lørdag 29. mai 2010

Solskinstrening med litt startdramatikk

I dag var det bare May Karin og eg som kunne trene. Heldigvis har May Karin ein sprek familie så mann og son stilte som figurantar. Treningsstad var Sæland.

Først gjekk vi med hundane for å planlegge ruta. Ekko begynte brått å dra kraftig i båndet. Eg slapp han for han vel ofte å kome tilbake straks han har snust ut det som låg litt for langt borte. Denne gongen gjekk det ikkje slik. Han sprang og sprang. Var ikkje til å kome i kontakt med. Tydeleg på sporet av eit eller anna. Vi bare gjekk vidare for det er ingen vits å rope på ein slik tornado. Omsider var han i kontaktmodus og eg fekk han inn. På veg tilbake la han seg brått rett ned. Ville ikkje gå vidare. Det verka som om han hadde vondt bak. Vi undersøkte labbane, men fekk ikkje røre han bak. Brått begynte han å kaste opp. Hadde han blitt bitt av ein orm? Merkeleg når ein tenkjer på tempoet han spurta rundt med. Molly hadde ein kapsel med tablettar på seg, så vi gav han eit par av dei for å vere på den sikre sida.
Etter ei stund fekk eg han med meg. Han halta litt, men det såg ut til å gå over. Eg konkluderte med at det var hoftene som hadde trøbla litt for han. Det var langt tilbake til bilen og han strevde litt med å gå inni.

Vi trente med Molly først slik at Ekko fekk kvile.

Ekko skulle trene med lausbitt. Figurantane var instruert i koss dei skulle gå fram med leik og godbit.
Første slag gjekk fint. Han kom inn med bittet, sprang fint ut og leika med fryd. Slag to likeeins. Slag tre: fint ut, men slapp bittet nokre meter frå figurant. Ingen premie. Blei sendt over på neste side. Nå tok eg påveknad for å vere på den sikre sida. Gjekk veldig bra.
Tok påverknad på slag 5 òg. Her gjekk alt greit fram til han skulle vise figurant. Då tok han meg med på ein tøysetur i staden. Ingen premie.
Slag 6 trengte han oppmuntring for å kome heilt inn med bittet, men elles gjekk det fint. Slag 7 kom han tilbake utan bitt. Sprang flott på slag 8, men var tydeleg trøytt. Slag 9 gjekk kjempefint. Han skulle opp ein bratt bakke med lausbittet til meg og var tydeleg pest. Fann figurant og leika bra. Premien var eit bad i elva :)

Andre økt fekk han bruke flying. Vi tenkte litt på at han faktisk hadde fått motgift i form av tablettar og var litt slapp. Men det viste ikkje på flyingen. Han er ein fryd å sjå på der han arbeider seg framover.

Ei fin treningsøkt der vi ikkje såg meir til smertene.

Etter det har eg olja halve terrassen og skal no begynne med alt kontorarbeidet som ventar.

onsdag 26. mai 2010

Vi er i live

Det er ganske så taust frå meg for tida, men vi er altså framleis i live. Dagane er bare i travlaste laget slik dei er på denne tida av året. Vi bruker fritida til turgåing, har vore ute på reise osb. Ekko er kjekk og grei å ha med seg rundt i kring. Han har stadig positive opplevingar i møte med andre hundar (jadå, der er nokre negative òg).

Eg les bloggar og ser at det skjer litt rundt i kring. Godt er det. Og så er eg litt valpesjuk, men det skal eg ikkje gjere noko med. No har eg endeleg fått det godt i hundelivet: Ein grei hund med passe oppseding, ein som taklar å vere aleine mykje osb. Men må innrømme at då eg las om denne koblinga blei eg litt dårleg... http://www.hayabusas.se/planerade_valpar.html

Ein liten curly.. for ei lukke det ville vore. Men mi tid kjem nok ein gong.

søndag 9. mai 2010

Rundering med figurantfokus

Så var det den første laurdagen etter kurset. Vi skulle prøve ut det vi hadde lært. Ikkje bare lett å hugse alle dei detaljane vi hadde fått tips om.
Denne laurdagen var vi 8 stykk så vi delte oss i to slik at alle kunne få to økter. Eg var opptatt av figurantarbeidet og meldetreninga og ville ha med meg Marina og May Karin som figurantar. I tillegg til dei, blei Kari L med oss. Vi fekk tildelt eit "nytt" område på Sviland. Spennande og det fungerte godt for hundane våre.

1.økt var det å repetere meldinga. Først frå meg og rett i leik, så mellomstasjon, så frå figurant via meg og så heile. Ekko storkoste seg. Figurantane May Karin og Marina gav alt så det var så her var det fryd. Vi såg at han likte blandingen jakt og drakamp. Då May Karin velta seg i graset og han måtte hoppe over henne for å få tak i leika, var han heilt yr av glede. Å springe ut til figuranten var kjempekjekt.

2.økt var det enkeltslag med melding. Nå gjekk Kari inn for Marina. Då skjedde det noko som overraska meg. Ekko gav alt i leik hjå May Karin og ville bare ha godbitar hjå Kari. Kan det vere fordi han ikkje hadde leika med henne før? Kanskje eg må varme han litt opp påå figurantane? Han var tydeleg meir ivrig etter å springe ut der May Karin var. Han leika litt på slutten hjå Kari, men ikkje med same iver. Altså må eg prøve det igjen og la Kari få leike med han før vi startar runderinga.

Sidan vi var fire, lagde vi oss eit system der den som nettopp hadde hatt hunden ute skulle vere på midtlina og medan vi venta på at midtlinegeneralen kom, la vi oss ut og så korrigerte bare den  på midtlina når ho kom. Blei veldig effektivt og fungerte veldig bra. Det hjelpte nok at vi hadde hatt ein times briefing på førehand om ka dei enkelte ønskte seg ut av treninga si.

Det mest fantastiske denne dagen var at vi sveitta i sola. For første gong var det godt å vere på Sviland UTAN stillongs ;)

Ein nydeleg fredag ved havet.

Torhild med Era, Silje med Pia og Selma og eg med Ekko møttest på parkeringsplassen ved Aleksander Kielland monumentet (Brutt lenke) for å nyte finveret et fredags ettermiddag. Eg lar bileta fortelje kor deilig vi hadde det.

Spor og slalomtrening

På måndag var det brukshundstrening på området. Eg starta med å legge eit spor for Ekko på ca 400 m. Vi hadde fordelt området mellom oss for vi var fleire som ville gå spor denne kvelden.

Mens sporet godgjorde seg, trente vi slalom og hopp. I tillegg hadde eg nokre eksplosive startar på Ekko. Han er blitt flink til å sitje på nåler og vente på kommandoen "kom".
I slalom har han gjort store framsteg. Det er enklare å gjere fleire pinnar utan å tulle. Eg prøvde å setje saman litt hopp og slalom. Då blei han så ivrig at det blei annan kvar pinne i slalomet. Må nok trene på det òg.

Sporet gjekk til tider i fortaste laget og han hadde eit avhopp der eit dyrespor fenga litt for mykje. Tok seg godt inn igjen og fortsette veldig bra. På slutten hamna han litt påsida av sporet. Han såg ein joghurtboks. Den hadde eg òg sett då eg gjekk sporet og eg hadde tenkt. "alt folk legg frå seg i naturen". No såg eg at det nok var ein slutt på eit spor for det var sløyfer i nærleiken og dei var ikkje mine :). Fekk Ekko til å legge boksen ned igjen og vi vandra vidare. Og rett nok, nede i skogen høyrte vi nasen til Era. Sporet mitt hadde altså kryssa Torhild og sluttane låg like i nærleiken av kvarandre. Heldigvis såg ikkje dette ut til å bry Era. Altså fekk vi oss ein lite planlagt sporkryssing.