lørdag 15. januar 2011

Har de sakna oss?

Vi er i live og lever godt, om nokon lurar. Ekko får for lite hjernejogg, men vi har kost oss med turar og familie. Når tida strekk til, er Ekko ute i skogen i fri fart :)

Jula var fin for både tobeint og firbeint. Nyttårsaftan feira matmora bursdag og rakettane for til vers. Det gjekk av i likaste laget, heilt til eg skulle vere smart å smelle litt innomhus. Ikkje spør meg kvifor, men Ekko blei heilt fortørna.

Etter nyttår har vi vore med på runderingstreninga. Forrige laurdag var det på Skjæveland. Ekko var skikkeleg høg og trengte tid til å finne ut at han skulle arbeide og ikkje bare hoppe rundt i kring. Vi fekk ikkje tid til å la hundane få skikkeleg oppvarming, noko som min firbeinte tok igjen i sporet. Men etterkvart vakna han og sprang ivrig. Eg prøvde med meldetrening, men den kanalen hadde framleis ferie.
Etter treninga var det ein hund som var sliten. Ikkje bare han forresten, eg somna i stolen. 

I denne veka har vi bare gått tur og trent litt på "gå på teppet"= legg deg på teppet.
Men i dag var det trening på Sviland. Det viste seg at parkeringsplassen var likna på isbanen i ishallen, så eg blei vinka tilbake då eg ville kjøre heilt opp. Der oppe stod Isabelle i grøfta. Ho skulle bare ta ein sving...
Inne i skogen var det ikkje is så vi fekk brukt spaserturen frå bilane til treningsplassen som godt oppvarmingsområde.

Eg kjørte flying og ingen forsøk på melding. Det handla mest om at eg ikkje var konsentrert og at eg var mest opptatt av å ha ein trøytt hund med heim.Målet i dag var framdrift.

Ekko var høg då han kom ut av bilen så eg brukte litt tid på å leike og la han springe. Så var det rundering. Marina var på midtlina, Tom Ove og Gry figurantar. Ekko jobba som ein helt. Det eg såg tydeleg i dag er at han rettar seg opp når han kjem inn til midtlina og skal ut. Han har faktisk 90 graders vinkelen i topplokket. Eg blei imponert då eg såg det så tydeleg som det var i dag. Han jobba godt og han jobba lenge.

Framover må eg jobbe med meldetreninga. Får drille ein del utanfor sjølve runderinga igjen. Han mistar litt piffen når han må melde. 

Det blir ikkje trening neste veke. Matmor har for mykje anna å tenkje på og jobben krev sitt, men vi får ta det igjen etter det.

Alle hundane jobba godt i dag. Dei er ivrige og lærelystne. Veldig kjekt.

Nå står 3 foccaciabrød i omnen og livet er ikkje det verste ein har :)

tirsdag 23. november 2010

Hunden kan han...

Stakkars Ekko. Matmor har bestemt at denne hausten skal ho ha tid til overs. For han betyr det altfor lite trening....

Men i går overraska vi treningskompisane våre ( sakna dei kjente eg då) med å stille opp på trening.
Eg hadde ikkje lagt ein einaste plan for kvelden. Bare at Ekko skulle kose seg. Men før eg begynte å trene, hadde hjernen kobla inn. Det skulle øvast på fastbitt.

Eg hengte på han bittet. Gro og eg starta. Trur du den der hunden bare hadde venta på at det skulle skje? Akkurat. Han tok det ganske så kjapt. Fann fort ut at det var viktig å leite etter det som hang rundt halsen for å få fiskekake. Flinke hunden! No er det bare å ta tak i dette og få han steget vidare. Må vel stille på trening på onsdag òg då :-)

lørdag 23. oktober 2010

Først tull og tøys så solid arbeid :)

I dag var vi mange på trening. 10 ekvipasjar. 5 nye. 4 av dei frå kurset denne hausten. Kjempekjekt!

Vi delte oss i to grupper slik at dagen kunne bli effektiv. Eg jobba saman med May Karin&Molly, Kristin&Hera, Marina&Kira og Kari&Evita. Vi rakk 2 økter med god matpause mellom øktene. Alltid kjekt med tid til mat, drikke og god prat med trivelege folk.

Første økt:
Ekko var første hund ut. Han er for tida ganske underernært på trening. Matmor har hatt altfor mykje anna å tenkje på. Han var høg frå han kom ut av bilen. Ville leike, bite i bandet, hoppe og tøyse. Eg tok det vel ikkje som noko anna enn at han gleda seg til å kome i gang.

Vi starta. Han sprang flott ut til figurant Kari, henta bittet og kom i godt tempo inn, forbi meg og over til May Karin på neste side. Kom tilbake, tok ein svingom på ei myr og tilslutt inn til meg. Heile tida med bittet i munnen ..... Gjekk nærmare Kari og tok eit kort slag. Dette gjekk passe greit, men pinnane i skogen var ekstra spennande.

På neste side sprang han veldig fint heile løpet. Flott tenkte eg, no er vi i gang. Han stiller seg opp og startar fint på jakta etter Kari, men så var det eit par pinnar på bakken. Du så kjekke dei var! Særleg når matmor kom ut for å hanke han inn igjen. Eg blei meir og meir frustrert over alle sprella han fann på der ute. Kari roa meg litt ned. "Tell til 10". Ikkje alltid like lett når du har lyst å kjefte på bajasen. Eit nytt kort slag. Går greit

Resten  er slik: Gjennomført bra på May Karin og tull og tøys på Kari Unntatt siste i tett skog. På den aller siste med May Karin viste han kjempegod driv framover. Bare det at matmor ikkje hadde flytta seg..... Men han har i alle fall forstått ka eg burde ha gjort :)

2. økt
No var planen minirundering i skogen. Eg var spent. Han var litt høg på veg nedover, men det plasserte han fort i iver etter å kome til figurantane. No fekk eg ei flott økt. Han sprang fint ut, kom inn med bittet, tendens til å ville sette seg. Ikkje lyst til å gje frå seg bittet, han ville ha kommandoen "vis" fort. Gav frå seg bittet og sprang ivrig ut. Kryssa meg fint på veg over til neste funn osb. Dei var synlege. På ein av dei siste var det tydeleg at han ville ha vatn. Han stoppa opp såg seg rundt, oppdaga litt vatn og sprang dit. Var lett å få inn igjen og sende ut. Ei kjempegod økt!

Vi må, som eg har sagt før, trene på å ha tid til å sitje ved start og avlevering av bittet. Ikkje det viktigaste akkurat no. Eg vil ha iveren der. Og så må eg nok roe han ned før start.

Etter treninga gjekk eg ein tur med Ekko. Han var tydeleg småtrøytt for han vimsa i beina mine. Og resten av kvelden har han slappa av. Er visst nøgd med seg sjølv.

mandag 18. oktober 2010

Vi har gått spor og feriert


fmwr.jpg
Morgon på Sviland
Forrige laurdag var vi kun to som møtte til trening. Kari M og eg. Vi bestemte oss då for å gå tur med hundane, legge spor og trene litt meldetrening.

Eg la ei langt spor til Ekko, utan godbitdepot. Det fekk ligge i ein time. Resultatet av sporgåinga var ikkje så imponerande. Han går altfor ofte ute på sidene og med nasen høgt. Var interessant å sjå då vi nærma oss slutten. Han var 2-3 meter ute på sida og eg var spent på om han gjekk forbi. Brått var nasen høg og han snudde seg 90 grader og rett på slutten.

Meldetreninga gjekk veldig bra for begge hundane.

På veg heim, ringte Silje og fortalte at ho hadde fått tak i blod. Vi avtalte å møtast på Sviland sundag kl 11. Tenkte brått på ka folk hadde tenkt om denne samtalen var avlytta? :)

Sundag kl 11 var det ganske folksomt på Sviland. " ekvipasjar trente rundering inne i skogen, Marit og Jan Inge runderte med hundane sine ute på vegen ned mot sandtaket, Kari M la spor. Og altså Silje og eg som skulle legge blodspor.

Ekko hadde ikkje gått blodspor på over eit år, så eg var spent på koss han tok dette. La karbonadebitar i starten og eit par stader undervegs.
Mens spora godgjorde seg, gjekk vi tur. Undervegs møtte vi Kari som lufta Dea og Punky (trudde vi), men oppdaga litt seint at Punky var i arbeidsantrekk der ho kom springande mot oss. Eg fekk hanka Ekko inn. Punky reagerte på ei fløyte, men blei ståande rådvill. Ekko forstod fort teikninga og tok slik fart at båndet brant i handa mi då han rykka til. Eg slapp og inn i skogen for han. Heldigvis syntes han innkallinga mi var like kjekk så han kom fort tilbake :). Snill gut.

Så var det blodsporet. Starta fint. Han tok seg tid til å lukte og spise karbonadebitane i starten, nasen var godt i bakken ei stund og eg tenkte; Yess, dette går fint. Men nei, så kom overvêrshunden fram igjen. Han måtte fleire gonger peilast inn på sporet for lukta av andre spennande saker var visst meir fristande. Siste tredjedel gjekk bra. Då var nasen skikkeleg planta og han visste ka han ville. Hoppa over bekken der eg hadde hoppa og rett på slutten.

Så ka har eg lært: Jo, eg må nokre skritt tilbake igjen. for å få på plass spornøyaktighet. Nasen må i bakken. Det er kjekt med ein god overvêrshund i runderinga, men ikkje i sporet. Og eg vil trene blodspor meir. Det er veldig kjekt.

Litt ferie har vi òg hatt. På torsdag kjørte eg Ryfylkevegen for å plukke opp to kjekke teåringsgutar i Suldal. Dei ville til Bergen. I Bergen har vi gått tur, kost oss og hatt solfylte haustdagar. Ekko har fått mykje kos og er i sitt ess når det er folk rundt han :) (spesielt når dei blir med på tur).


fredag 8. oktober 2010

Korleis taklar hunden å gjere feil?

Eg skal ikkje skrive langt og mykje om om korleis hunden taklar å gjere feil i dag. Kanskje eg skriv om det seinare, men har i kveld lese artikkelen i Canis 5/10 om same emnet. Det er ein del ting der til ettertanke og påminning i treninga vår. Så hermed ei sterk påminning om å lese den.

3 ulike måtar å takle feil på:
1.Vente til hunden tilbyr rett atferd og så klikke
2.Time out
3. Hjelper hunden

Ka er best?