lørdag 27. april 2013

To gode bruksdagar.


 Sist laurdag var vi på Skjæveland og trente rundering. Der hadde vi same opplegget som veka før. Flying og rett i leik. Her skulle det trenast på fart. Farten var kjempegod på den eine sida av midtlina, men på den andre.... Oppdaga det same med dei andre hundane. Det vi trudde var omtrent vindstille, var nok ikkje det. Den eine figuranten låg perfekt i nasen. Den andre ikkje i det heile.

I andre økta hadde eg 4 lausbittmeldingar og resten rett i leik. Han melder fint.

---
I dag var det spordag på Dale. Gry&Silja, Eldrid&Alfred møtte opp i sola. Eldrid la to korte spor, Gry 4 beine spor på ulik lengde. Min plan var klar: Eit par korte spor, beine. Og eit langt. Skulle trene på spornøyaktighet.
Ok. Ut for å legge spor. Startar med det første. På grunn av terrenget må eg legge inn nokre vinklar, hoppe over ein bekk, men pytt. La ein pose med godbitar i ei grop. Gjekk så vidare. Ut på vegen og eit stykke nedover før eg starta på det lange sporet. Sleppe meg ut på tur, er ikkje bare, bare... Eg vandra avgarde i eigne tankar. Slapp ned ein godbit i ny og ned. Brått tok eg ein 90graders vinkel for å gå inn i ein skog. Så ut på eit meir fuktig område, før det stig oppover. Hjelp, eg kjem visst til ura, tenkjer eg og tar ein sving bort frå det. Og slik held eg på. Nei, no må eg stoppe. Nei, kanskje litt til. Til slutt finn eig ei djup hole. Der går eg nedi og gøymer ein tennisball.
Så er det å nyte sola ute saman med Ekko.

Etter vel ein time bestemmer eg meg for å gå sporet. Eldrid vil vere med for å sjå på.
På med selen og fokuset er klart. Sporing. Eg strevde litt med å finne starten då det viste seg at ein eller annan med svart/gul plastikkmarkering, hadde meir enn eit merke hengande etter seg i skogen. Men vi fann det rette og Ekko gjekk sikkert avgarde. Tok første vinkel bra, men så kom nasen høgt. Eg stod stille og lot han jobbe. Etter litt virring, var han skråsikker. Denne vegen, mor! Bekken hoppa han over akkurat der eg hadde gått og slutten stoppa han ved. Snuste grundig. Her var det noko. Premie og skryt!. 

Eg tok ikkje av han sporutstyret, for eg ville at han skulle binde desse spora saman. Det gjorde han flott. Ut på vegen, venta for å sleppe gåande forbi. Gjekk langs veggrøfta ei stund og akkurat - her skal eg inn. Riktig. Då bar det innover, oppover, med vinklar, skogbotn, litt myr, litt sti, litt tett, litt av mykje. Eg hadde sikra meg på 3-4 punkter ved å henge opp sløyfer. Så då eg syns vi gjekk rart, hadde eg alltid feil. Sløyfa dukka opp kvar gong. 
Ein stad kalla eg han tilbake for eg var skråsikker på at eg ikkje hadde tatt den svingen han tok, men gått rett fram. Han såg litt oppgitt på meg, men kom tilbake. "Søk spor", sa eg. og han sette nasen i bakken gjekk to steg og fann ein godbit han hadde oversett. Jadå, den låg i den retningen eg meinte var feil...

På slutten visste eg akkurat kor eg hadde gått for det var inne i ein skog og eg såg steinen eg sikta mot. Då såg eg kor rett han gjekk. 
Slutten var ei oppleving. Han gjekk rundt hola med nasen høgt. Fleire gonger. Her er det noko. Eg stod bare og venta. Var litt redd for at han skulle gå glipp av premien etter så solid arbeid. Men brått var det ein som hadde skjønt at han måtte nedi hola. Jippi!!

Totalt blei nok dette sporet (som i utgangspunktet var to) godt over 1000meter. 
Eg er knallstolt av han! 

Ja, sånn ser altså to korte, beine spor og eit litt lengre ut når eg set teori ut i praksis.

søndag 14. april 2013

Runderingstrening med vekt på fart

No var det lenge sidan vi hadde trent rundering. Sist helg var det sporkurs, før det påskeferie og før det... Men denne laurdagen skulle det vere rundering på Sviland saman med Gry & Silja og Lise & Scott. Veret var fint (som det har vore denne vinteren) og mildare enn på lenge. Herleg.

Planen min var at Ekko skulle arbeide med farten sin. Meldetrening har vi hatt fokus på ei stund så denne gongen var det kun fart og leik. Altså god, gamal (og det kjekkaste Ekko veit) flying. Tenkte figurantane og trengte litt trim. Vi nærmar oss, trass alt, bikinisesongen.....

Ekko var først hund ut. Lise og Gry hadde gøymt seg i skogen med leike og godbitar. Full fart ut på 1.slag. Han likar så godt å leike for tida at det blir lite pause når han har gjort funn. Fin kryssing over til til 2.slag. I går var det veldig tydeleg at han oppsøker meg og krysser midtlina ved sida av meg. Kjempebra!

Etterkvart hang tunga langt ute. Tempoet blei senka. Då var det å kjøre på med ulik påverknad. Svært effektivt med ein figurant som brått lagar lyd og spring innover i skogen. Då blei det girskifte på Ekko. Opp fjellsida i fullt firsprang. Og fullfart ned igjen og over på andre sida der det òg var noko som rørte på seg i terrenget.
Skikkeleg sliten hund på slutten. Han stakk til elva for å drikke litt på ein av dei siste postane før han kom springane tilbake for å fortsette jobben. Tenkte litt på at eg burde hatt med meg vatn (det er tørt i skogen), men samstundes ser eg at hundane kan springe langt utan vatn når det er noko dei vil.. Men neste gong stiller eg vel med vatn for han blei tørst. Skikkeleg tørst.

På veg til bilen gjekk beina omtrent i kryss for han.

Etter litt kvile var det trening i pausen. Alle tre hundane var ute. Skulle ligge ved sida av stolane våre og trene på å vere der utan å bry seg om andre. Det var enkelt, syntes Ekko. Men matmor kunne jo trenast litt. Sjå meg. Sjå meg. Var målet han hadde for økta. Så for såvidt nådde vi målet begge to.

Andre økte var lik første. Det var leik på alle funn, unntatt siste. Då var han stuptrøytt.

Etter treninga gjekk vi ein tur med Gry &Silja. Det var tydeleg at dei var trøytte for dei gjekk å snofla ved beina våre. Ikkje mange sprell ut i skogen på dei to. Silja prøvde å få litt liv i leiren ved å ri Ekko, men det fekk ho roleg og tydeleg melding frå bajasen om at det kunne ho bare gløyme. Trur ho er den første som har prøvd seg på slikt på Ekko. Jaja, såg det ut som ho tenkte, og så vandra dei vidare.

Resten av dagen hadde eg ein hund som stort sett såg slik ut:
Ei herleg treningsøkt.

onsdag 13. mars 2013

På sporet.

Eg viser Ekko starten
I helga var brukskomiteen på motivasjonskurs med Merete Stokkenes. Det var Marina m/Kira, Gry m/Silja, Kari L m/Nicole og Ekko og meg som fekk den store gleda å få gå spor og lære for kvart steg.

På laurdagen starta vi med eit kort, beint spor. Merete ville sjå korleis hund og førar jobba.
Sporet eg la ut hadde 3 godbitdepot (3 pølsebitar i kvar) og på slutten hadde eg gøymt yndlingsleika.

Så var det avgarde med oss. Eg viste Ekko starten. Han gjekk roleg, men auka etterkvart farten. Til han kom til pølsene. Då åt han og venta på meg. Så bar det avgarde igjen. Jo, nærmare vi kom slutten, jo fortare gjekk det. Han trødde eit steg forbi slutten, men snudde seg og fann leika.
Og ka såg så Merete?

  • Ekko auka fart og eg hang på
  • Stopp ved depota. Såg ut som om han venta på min respons (naturlegvis: Han har jo fått respons på gjenstandar i sporet før)
  • Eg må passe meg for å ville vise han slutten. Finn ikkje hunden slutten, så finn han den ikkje.
  • på sporet
  • Ekko er ein sikker og sjølvstendig hund i sporet som veit ka han skal
Neste spor skulle òg vere enkelt, men lengre. Denne gongen skulle eg ikkje lage pølsedepot, men gjerne ein bit i ny og ne (mest for matmor som har behov for å vite om vi er på sporet).
Merete hadde i mellomtida snakka ein del om å ligge bakpå og ha kontrollen på farten.

Då var vi i gang med spor 2. Tempoet var fint (terrenget enklare), pølsebitane oppdaga og ingen stopp for å vente på meg. Slutten fann han greitt. Veldig bra spor!
På slutten av dagen la vi eit siste spor. Starten blei markert og 10m etter slutten. Så reiste vi heim.

18 timar etterpå skulle hundane gå sporet. Den yngste, Nicole, viste at ungdom var ingen hindring. Ho gjekk sporet sitt stødig som bare det.
Ekko blei vist starten og gjekk like stødig som han avslutta dagen før. Eg greidde å halde tempoet. Og slutten var han skråsikker på. Kjempebra. Han har faktisk aldri gått så gamalt spor før.

slutten funnen!
Neste spor var utfordrande for oss alle. Ekvipasjane fekk ulike utfordringar. Dette sporet var langt og krevde at vi stolte på hunden. Eg fekk beskjed om å starte ved Kari sin bil (ho hadde parkert langs vegen). Ekko snuste og markerte at vi skulle gjennom ei grind. Her gjorde eg første feil (gjekk inn porten først). Vi gjekk mot ein gravemaskin. Her markerte Ekko på eine hjulet (fekk etterpå vite at Kari hadde tatt seg ein pause der). Eg ville vidare framover (det er jo naturleg..), men Ekko svingte brått mot venstre og over ein sandhaug. Eg protesterte litt, men blei med på ferda. Så hamna vi i ei grop. Der markerte Ekko ka retning vi skulle, men eg trudde visst framleis at eg visste vegen. Det endte med at Ekko virra rundt meg før han gjekk i sin retning på sekundærsporet (sterkt sidevind) og inn på sporet straks han fekk fert av pølsebiten. 
Marina og Kira
Merete spurte meg om eg visst kor sporet gjekk. Måtte innrømme at eg ikkje gjorde det. Stol på hunden, var rådet. I ein periode var det tydeleg at Ekko gjekk på sekundærsporet. Nasen var høgare og hovudt vinkla litt mot venstre. Eg bør følge med på den rørsla vidare for då kan eg kanskje få han inn på hovudsporet.
Men då vi skifta retning, var han rett på sporet igjen. Han gjekk stødig. Eg måtte i blant halde igjen på farten. På slutten auka farten kraftig. Lukta av funn var visst sterk. Og der, langt inni buskaset, låg Kari. Gjett om det var ein lukkeleg hund som fekk leike og få med seg Kari tilbake til bilen.
Eit kjempekjekt spor!

Silja har levert ein pinne og får premie
Det siste sporet på kurset skulle vere med vinklar. Eg la ut eit greit spor, syns eg, men gløymte vinden. Det førte med seg at eg ikkje fekk testa vinklane skikkeleg denne gongen. Men eg fekk med meg tips om korleis eg kunne finjustere det til neste gong. Denne gongen fann ikkje Ekko slutten, men såg både sliten og nøgd ut for det.

Takk til Merete for eit lærerikt kurs! Eg har fått mykje inspirasjon og er klar for fleire spor.

søndag 17. februar 2013

Leike versus godbit.

Denne laurdagen møtte Gry, Marina, eg og hundane på Skjæveland. Det var glatt på vegen, men bart og tørt i skogen.

Mål denne dagen var:

  • fastbittmelding i sjølve runderinga
Marina hadde ein vond arm og eg hadde med veldig gode godbitar så vi bestemte fort at Ekko skulle få godbitar hjå figurantane i dag. Det blei ikkje leik.

1.slag: Figurantane ikkje så langt unna. Ekko sprang fint ut, tok fastbittet i munnen. Kom tilbake. Og sprang ut. Han åt godbitane som Marina prøvde å få han engasjert i.
2.slag: Her måtte det lyd til. Interessen var passe. Men med lyd sprang han fort ut, tok fastbittet, kom inn igjen og sprang ut.

Men interessen og giret? Det var borte. Eg gav beskjed om å gå over til lausbitt for eg ville ikkje ha fastbittmelding kobla til sirup.

Rett før eg gav opp, kom vi på at Gry jo kunne leike med han. Eg henta leika. Så trente vi full meldetrening i skogen. Og det var ein annan hund, det. Fart ut, fart inn og full fart tilbake til figurant for leiking.
Eg som ein gong trudde at eg hadde ein hund som helst ville ha godbitar viss han fekk velje..... God jaktleik var det som trigga han til å jobbe.

I pausen fortalte Marina om rallylydnad som ho og Kira var begynt på. Ekko fekk vist at han kunne litt av det allereie og eg fekk lyst til å trene meir på slikt. Kanskje det er noko for meg på treningsmåndagane? Eg leitar jo etter noko eg har lyst til å trene på.

Etter pausen ville eg prøve å nytte meg av den trekken som var, og fekk Marina og Gry til å legge seg ut i skogen. Ekko og eg gjekk tur. Eg bad han "Følge med". Har ikkje trent inn kommando for overversøk. Ekko gjekk der og snusa og såg ut til å vere på vanleg snusetur. Brått løftar han hovudet. Står litt. Men tilbake til snusinga. Så opp med hovudet igjen. Ser litt på meg. Går tilbake til snusinga. Eg er sikker på at han ikkje anar ka han held på med for no er vi snart forbi det området der eg trudde Marina var. Men så rettar heile kroppen seg opp og avgarde med han. Tilbake med fastbittet i munnen (dei skulle ha lausbittet framme) og god fart tilbake til figurant. Han hadde ikkje brydd seg om lausbittet, fekk eg beskjed om. Tok automatisk fastbittet.

Vi vandra vidare. Snusing i bakken og vimsing i skogen. Og det same gjentok seg. No sprang han eit stykke innover, men stoppa. Stod litt. Og så var han ikkje i tvil. Her var det folk. Full melding og lukkeleg i leik på slutten. Dette var visst mykje kjekkare enn å springe i regulerte former (rundering) for her var det ikkje noko å seie på farten, bare han hadde fått ferten.

Treninga blei avslutta med tur saman med Gry og Silja.

Ei fin treningsøkt.

søndag 10. februar 2013

Det tar på å bruke nøtta

Dei siste vekene har vi vore litt på farta og Ekko har halta litt, men no ser han ut til å vere frisk som ein glad hund.

Vi har kost oss med mange fine turar, mellom anna saman med to damer han har veldig sansen for (boxeren Pia og bulldogen Selma). Det blir i blant litt jakt etter rådyr, men det er tydeleg at han er blitt ein eldre mann (og klokare?) for han gidd ikkje jakte så lenge som før. Gjev fortare opp.

Eg trener ein del innkalling på desse turane. Selma og Pia er kjappare å kome inn når eg fløytar (dei er som regel nærmare), men Ekko òg er blitt veldig flink til å snu og kome springande. Eg ser eg har ingen sjanse når han har fått fert så det gjeld å følge med og kalle inn FØR han er for tent.

På laurdag var det tid for runderingstrening igjen. Diverre meldte Marina frå om at ho ikkje kom, men Gry og eg ville likevel.

Det bar avgarde til Sviland i mange minusgrader. Gry var alt på plass og gjekk tur med Silja. Ekko og eg tok innover i skogen og møtte både syklist og etterkvart Silja og Gry der. Var forresten mange syklistar på vegen denne dagen. Er det påmeldinga til Nordsjørittet som fekk dei til å stå opp tidleg?

Det første vi gjorde var å legge to spor kvar. Eg hadde stor tru og tenkte at eg kom til å sjå sporet mitt sidan det var var snø så det gjorde ingenting at eg hadde gløymt merkeband.

Eg hadde bestemt meg for å trene fastbitt. Ekko er jo ganske stor og bittet er i grenseland i forhold til å få tak i det, men eg ville ta opp treninga igjen.

Ekko forstod fort teikninga. Gry trengte bare ta borti bittet så plukka han det opp. Men så stod han og venta. Eg ropte og han kom. Dette gjentok seg. Hm. Ka er det eg har lært han sist vi dreiv på med fastbitt?
Vi gjorde denne økta ved det nyhogde feltet i starten av skogen. Forresten, då han kom inn til meg, var han så ivrig at han ikkje hadde tid til å gå rundt meg, men stilte seg framfor. Premien (leike med Gry) var tydlegvis noko å sjå fram til. Fin fart og iver i første treningsøkt.

Etter nokre rundar, hamna han i bilen og Silja skulle teste fastbitt-trening for første gong. Då var Gro òg komen. Ho fann fram mobilen og filma forsøket. Og Silja, ho viste at ho forlengst hadde skjønt ka ho skulle. Eg trengte bare å ta litt borti fastbittet så tok ho det. Sprang inn til Gry og returnerte i fullt firsprang. Imponerande! All treninga til Gry gjorde susen.

Ekko skulle få ein runde på parkeringsplassen han òg. Men det var ikkje fullt så kjekt. Han gjorde stort sett det han skulle, men farten var borte. Plusset frå denne økta var at eg ikkje trengte kalle han inn.

Etter at Maja hadde fått litt meldetrening (kort rundering), var det å gjere seg klar for sporgåing.

Heldigvis hadde eg merka starten. To gjenstandar låg ute i første spor og tre i siste. Ekko starta fint. gjekk i greit tempo. Fann første gjenstand, men markerte svakt. Ville vidare. Eg såg han fulgte fotefara mine, men så begynte eg å tvile. Såg ikkje fotefar, men såg ymse andre dyrespor. Hm. Hadde eg gått her? Brått var vi ved slutten. Ein gjenstand mangla, men Ekko hadde altså kome seg innpå sporet ein eller annan plass undervegs.

Rett til neste spor. Dette var ganske langt. No såg eg at han fulgte mine fotefar, men så blei eg i tvil igjen. Ein gjenstand funnen. Ok, så hadde eg gått her. Vidare med oss. Jo, eg hugsa eg hadde rota meg inn i tett skog, men òg ut igjen. Då Ekko ville lengre inn i skogen, fekk eg han ut derifrå. Eg såg fotspora mine på veg ut av skogen (trudde eg). Ekko sette nasen på ny lydig i bakken. Etter ei lita stund blei eg usikker. Her var jo hundespor ved sida av fotspora. Dette var nok ein person på tur med hund. Altså ikkje meg. Stoppa Ekko og gjekk tilbake til der eg hadde fått han ut av skogen. No skulle eg stole på han. Brått fann vi gjenstand 2. Gjenstand 3 fekk vi ikkje med oss, men på slutten var det rett på målet.

Tja, ka lærte så eg?

  • Marker sporet oftare (sjølv om det er snø). 
  • Stol aldri på hugsen!
  • Ekko lar seg lett spore av, men er òg lett å koble innpå igjen. 
  • Og tren oftare! 


Det som er spennande med snø, er å sjå alle dei  forstyrrande spora dei alltid har. Rådyrspor, andre hundar, andre dyr, andre menneske... Det krydde av spor langt inni skogen.

Då vi kom heim, slokna Ekko og sov resten av dagen. Dette var noko anna ein ein frisk tur i skog og mark.