onsdag 31. desember 2008
GODT NYTT ÅR!
mandag 29. desember 2008
Litt trening
.jpg)
Her var han heilt på jorde bokstaveleg tala. Han fann første gjenstand, neste blei tulleleike for han osv. No er det ei stund sidan han har prøvd seg på felt så eg gjekk tilbake til start. Ein gjenstand ut, Ekko hentar og leverer i handa mi. Det gjekk fint. Gjorde fleire slike.
På slutten av treninga lot eg han gå fritt på området. Eg vandra òg. Brått seier eg: "Søk - eg har mista votten". Då var han på hogget. Eg måtte snu meg for han kom ikkje på at han skulle leite bak meg. Etter det gjekk han nære meg og var klar for neste søkskommando. (Eg som skulle miste votten sånn tilfeldig...). .jpg)
Det utvikla seg til ein leik der eg kasta votten ut i terrenget og han fann den. Kvar gong blei den levert i handa. Det blei ei trening der avlevering av gjenstand var det viktigaste.søndag 28. desember 2008
Det avslappande og gode julelivet
På julaftan trudde eg at eg skulle bli heilt gal ei stund. Det lukta SÅ godt! Eg la meg fint ned på golvet under middagen og var veldig grei syns eg. Fekk litt som premie.
Heldigvis var det pakkar til meg òg. Då dei tobeinte skulle begynne å pakke opp sine kjedelege pakkar, sa matmor: "Søk, Ekko!" Det viste seg at dei hadde planlagt pakkeleiken til meg. Kjempekjekt! Eg søkte rundt overalt unntatt i stova for der hadde eg jo allereie snust meg fram til at det var lite å hente. Eg fann to kjempegode og godt innpakka pakkar (det tok litt tid å få av papiret). Den eine var ein kong fylt med fiskekaker, den andre var griseøyra. Eg er skråsikker på at eg fekk dei beste presangane!
Forresten. Matmor har ikkje bare dradd eit tre inn i huset, ho har invitert to skjeggete typar som bare står der og glor. Eg liker dei ikkje, men har akseptert at dei kan vere der. Og eg syns jammen dei burde la meg og vere i fred. Men veit du ka dei gjorde? Dei stal kongen min! Eg trilta den bortover golvet for å få tak i dei siste godbitane og brått fanga dei den mellom seg. Eg blei heilt fortvila og begynte å kjefte på dei, men trur du dei gav seg? Nei, matmor skjønte at eg var fortvila, så ho kom og det var ho som måtte ta den i frå dei. Fy så dumme dei er. Eg som ikkje har gjort dei noko vondt.
Kvart år prøver dei å ta bilete av meg ved sida av det der rare treet. Eg liker det ikkje og når eg ser resultatet, ser eg jo at det ikkje blir neste års julekort heller. He. he. Nei, eg liker helst at det skal vere bilete av meg i aktivitet. Sånne der eg skal sitje i ro og sjå grei ut, er dumme.
Men no må eg kvile litt igjen. Hardt å ha juleferie. Kos dykk vidare i romjula.
Romjulssleik frå Ekko
mandag 22. desember 2008
GOD JUL
Ingen har gått gjennom året utan å bli slipt.

lørdag 20. desember 2008
Nordavind frå alle kantar på Sviland
Eg hadde bestemt meg for at Ekko skulle ha enkeltslag og gå rett i belønning. Det starta veldig bra. Han spring rett ut. Etterkvart ser eg at han spring litt skrått ut på den eine sida for å bråsnu når han kjem langt nok ut. Då får han figuranten i nasen (vinden var akkurat då sånn). Eg skal prøve å utnytte vinden, men som ein eller annan har sagt: På Sviland kjem nordavinden frå alle kantar. Vindretningen skifta i eitt sett og eg greidde aldri å nytte meg skikkeleg av det. Eit slag sprang han ut og leitte voldsomt, men lenger nede enn eg hadde sendt han. Fekk han inn gjen, bad om lyd. Då Kari skreik, begynte vi alle å lure for det kom jo frå ein heilt annan kant enn der vi trudde ho var. Ekko meinte det same og sprang i den retningen vi syns vi høyrte hylet. Omsider fann han henne. Ho låg heilt rett i forhold til der vi sendte han ut. Lyden og vinden lurte på hund og menneske. Ekko skal ha ros for at han arbeidde og arbeidde for å finne henne. På siste slaget begynte han å snuse, leike med pinne osv. Fekk eit oppdukk og då blei slaget flott.
Eg kan nok kjøre enkeltslag og rett i belønning ei stund til. Han har ikkje beine slag stabilt. Det som er positivt er at han jobbar godt, heilt til han er trøytt. Greier eg å lese det betre, kan eg få figurantane nærmare på slutten slik at vi får fleire slag. I dag blei det dei tradisjonelle juleslaga, nemleg 7 :).
Evita og Ekko møttes litt i skogen i dag. Kari og eg fekk sett på koss begge reagerte. Ekko inviterte til spring etter pinne, Evita syns han var litt nifs. Begge var flinke til å kome innom matmødrene for sjekk. Vi gjorde ikkje mykje av det, ville bare prøve oss litt fram.