fredag 6. mars 2009

Badetur med mor og ID-spor

Nå har matmor mi snart overtatt heile bloggen så nå må eg gjer noko.

I dag har eg vore på tur med den skikkelege mor mi. Vi har bada. Det var ganske deilig, men mor Alpha syns det var i kaldaste laget for ein symjetur. Ho er blitt ei pyse på sine gamle dagar. Matmor mi likte at eg bada for nå luktar eg visst godt.
Vi har sprunge og herja. Skogen var full av pinnar som vi kunne kappast om. Kjempekjekt! Matmor og eg trente på jaktinnkalling. Det likte eg! Stiligt å sjå henne springe i full fart bortover stien. Eg var redd ho skulle ramle og slå seg, så eg sprang etter i full fart. Måtte jo vere nær om noko skulle skje.

Etter turen måtte Alpha i bilen. Eg fekk gå eit lite stykke i band. I mellomtida forsvann dei 3 andre vi gjekk tur med. Og dei som er så kjekke! Heldigvis hadde ei av dei gløymt lommetørkle ved skogen. Då var det bare å sette farten opp og kome seg avgarde. Matmor prøvde visst å seie noko, men eg hadde ikkje tid å vente på den sinka. Matmor til Alpha hadde tatt med seg den rosa grisen min då ho gjekk inn i skogen. Ho er jammen rar. Men eg fann både henne og grisen.

Etterpå sa matmor at eg hadde vore veldig flink for alle tre hadde gått inn i skogen og eg hadde fulgt det rette sporet. Flink er eg jo, men dette var bare barnematen. Det var jo ho som hadde mista lommetørkle, og då var det jo til henne vi måtte for å levere det tilbake.

Nå må eg sove for eg skal visst på kurs i morgon.
Stort gjesp frå Ekko

lørdag 28. februar 2009

Sporhunden

I dag var det sporlaurdag i bruksgruppa. Vi var mange som ville ut og spore i Melsheia. Veldig kjekt!

Ekko starta kl 9 med blodsporet Jan Inge la ut midt på dagen i går. Det hadde blitt litt kaldare i natt og det var snøfnugg i lufta. Ekko starta ivrig, men begynte fort å rote litt. Det verka som om det var andre lukter han gjekk etter. Det er litt vilt i dette område så kanskje det var viltspor han hadde ferten av. Men han kom seg i alle fall innpå igjen. Gjekk fint ei stund, men hamna av. Så innpå og så for han avgarde i eit visst tempo. Eg mista han og måtte kalle han inn. Då roa han seg og fann sporet og gjekk kjempeflott fram til slutten.
Eit langt spor med sårleier og område utan blod i eit ulendt terreng (det er ikkje lett å gå i Melsheia). Sporet står til OK, men ikkje meir.

Så var det hjernearbeid for tobeinte. Vi skulle legge mange ID-spor for Punky og mange for Ekko før vi henta hundane. Marit, Jan Inge og eg jobba saman. Vi noterte og stod i, men vi greidde å rote det litt til for oss sjølve. Vi hugsar mindre enn vi trur ;).

Ekko hadde visst planlagt stort i bilen for han var klar for sporing frå han kom ut. På veg mot spora han skulle gå, prøvde han å kome seg innpå dei som Punky hadde gått (dei hadde startar som låg slik at han lukta dei).

Spor 1:
Rett spor går rett fram, falskt til høgre. Ekko ser så vidt på posen eg har votten til Marit i. Eg tar den med for eg er utrygg på om han har fått med seg ka han skal. Men han visste. Det var rett fram, med eit ørlite stopp i krysset før han for rett på mål. Tempoet var høgt. Og eg var alt varm...

Spor 2:
Falskt spor går rett fram og rett spor til høgre. Nå er det Jan Inge si lukt han skal følge. Eg hadde ikkje sjans. Alle kratt og velta tre han kom seg raskt gjennom, kavde eg over. Jan Inge hadde åtvara meg og sagt at eg truleg måtte sleppe hunden. Og når hunden var skråsikker på ka han skulle, gadde vel ikkje han å vente på meg. Kan vel seie at stimuluskontrollen ikkje er på plass i sporet. Forsøka mine på "stå", "vent" osv var heilt ukjente ord for sporhunden Ekko. Ekko tok her ein snarveg. Han gjekk ikkje fram til krysset der falskt og rett spor skilte lag. Han hadde fått ferten (det var begynt å blåse litt) av sporet til Jan Inge før det..

Spor 3:
Rett spor på skrått framover og falskt spor til både høgre og venstre. Altså var det 3 lukter som hadde vore ute og gått. Dette hadde han aldri prøvd før. No var det eg som var det rette sporet og Marit og Jan Inge dei falske. Eg tok posen med votten ned til Ekko. Hn gadd så vidt å sjå på den. Han skulle spore. Eg tenkte at no er han så gira at han kjem til å tulle og dytta omtrent posen i snuten på han. Hundar har i alle fall kroppsspråk, for heile kroppen hans viste tydeleg at om det skulle kårast teite matmødre så ville eg hamne høgt på lista. Han visste ka han skulle og dermed basta. Ok. Avgarde med oss. Jan Inge gjekk til venstre akkurat ved ein høg stein. Eg hadde tatt eit steg halveges på steinen for eg lurte på om eg skulle gå der. Ekko tok hoppet opp på steinen, men ombestemte seg fort og kom seg ned og inn på sporet. Der Marit gjekk av reagerte han ikkje ein gong. No var det strake vegen mot målet. Eit veldig bra spor.

I dag gjekk han altså flotte ID-spor, men farten er ikkje heilt god når terrenget er så vanskeleg som her. Slutten hadde han ein tendens til å gå forbi. Det skuldar eg litt på draget i lufta. Han fulgte bare sporet som sporgåar hadde gått vidare så det var ikkje avgarde i vilden sky..

Etter ein pause der Gro prøvde å lære meg litt om GPSen (eg vil bruke den i sporgåinga), gjekk vi tur. Hundane måtte over to gjerdeklyvarar. Ekko liker det ikkje, men han gjer det. Men eg er litt spent etter den siste i dag for der gjekk det på magen og litt forskjellig over. Vi får gå nye så han får det i blodet igjen.

Det tar på å legge spor og gå spor. Ekko har sove det meste av ettermiddagen og eg kjente det eg òg. Altså ein flott dag.

Foto: Punky syns dei treng lang tid før ho får setje i gang med arbeidet.

fredag 27. februar 2009

Spennande ID-spor

I dag er våren på besøk. Eit perfekt vêr å trene i. Marit og eg hadde bestemt oss for å trene ID-spor ut frå artikkelen til Anne Lill Kvam om ID-spor. Og deretter ha ei økt med meldetrening. Vi brukte godbitar som slutt i staden for eit menneske. Det løyste ein del utfordringar for oss i dag. Spora blir òg gått rett etter kvarandre (Vi har altså gått opp alle spora FØR hunden kjem ut av bilen).

Ekko sine fire spor var slik:

Spor 1:
Det ekte gjekk rett fram (Marit) og det falske til høyre (meg). Marit la kjempegode godbitar i slutten av sporet sitt.
Ekko var gira og klar for sporgåing. Han lukta på eit lite lommetørkle Marit hadde lagt ut, men verkar ikkje som han kobla. Vi veit at Dea har leika der, Kari har trødd mykje der, men meiner at hunden bør fikse dette. Tar han tilbake til start og då er han ikkje i tvil kor han skal.

Spor 2:
Det falske går rett fram (Marit) og det ekte til venstre (meg). Her feiler han og vil gå framover som sist. Blir stoppa og får lukte ein gong til på votten min. No svinger han til venstre og går fint til slutten.

Spor 3:
Det ekte går til høgre (Marit) og det falske går til venstre (meg). Nå er han tydeleg tent på oppgåva og går det veldig fint.

Så kjem den store utfordringa:
Spor 4:
Nå bruker vi spor 3 om igjen. Bare at denne gongen er det mitt spor som er det rette. Han luktar på votten min og skal altså velge å gå til venstre. Nå har han sjøl gått deler av sporet ein gong før og eg har gått bak og trakka. Vi var veldig spent på om det å lukte på ny gjenstand ville gjere at han tar eit anna val i krysset enn ved forrige spor. Og han var ikkje i tvil. Han går med nasen i bakken og tar alle svingane eg tok. Imponerande!
---
Denne måten å gjere det på var veldig kjekk og skal jammen prøvast ut fleire gonger!

Etter dette hadde vi ei økt med meldetrening. Eg har tatt opp igjen den delen som handlar om å springe frå figurant - til førar - til figurant igjen. I dag har Ekko god fart. Han kjem inn på plass, men så dukkar det opp ein ny variant i dei to siste forsøka: Han legg seg ned ved føtene mine og vil tygge på lausbittet. Heldigvis var han på hugget igjen då han fekk kommandoen "Sitt opp". Det må eg få vekk fort. Men elles var fart og engasjementet bra.

Etter at dei andre hadde dradd (Jan Inge hadde vore i Melsheia og lagt blodspor medan vi trente), tok eg ei økt til med Ekko.

I går kveld måtte eg bare sjå nøye gjennom ka dei krev i klasse D brukslydnad. Og det var som eg tenkte: Viss eg ikkje får lineføringa på plass, kan eg heller ikkje få fleire av dei andre øvingane på plass. Vi hadde ei økt med lineføring på treninga i går. Først gjekk vi sidelengs lang den kvite parkeringsstreken (i mangel av planke) og så gjekk vi litt framover. Marit klikka for meg. Ekko viste takter til å få til nokre fine steg framover. Det låg i bakhovudet i dag.

Men først skulle det trenast på å levere ballar. Med to like tennisballar gjekk det så det suste i dag. Han sprang og han leverte. Men ballen er sterk. Han hadde tendenser til å legge den ein meter frå meg i staden for å levere i handa. Dte fekk han ikkje lov til og heldigvis tok han teikninga.

No var han høgt gira og det var på tide å gå på planken. Og gjett om han gjekk. Å vite at det låg to tennisballar og kjøtkaker i lommen min, var visst verd mykje. Det var bare å snu og ta same ruta tilbake ;). På slutten av den begynte eg å gå framover. Og Ekko gjekk inntil fleire steg!! Då han sklei ut var det ikkje meir enn til 10 cm. Det er jo halvparten av det han gjorde før. DÅ fekk han ball-leik ei stund til.

Altså ei veldig god treningsøkt i dag. Sol, vårvarme og arbeidande hundar!

For dei som lurar - klasse D inneheld:
1. Lineføring
2. Gå framfor i line
3. Fri ved foten
4. Dekk under marsj
5. Innkalling frå sitt
6. Apportering
7. Hopp over hinder
8. Fellesdekk i 3 minutt.

I ein konkurranse må hundane i tillegg konkurrere innan ei av 3 grupper (rapport, rundering og spor) Dvs i klasse D skal vi velge anten budføring+spor, eller budføring+rapport eller budføring+rundering.
Ganske utfordrande for hundane syns eg.

Som de ser av øvingane i klasse D, er det mange som må vente når ikkje lineføringa er på plass. Vi testa apporteringa i går og den gjekk veldig bra.

onsdag 25. februar 2009

Tur, trening og spor

I dag fekk Ekko seg ein flott dag på Bråstein. 2 timar vandra Hildegunn og eg rundt i "hundeskogen". Ekko gjorde utfall mot ein leonberger(?), men det var ein sindig kar så han sto han av.

Så drog vi rett til området og litt trening. Her er det ikkje bare beina som skal trenast ;). Vi trente saman med Marit & Jan Inge m/ Punky og Silje m/ Pia. Vi starta treninga med at Jan Inge la ut eit spor med 3 pinnar til Punky og eg la blodspor til Pia og Ekko.
Pia plar vere ein reser til å springe ut i felt og hente ting for å springe inn igjen. I dag var det litt slappare. Men det låg ein spennande dummy der. Det hadde ikkje ho hatt før. Kanskje noko å hente inn til matmor?

Eg slit jo med lineføringa. I dag viste Marit og Punky meg eit tips dei hadde fått av Thomas Stokke. Eg gjekk bortover ein planke og Ekko skulle følge tett inntil. Det gjekk veldig bra. Skal trene meir på det. Og som Marit sa så må eg nok trene som eige moment at Ekko kjenner handa som beveger seg like ved skuldra hans. Han er jo så høg og eg så liten...

Trente òg litt på at han skulle ligge roleg ved meg medan Punky og Pia trente. Han gjorde det, men slappar ikkje av, er på jobb og syns han fortener godbitar. Ei god trening som eg bør gjere oftare.

Ei lita økt med sitt- dekk -stå fekk vi òg tid til.

Så var det blodsporet. Pia skulle gå sitt første. Eg var litt distrahert og gløymte å be Silje om å la henne lukte grundig ved oppsparket. Trur ho var litt forvirra over at det var blod og ikkje menneskespor ho skulle gå etter. Ho lukta veldig på eit blad eg hadde sølt blod på. Virra litt, men fann slutten.

Med Ekko rota vi litt med starten. Vi greidde faktisk å gå inn i sporet utan å begynne der vi skulle. Fy oss! Gjekk tilbake til start. Ekko jobba ivrig, men i dag trur eg det var eit viltspor og kanskje litt mine spor han var på søk etter. Det blei litt rotete. Neste gong eg går eit så ferskt spor, skal eg merke betre slik at eg får stoppa han.

Her er litt film frå dagen. Først Punky trener budføring:



Punky startar på eit langt spor med 3 pinnar (og som ho plukkar perfekt!).
Og her har jenta funne slutten. Marit og Jan Inge har jobba kjempegodt med Punky. Ho er blitt SÅ flink! Går roleg, kjem og leverer pinnane ho skal finne osv. Eg er imponert!

Så var det av ein annan arbeidande hund, nemleg Pia, og litt av det første blodsporet. Lukta var spennande:



På laurdag er det sportrening igjen. Gler meg til det. Har lyst til å jobbe meir med spor.

tirsdag 24. februar 2009

ID-spor - ein artikkel

Eg kom over ein artikkel eg ikkje hadde lese. ID-spor av Anne Lill Kvam. Ho har òg skrive boka: "Nesearbeid for hund". Den er verd prisen!

Artikkelen tar for seg ein måte å lære inn ID-spor. Gode tips å ta med. Er forresten litt opptatt av spor for tida. Les boka til Maria Hagström: "Nosarbete". Vi skal ha sporkurs i retrieverklubben i april og eg kjenner behov for litt oppdatering, idèar og tips. Eit sitat frå boka til Maria tar eg med i kveld. Den kan vere god å hugse på i alle situasjonar:

"Forsök att undvika bortförklaringar, de er sällan till hjälp i träningen. Se svårigheter som träningsutmaningar, hur ska du träna så att hunden klarar svårigheterna nästa gång den stöter på dem? Det er ett mycket mer konstruktivt sätt att ta sig an de problem som kan uppstå under träning än att skulla på rådande omständigheter".


Bilete i dag er fotografert av Elisabeth Økland og er tatt frå denne bloggen.