislukka og vellukka spor. Kommentarane er òg interessante. Kanskje noko å plukke opp for oss som driv med litt brukshundtrening?

I tillegg har jo Canis om blodspor denne gongen...

tirsdag 7. oktober 2008

Så godt å trene igjen

Endeleg var det treningskveld igjen. Ekko var nok overtent og matmor hadde vondt i hovudet, men ka gjer vel det?
Vi trente saman med Elisabeth og Faya.

Aller først skulle alle hundane gjennom håndteringstrening. Nokre hundar skulle vise tenner. På Ekko ønska eg at dei skulle ta på han, kjenne og kikke som om han var hjå veterinær. Fungerte veldig bra.

Deretter skulle vi trene på stå med forstyrring. Det tok tid før Ekko skjønte ka eg ville. Han sette seg, rygga, trippa med bakbeina osv. Måtte ha nokre kjappe klikk straks han stod eit sekund stille. Er eigentleg herleg å sjå på kor treningsivrig han er.
Omsider forstod han teikninga. Då stod han stille om eg lea på meg, slapp godbitar i bakken og plukka dei opp igjen. Kjempebra. Må trene han på at han ikkje autmatisk kan spise dei eg har mista på bakken.
Neste runde trengte han òg tid på å koble til stilleståing.

Etter det skulle vi trene på kontakt under lineføring. Her er det framgang, men mykje arbeid framfor meg. Så denne veka skal eg ha fokus på at han set seg straks eg stoppar. No går han vidare medan eg står stille...

Treningsøktene var korte og effektive. Han hoppa fint inn i bilen mellom øktene.

På slutten gjekk vi tur. Han er veldig opptatt av Pia og blir uroleg når Scotty er i nærleiken for å oppsummere kort. På grusbanen får han eit kick. Han må leike. Så då blei det drakamp med bandet.

PS. Elisabeth syns han var blitt muskuløs sidan sist. Må sjekke om dei har treningsstudio på kennelen.....

Eit hundeliv på Kreta

Matmor har vore ute og reist - igjen. Eg syns det er så dumt når eg må bli igjen heime, men SÅ kjekt når ho kjem heim igjen. Denne gongen burde eg ha vore med. Hundelivet på Kreta ser jo ut til å passe meg utmerka. Eller ka syns de?
Sjefen for olivengården i Vrisses og butikksjef i ein liten butikk i Rethymnon.
Eg trur eg kunne hatt slike jobbar eg...

Bak på lasteplanet. Såg jo kjekt og spennande ut, men eg trur eg heller vil sitje i framsetet.
Hundar på bytur. Dei driv sikkert med bytrening der dei går i band....

Elles trefte ho visst på litt forskjellig frå dyreverda:
Sukk frå Ekko