mandag 20. april 2009

Burleiken og nye konkurranseformer...

Marit sa ein dag at det var rart at så få av oss som har vore på kurs med Fanny & Thomas, som brukte burleiken. Burleiken ja, tenkte eg. Den har helt forsvunne ut av hovudet mitt. Så i dag var det fram med stoffburet. Og gjett om det var ein som var klar for burleiken?! Rett i buret og straks kommandoen "fri" kom, sprang han ut så fort at buret forflytta seg det òg. Inn og ut av buret. Kjempekjekt! Eg prøvde å lokke. Han beit ikkje på godbitlokking, men "kom" er sterkt, for då kom han. Ingen premie og inn i buret. Etterkvart tok han teikninga. Veldig kjekk trening. Ekko ligg òg med labbane utfor. Brydde meg ikkje så mykje akkurat no, men må gjere noko med det. Buret er ikkje det største det heller...

I kveld har det vore kurs for retrieverklubben. Sporkurs. Ein fin gjeng med ivrige hundar fekk prøve spor. Ekko fekk sjå på gjennom bilruta. Eg la eit spor med gjenstandar i før kursstart. Ca 3 timar etterpå gjekk eg det. Og det er medan eg går det sporet (eller småspring) eg byrjar å lure på om det ikkje burde vere ei ny konkurransegrein innan bruks: Sprintspor. Dvs springe langt spor på kortast tid. Den som kjem fram først med hunden framleis i line og utan at førar har ramla overende, vinner. Trur Ekko og eg hadde kome langt der. Han går jo skråsikkert i sporet og har ein fart som er ein idrettsmann verdig. Trur det er enklare å få opp kondisen og farten på matmor enn å få han til å vente på sinka.....

Men sidan det ikkje er slik ei grein, så får vi nok begynne skikkeleg på grunntreninga igjen.

PS. Ekko fann sjølvsagt alle gjenstandane i sporet.

lørdag 18. april 2009

Ein flott treningsdag

Sol som varmar, hundar som jobbar og kjekke folk å trene med, kan ein ha betre laurdagar?

I dag var vi på Skjæveland. Vi var Ingeborg & Sander, Marit, Jan Inge & Punky, Marina & Kira, Kari & Evita og oss.

Eg var mykje på midtlina, men fekk tid til å varme opp Ekko før det var vår tur. Han var kjempeklar. Ved første slag ville eg ha eit klapp for å sikre meg. Han spring flott ut. Eg vil ha passering og roper han inn for å få han rett ut. Resultat er at han passerer, men stopper opp. Hunden er kjempetørst. Han får drikke. Spring då fint ut. Neste slag er blindslag. Han startar fint, men stoppar fort. Påverkar det han at han ikkje får ferten av menneske i motvinden? Eg roper han inn. Det går greit. Han spring fint til neste. Då han kjem tilbake, held eg han igjen litt. Nå står Kari litt synleg langt inne i skogen. Eg ser at hunden er trøytt (og har erfart at det ikkje var folk på den sida). Han får kommandoen "runder", spring fint eit stykke og sakker farten. Då byrjar Kari å springe langt der inne. Gjett om det var ein som skifta takt? Kjempebra. Dei to neste slaga går òg kjempefint.

Alle hundane arbeidde veldig godt i dag, men dei blei varme og tørste. Vi fann ut at vi måtte ha med oss ei vass-skål på midtlina. Den blei flittig brukt.

I pausen testa vi ut leik på Kira. Gjett om ho storkoste seg saman med Marit :)?

Etter pausen var det Marit, Jan Inge, Kari og eg som var igjen. Vi bestemte oss for å trene meldetrening. Ekko og Punky på lausbitt og Evita på å halde bittet heilt inn.
Utfordringa mi er å få Ekko interessert i å ta heile runden. Han syns siste delen (der han spring ut for å leike) er topp, men at han skal springe frå figurant og inn.... nei koffor det, ser han ut til å lure på. Her må eg drille moment utan å knekke gleda. Punky har litt av same problematikken, men ho hadde i alle fall meir fart enn "eg skal bare lukte på blomane og tisse litt"-Ekko.














Treninga var nyttig og god, veret var fantastisk. Då var det bare å ta med seg overskotet inn i køa på Plantasjen. Ut kom eg i alle fall med litt sommar....

fredag 17. april 2009

Snurre rundt - går det an?

Arne aktiviserer oss for harde livet på aktiviseringskurset sitt :-). Før påske skulle Ekko shape snuten rundt i kring i ei eske. Og så skulle han ha framlabbane på ein stol og snuten i stolryggen. Det gjekk glimrande. Her viser han at han kan gå oppi stolen òg. Han strevde litt med å få rompa nedi. Stolen var visst for liten. Men då eg la teppe i og han slapp å sjå på rillene, gjekk det fint..

I lang tid har eg prøvd å få han til å ha alle beina i ei eske, no slo han til. Då måtte eg bare premiere!

I går var det ny kurskveld. No skulle vi begynne å snurre rundt (hunden altså). Deretter skulle hunden gå slalom og åttetal mellom beina våre. Dei to siste oppgåvene fiksar vi (sjøl om det ser litt komisk ut når matmor er liten og Ekko er stor). Men å snurre rundt er verre. Aller først måtte eg arbeide med at fingertarget ikkje betyr at han skal ta fingen min i munnen. Så gjekk eg over til targetstick sidan han er såpass stor. Han prøvde å spise den òg. Arne gjev meg tips om å gøyme targeten til både hunden og eg er klar. Ein liten detalj som gjer heile susen. Kor tar den mannen det frå?.. No fulgte Ekko roleg targetsticken. Imponerande. Vi kom ikkje langt. Prøvde litt i kveld òg.

Lekse til neste gong er:
  • Finne på forskjellig vi kan shape med eska
  • Hunden skal gå opp på ein stol, krakk eller liknande (den greier vi)
  • Fortsette med apportering
  • Snurre høgre og venstre. (den blir tøff)
  • Hunden skal gå slalom utan hjelp. (Den må vi fikse)
  • Gå bakover med kontakt og begynn å gå rett fram. Hunden skal følge både på venstre og høgre side. (Begynte litt på den i kveld.)
  • Og så motsatt. Først fot så begynne å gå bakover (Mannen er sprø..)
  • Og toppen av kransekaka... få hunden til å snurre medan eg går bakover og går fot.......

Vi har nok å trene på. Trur eg må slutte å jobbe, eg.

onsdag 15. april 2009

Sporkurs og bøker

I kveld har vi hatt teorien på sporkurset vi skal ha brukskomiteen. Det var veldig kjekt. Gro og eg hadde det saman. Gler meg til å ha praksistimar saman med denne flotte gjengen med unge retrieverar. Bruksarbeid er topp!

Det fins to gode bøker om spor. Og mange artiklar som de finn i margen min... Men altså bøkene:

Den første boka er norsk og er skriven av ein erfaren minehundtrenar, Anne-Lill Kvam: "Nesearbeid for hund". Denne opplever eg som ei svært praktisk bok i nasearbeid. Rett på sak og det er bare å setje i gang! Her er gode forslag til deg som vil lære hunden å bruke nasen.

Den andre boka er svensk. "Nosarbete - en bok om spor og uppletande". Marai Hagström er forfattaren. Enkel og grei forklaring på korleis du kan jobbe med spor. Boka har gode illustrasjonar.

Begge bøkene gjev gode praktiske forslag.

Trykk på boka (biletet) og du kjem rett til bokomtale og bestilling :-)

tirsdag 14. april 2009

Nå e verden blitt rar!

I dag forstod eg ingenting. Matmor satt (som alltid) ved datamaskinen. Brått begynte ho å snakke og så svarte den kjekkaste tenåringen eg veit om. Eg sprang rundt for å finne han. Så brått høyrde eg: "Heia, Bajas. Kor e du?" Det er bare eit menneske som kallar meg det. Og ho er kjekk. Men kor er ho? Eg blei heilt vill. Grein ved utgangsdøra for å få mor til å lukke opp. Kanskje dei stod på utsida. Fann ein dummy og sprang ut på terrassen for å sjekke om eg kunne sjå dei på vegen. Men dei var ingenplass. Og matmor sat bare der og snakka inn i datamaskinen. Eg blei heilt forvirra, men så var det som om det blei ganske nære viss eg stod ved maskinen saman med matmor. Eg syns til og med eg såg dei der. Men nei, dei kan jo ikkje vere inni den flate skjermen?!! Eg tok meg ein runde til, men fann dei ikkje. Lurer på kor dei har gøymt seg?

Eg har vore ute ei stund i kveld. Matmor trener sånne problemhundar og eg ser på. Lærer ingenting av det for eg er jo ikkje sånn. Trur eg... Dei var ikkje kome ut av dataskjermen nå heller. Rart.

Matmor har forresten gjort det litt enkelt for dykk. No kan de trykke på boka til Arne når de vil kjøpe den - og vips kjem du til bestillinga. Og så kjem du til Canis og kan handle, diskutere osv viss du trykker på den reklamen som står der. Var ikkje det smart? Eg trur ho har tenkt å gjere noko liknande med dei bøkene ho syns er bra. De får vente og sjå :).

Dama det er bilde av, er mor mi, Alpha. Ho var ganske søt då ho var litt yngre...

Kveldsbjeff frå ein undrande Ekko