Ekko koser seg i snøen
- Holde fast. Trener på å få Ekko til å bruke bare bakpart. Fanny gjorde meg merksam på at han brukte mykje frambeina. Han held godt så det krev si kvinne å gje motstand. Brukte drakamp gjennom alle øvingane.
- Apportering. Han henta apporten og avleverte, men sekundet etter er fokuset i snøen. Vanskeleg å få han til å halde fokus.
- Utgangsstillingen. Her jobba han godt sjølv med feilmeldingar. Ingen lyd i dag.
- Fri ved foten. Her jobba han òg godt. Torhild gjekk bak og hadde kontroll på bandet. Ganske festleg då eg begynte å springe ved avlevering av godbit.
- Og siste utfordring var spor i snø. Eg hadde gått eit langt spor på kryss og tvers i skogen. Det låg ingen godbitar i sporet. Undervegs mista eg (ufrivillig) ei vott. På slutten låg det to-tre godbitar. Sporet låg mellom 2 og 3 timar før han gjekk det. Spennande å kunne sjå akkurat kor eg sjølv hadde gått. Ville han følgje sporet korrekt? Svaret på det er tja. Han forsvann litt ut i starten. Såg dei berømte harespora like ved sida av litt akkurat då. Men stort sett gjekk han fint i sporet. Det kom vinddrag i blant. Og som god overvèrshund, ville han ta snarveg til sporet mitt lenger inne i skogen. Men det gjekk lett å få han innpå. Eg plukka merkebånd langs vegen. Noko han oppdaga og prøvde på det same ;-) (eg hadde visst plassert dei i passe høgd). Brått stoppa han og begynte å grave i snøen. Fram kom hansken min! Premie! Så vandra vi vidare til slutten. Her blei det ei lita feststund. Eit kjekt spor å gå. Men kor langt det var? Over 500 meter i alle fall.
Anne Lise og Scotty koser seg i snøen
Era er klar for apportering. Her sit ho saman med Anne Lise og ventar på kommando frå matmor.
Eg er på veg
Obs! Eg blei ivrig. Ville så veldig til matmor at apporten blei igjen i snøen -------------
Her er noen glimt av det vakre vinterlandskapet vi hadde rundt oss:
