søndag 30. november 2008

Nå har eg papir på det...

Denne helga var det siste samling på hundeinstruktørkurset. Altså eksamenshelg. Helsa har spela meg eit puss i det siste så eg var spent.
Laurdagen starta med å gjennomgå ei oppgåve vi ikkje blei ferdig med på forrige samling, nemlig forslag til korleis vi ville lage eit opplegg for eit kvelpekurs. Dei meir erfarne, Christin og Siri, var på same gruppe og kom med eit forslag som eg verkeleg håper Arne prøver ut.

Så var det skriftleg eksamen. Eg hugsa ikkje kor lenge den varte, 2-3 timar?, men det var i alle fall ein del å skrive og tenke på. Etter det var det å trekke i hatten ei oppgåve eg skulle skrive undervisningsopplegg til. Eg fekk i oppdrag å undervise i "ligg - legge seg". Ingen av oss rakk å undervise på laurdagen, men opplegget blei skrive ferdig.

I dag var det praksis, praksis, praksis heile dagen. Så fekk hundane lite å bruke hjernen på i går så har dei tatt det igjen i dag. Ekko var populær demonstrasjonshund så han var stadig i ilden. Sjefen sjøl syntes vi var flinke både i teorien, til å undervise og å vise ka hundane våre kunne så alle smilte då dagen var omme :-).

Nå er den tobeinte heilt utslitt og den firbeinte syns hjernen har vore mykje påskrudd så begge har tenkt å kvile i kveld. Nå skal vi nyte at vi greidde det!!

fredag 28. november 2008

Eit tomt hovud og ein snill hund

Ekko har vist seg frå ei omsorgsfull side i det siste. Eg orkar svært lite og greier ikkje å halde fokus meir enn eit par minutt. Han har godtatt at det bare har blitt nokre småturar og svært lite hjernetrim. Til gjengjeld har han passa godt på meg når eg har sett meg i sofaen for å slappe av og halvsove. Då har eg fått kos og eit hovud i fanget.

Men vi har då gjort litt.
Onsdag var vi på tur rundt Mosvatnet med Pia og Era. Då blei han rundvaska av Era. Han trengte det visst... Guten såg ut til å like det han ;-)

I går var det trening med gjengen. Og denne gongen kom òg Anne og Thelma. Jippi!
Gro og eg trente saman. Eg ville trene på lausbittet. Ekko har tendens til å setje seg framfor meg (dvs går rundt, men set seg ein meter framfor meg) når han kjem inn med lausbittet.
Gro stilte seg opp 4-5 meter frå meg, hadde lausbitt i handa og leika gøymt.
Ekko blir sendt ut, kjem fint inn, set seg ved meg, eg tar på bandet og lar han springe fram til Gro som er topp å leike med.
No er hunden gira. Neste forsøk slit han litt med å finne plassen sin i utgangsstilling, men greier det. Ny leikerunde.
Tredje runde: No er Gro så spennande at han gjer som tidlegare, dvs går rundt meg og set seg 1 meter framfor meg (nærmast muleg figurant). Eg feiler han og jammen rygger han bakover med lausbittet i munnen og vips var han ved sida mi.
Etter kvilepausen fortsette vi på same måten. Gjekk bra. Vi får prøve med litt lenger avstand seinare.
Tredje økt var det fri ved foten. Her mangla han intensitet. Verka litt trøytt. Eg måtte gå fort for å få litt glød i han. Premierte litt med leik og det hjelpte. Men det tok ikkje lang tid før han mista fokus igjen.
I den siste økta arbeidde vi kvar for oss. Eg fortsette med fri ved foten og litt target.

På slutten gjekk vi tur. Vi er ein fin gjeng. Era som i blant må fram og vaske Ekko litt, ta seg eit lite bad og sjarmere Scotty. Scotty, som har eit tungt anker hengande bak, i alle fall trur eg han syns det av og til ;-). Det gjekk altfor seint framover i følge han. Pia som hopper hit og dit og brått fyk ut til høgre. Ho hadde lært av Ekko forige veke. Eit kjapt rykk i bandet og full tyngde i ein retning og du er fri.. Trur dei andre hundane tenkte: Koffor kom ikkje vi på den der? Det lukta jo intenst akkurat her. Maja, som brått fann det for godt å setje seg stille bak ein busk utan å ville gå derifrå. Og Ekko som sjekka ut om det var lov å snuse Maja i rompa og som òg syns tauet er for kort og dei tobeinte går for seint.
Og innimellom går dei alle eksemplarisk ved sida av oss og kvarandre ;-)

tirsdag 25. november 2008

Vi greidde det!

Eit litt dårleg bevis, men dei kvite flekkane er altså fiskekakebitar. Ein på nasen og ein på kvar labb. Eg syns Ekko var råflinke som greidde å halde seg i ro sjøl om eg skulle finne mobilen og ta bilete. Han snur litt på hovudet, men held seg rank.

Dette hadde eg ikkje trudd vi skulle fikse så fort. Men ka finn ein ikkje på ein kald kveld og ein uroleg hund? Jo arbeid som krev mykje av han og lite av meg ;-).

Elles har vi trent litt på den der ufyselege klotanga. I fleire dagar har eg ikkje fått ta i labbane, men i kveld har han fått klikk og belønning for at eg har tatt på dei og klemt litt. Rart kor fort det gjekk tilbake til nullpunktet då eg klipte feil. Men fiksa vi fiskekake på nasen, må vi vel fikse dette òg.

lørdag 22. november 2008

Svart på kvitt

Som de forstod av forrige innlegg, så har det vore rundering i dag. I tillegg til å vere figurant, var eg leiar for ekvipasjen Aud Venke og Ekko. I tillegg til oss var Kari & Evita, Kari & Dea og Marina & Kira aktive denne vakre dagen.

Eg hadde bestemt meg for å kjøre enkeltslag. Vinden var slik at det var mykje fert på den eine sida av midtlina. Ekko var gira på vegen frå bilen til starten. Tenkte at dette kunne gå heilt galt. Og på første slag spring han mot skogen. Harespor, tenkte eg. Men så var det som om han tenkte: Å ja, eg er jo på jobb. Han retta seg opp og sprang rett på Marina.
Neste slag var mot vinden, altså enkelt tenkte eg. Her måtte han ha oppdukk, men då sprang han rett på.
Tredje slaget var veldig bra. Han sprang rett ut, men forbi figurant. Då fekk han henne i ferten og snudde momentant.
Fjerde slaget var mot vinden igjen. No var det tydeleg at figurant var i nasen hans for han greidde nesten ikkje setje seg. Heile kroppen var klar til å springe. Rett ut. Flott.
På femte slaget hadde vi passering. Dvs at Kari, som var på midtlina, holdt Ekko igjen. Eg gjekk nokre meter mot figurant. Sa: "Runder" og Ekko passerer meg fint på veg ut. Eit flott utført slag.
På sjette slaget sprang han ivrig ut, men fekk tydeleg ikkje ferten av figurant. Han søkte då bakover, men kom fort inn då eg fløyta. Dette rota han med to gonger før vi bestemte oss for eit oppdukk. Trur vi skulle ha sjekka vinden betre på den sida. Vi tok det som sjølvsagt at den sida var enklast, men det var her han hadde størst problem.
På sjuande slaget var det tydeleg at han var trøytt. Han hadde ikkje same energien i avsparket. Men han fann Marina og eg var blitt varm av å springe ut og hente han heile tida. Slitsomt med enkeltslag.

Dette er første gongen vi har kjørt så mange enkeltslag etterkvarandre. Og det i snø som fleire hundar blei ganske så forstyrra av ( alle dei gode luktene undervegs). Eg er nøgd. No er det å arbeide med lausbittet slik at det kan brukast.

Etter runderinga tok eg Ekko med på fototur. Kjempekjekt syntes han. Han trente meg til og med til å fotografere og kaste snøball samstundes! Så her er han: svart på kvitt.

Vakre Ekko

Av og til litt djup snø

Ka er bakom her?

Kor skal eg springe?

Eg tok 'an!

Denne òg!

Denne tar eg!

Er det snøballkrig du vil ha?

Eg elskar å hoppe.

Ropte du? Eg komme!

I farta.

Her er eg.

Ein figurant ser dagen frå sin vinkel

Det er nokre dagar det ikkje er så aller verst å ligge stille og vente på at ein hund skal finne meg. Dette er Bore 22.november 2008: