søndag 30. desember 2012

Eit år er snart over

Då tikkar klokka mot 2013.
Året som snart takkar for seg, har gått fort. Og det har vore prega av at eg har ein vaksen hund som ikkje skal trenast til konkurranse og ei matmor som både har vore student, fulltidsarbeidande og reist mykje.

Det har vore eit år der eg har grubla veldig over ka eg skal trene på. Har mangla fantasi og har sakna aktivitetstrening. Særleg den treninga vi hadde med Arne Aarrestad for nokre år sidan.
Ekko er grei å ha med å gjere i kvardagen. Sjølvsagt er det noko vi kunne ha trent på (iver når det kjem besøk, iver når menneske snakkar med oss på tur....), men ingen av delane er eit problem i kvardagen. Altså blir det lite fokus på det.

Dei gongene eg har hatt overskot til å dra på trening om måndagane, har eg måtta tenkje gjennom ka er det eg vil trene på. Og jammen strever eg med å finne på noko. Blir til at vi leikar for det meste. Eller held på med gamle øvingar. Alle dei halvferdige. Det er nok eit anna fokus når ein trener for konkurranse, men Ekko skal altså ikkje trenast til lydnadsringen, utstillingsringen, bruksringen osb.. Han blir 8 år i januar. Men kanskje eg skulle ha trent som om vi skulle ha gått konkurranse, bare for å trene til neste hund? Men orkar eg det? Har eg lyst? Slike tankar har surra mykje i 2012.

Ekko har blitt ein dreven kennelhund. Han prøver å bli håndbagasjekofferthund, men skjønar lite poenget med at lokket må vere igjen. Heldigvis trives han på Baroniet og folket der elskar han så eg får ein glad hund med meg heim etter alle reisene mine.

Fleire reiser er han med på. Spesielt reiser til Bergen. Då er han i sitt ess. Ikkje vanskeleg å få han raskt ut av bilen for tissing og inn igjen mellom ferjene. Då er visst alt bare kjekt.

Å få besøk er himmel på jord. Då veit han ikkje ka labb han skal stå på. Og folk tar jo så lang tid opp trappene....

Med ei matmor som har vore student i tillegg til full jobb, har det blitt mykje tid til å slappe av for firbeinten, men det har òg vore tid for turar med hundevener.

Om det har blitt mindre av det dette året, så er det framleis like kjekt: rundering. Ekko storkosar seg og gjer jobben godt. Laurdagen i skogen er til glede for oss begge. Og begge sloknar som regel kvar ettermiddag. Mette av frisk luft og trening. Det kjem vi i alle fall til å fortsetje med i 2013.

Spor har vi fått gjort litt av, både i lag med bruksfolket og for oss sjølve. Dette er vel den treninga Ekko blir trøyttast av. Tydeleg at hjernen får brukt seg mykje på eit langt spor.

Altså har vi to treningsformer vi kjem til å fortsetje med. Kanskje får vi inspirasjon til meir stilleståande trening i tillegg. Eg legg spor når eg er på området om måndagen og då må eg jo fylle tida med noko medan eg ventar på at sporet skal godgjere seg. Kan jo ikkje bare bli hundeprat, eller kan det?

Ekko og eg skal avslutte året med å feire nyttår på Tjensvoll for 1. gong på 7 år. Kjenner det kan bli ein nifs avslutning på året, men kanskje det går betre enn frykta. Folk har så mykje pengar dei bare må skyte opp og tape for godt. Då er det betre å reise dei bort :).




lørdag 3. november 2012

Ei god runderingsøkt og matmor oppdaga noko nytt


Endeleg var vi på trening igjen. Det har vore mykje reiser og arbeid på matmor, men i dag var vi klare. Til Sælandsskogen med oss. Der var Kari og Nicole, May Karin og Molly og Gry og Silja.

Nicole og Silja er så herlege labradorar at dei mest er til å le av. Snakkar meg om livets glade jenter! Full fart, arbeidsglede og til tider litt for mykje energi som dei ikkje veit heilt kor dei skal plassere. Nicole var raus med kyssa i dag.

Den som imponerte mest var Molly. For eit år sidan blei ho skade og vi rekna ikkje med at ho kunne vere runderingshund meir. Men no var ho klar. Og det var ei jente som ikkje hadde gløymt ein einaste kunst. Rett på figurant, plukka opp lausbittet og rett inn til førar. Aldri i tvil om ka jobben var og at dette var toppen på jord. Kjempekjekt!

Ekko, eldstemann og sistemann. hadde lada godt opp i bilen. Endeleg var det hans tur. Figurantane, Kari og Gry, hadde fått kva si leike og godbitar. Ordren var at han skulle få godbitar straks han var lei av å leike.

1.slag: Eg trudde han var klar, men så var blikket hans i feil retning. Bad difor om ein lyd. Slapp han og Ekko sprang direkte bort til sekken som låg like ved vegen. (Det var blikket i feil retning som eg ikkje oppdaga). Straks den var sjekka ut, bar det direkte inn i skogen og rett på Gry. Fart og full melding. Leika flott med Gry. Ivrig med tilbake for så å gjenta farten og meldinga på neste. Slik haldt han koken på mange slag. Eg blei litt forundra over at han leika ivrig på alle slaga, heilt til det gjekk opp for meg at han ikkje visste at figurantane hadde godbitar! Det var eg som hadde gitt han ein godbit då han gav frå seg leika og blei med meg. Tilfeldig, men så smart. At eg ikkje hadde tenkt på det før?!

På nest siste slag, starta han veldig bra, men svingte brått av og blei ivrig snusande i bakken. Eg ropte han  inn, men null respons. Då såg eg ein hund som gnei seg mot bakken og hadde skikkeleg vrikking og vriing for å få eit eller anna overført til sin pels. Og det lukta... akkurat... dritt. Var veldig glad for at vi var ein stad der elva renner ivrig forbi og det er badedjupt for store karar. Og sidan straumen var sterk, fekk han både bada og trent i elva. Bilturen heim var fri for drittlukt.

I dag har eg altså lært at leik kan Ekko drive på med lenge når ingen har godbitar å tilby. Den lærdommen skal eg ta med meg til neste trening.
Takk for kjekk laurdag, damer!

søndag 23. september 2012

Sol og finfin trening

Denne laurdagen var det Skjæveland for første gong på lenge. Dette landskapet overtar mauren i sommarhalvåret. Men no var det brukandes for oss. Vi var fire ekvipasjar og eg hadde det i travlaste laget. Måtte vere heime til kl var 12..

Ekko var første hund ute.
Han kjørte melding på alle slag. Eg såg fort at han var ganske høg av seg. Ville leike med alle pinnar, grave i jorda og vere på heisatur. Altså var det smart å gje han litt hjelp på vegen.

Ved kvart slag fekk han hjelp (hyl, klapp, pinneknekk, plystring mm). Då sprang han rett ut og henta lausbittet. Ingen leiking denne gongen, Bare rett til matfatet. Etterkvart var det òg greit å rope på han straks han hadde tatt bittet. Var jo kjekt å tisse på vegen..
Han greidde minst 13 enkeltslag med full melding. Kjempeinnsats av sofaslitaren!

tirsdag 18. september 2012

Kort og godt

På måndag var det nesten som i gamle dagar på området. Elisabeth med Faya & Bella, Torhild med Era & Rina, Kari L med Nicole, Kari M med Dea og så oss då.

Eg starta med å legge eit spor på 3-400m til Ekko. Fleire vinklar og to gjenstandar i sporet. Deretter var det ned på området for å trene.

Vi trente på avstandskommando. Ekko kjem mot meg før han står og sit. Ka gjer vi då? Jo plasserer han på ein kubbe. Då kunne eg stå på avstand og kommandere stå og sit. Han gjorde alt på kubben. Men litt trangt, syns han.

Så litt trening på å springe forbi matskåla fordi kommandoen er på plass. Den funka.

Det kjekkaste denne kvelden var bommen eller brua eller ka det heiter. Ekko blei rett og slett høg av å springe over den. Ville gjere det om igjen og om igjen. Raringen.

Etter 11/2 time gjekk eg sporet. Fann starten fint, låg kanskje litt på sida av sporet, men gjekk rett på gjenstand 1. Første vinkel tok han fort. Eg blei usikker inni skogen, men han verka sikker. Kryssa stien og fann sporet vidare. Rota litt ved neste vinkel, men var sikker då han kom innpå igjen. Gjenstand to gjekk han rett på og markerte. Syns i dag eg kunne sjå på han når han bare har det kjekt og ikkje tenkjer så mykje på sporet og når han er på sporet. Ikkje alltid like lett for han ser ikkje forvirra ut i det heile. Har bare funne noko anna spennande å gå etter.

Kvelden blei avslutta med at det kom ei styrbyge så då var det greit å hive seg inn i bilen.

lørdag 15. september 2012

Våt og god trening

Totalt utlada fredagskveld førte til sløv planlegging av trening laurdag. Eg måtte innom butikken på morgonkvisten for å handle godbitar og walkiane låg igjen på kjøkkenbordet. Men eg hadde med meg hunden...

I Sælandsskogen møtte eg Gry m/Silja, Lise m/Scott og Kari m/Tammie. Veret var haustleg. Grått og regnbyger.

Først ut var Scott. Hyperklar. Undervegs såg vi at han hadde ein tendens til å springe forbi figurant før han trekte tilbake mot figuranten. Altså var det nok meir trekk uti skogen enn vi kunne sjå.
Kari var med for første gong etter kurset i fjor. Veldig kjekt. Tammie storkoste seg og viste at ho i alle fall var klar for runderingslaurdagar.

Tredje hund ut var bajasen. Vi begynte innerst i løypa. Figurantane var Gry og Kari. Dei hadde med seg lausbitt og leike.
1.slag: rett ut på Gry. Henta lausbittet og inn for å få viskommando. Leika godt ute hjå figurant. Eg gav han godbiten etter leiken. Gjorde det for at han ikkje skulle bli oppteken av at figurant hadde godbitar i tillegg til leike.
2. slag: Rett ut og fint driv framover då han ikkje fann noko rett ut. Med lausbittet i munnen kom han tilbake.
3. og 4.slag like gode. Får tilbakemelding frå figurantane at han ikkje er i tvil om ka han skal når han kjem ut. Tar fort bittet. Han leikar på kvart slag.

No lar eg han gå over i flying og rett i leik. Tunga heng omtrent i bakken, men dette er så kjekt at han kryssar fint og gjer gode funn.
Etter 8 slag stoppar eg. På flyinga sluttar han å leike. Brukar tida hjå figurant til mat og "pause". Tunga heng langt ute, men han held koken.

Denne gongen brukte eg tida på midtlina mellom enkeltslaga til å gira han opp. Trur det fungerte ganske godt.

Etter treninga skulle vi ha litt kaffi og mat. Pluss litt meldetrening. No begynte det å regne skikkeleg så det var godt å kome inn i bilen og setje på varmen.
Mål vidare:
Reparere fastbittet og begynne med det.