søndag 10. august 2014

Eg skjems.



Ekko lever. Eg lever. Men blogginga har vore død. 
Våren har vore travel, men vi har trent på spor. Asfalt, grus og skog. I tillegg til runderingstreningane. 

Runderingstreningane har ofte vore saman med Kira og Scott. Tre ivrige runderingshundar.
Ekko brukar fast lausbitt. Han veit korleis fastbittet er, men det er litt for lite for han. Fungerer veldig godt med lausbitt.

Ekko har vist stor iver i dei ulike spora. Sjølvsagt er det dagar det ikkje går like bra, men gamlefar lærer og liker det.

Sommaren har vore og er varm. Ekko har ikkje orka så mykje. Vi har levd eit latmannsliv. Eg opplever ein hund som tar mange pausar på tur og som ofte legg seg rett ned på ganggolvet når vi har vore ute. Om det bare har vore varmen, kombinasjon varme og dårleg kondis eller om det er helsa og alderen som kjem snikande, det veit eg ikkje. Eg kjenner eg må følge med utover hausten. 

Vi har starta haustsesongen friskt. Trening opptil fleire dagar i veka. 
Eg står litt arbeidslaus når det skal trenast lydnad. Har ikkje hatt fokus på det og har ikkje tenkt å arbeide med det. Ekko er 9,5 år. Han fungerer godt i kvardagen og skal jo ikkje konkurrere. Men det var litt kjekt å trene saman med Elisabeth og Bella. Ekko og eg kunne vase litt med vårt og samstundes sjå på ivrig trening. Ekko storkoste seg og tilbaud både det eine og det andre av gamle kunstar.

Denne helga utfordra Lise oss med ei spor på 6-700 m der ho hadde hatt med seg Scott på turen. Han hadde gått laus. Terrenget var skogsbotn, grus, asfalt, utmark og hogstfelt. Eg fekk med meg ein genser slik at eg hadde noko å minne Ekko på lukta med.

Det var eit knallkjekt spor å gå. Eg veit at vi var på Scott sitt spor i alle fall ein gong, men Ekko tok seg fint inn. Då eg viste han genseren, såg han så vidt på den og justerte kursen. Det skjedde 2-3 gonger. Tempoet var lett å følge og heilt på slutten blei kroppen skikkeleg ivrig. Han hadde fått ferten av Lise. Funn av figurant er det kjekkaste!

Vi kjem til å fortsetje med brukstreningane på laurdagar og så ofte eg kan blir det trening ein kveld i veka i tillegg. Bruks er framleis like kjekt både for tobeint og firbeint.




søndag 9. februar 2014

Vi ligg ikkje på treningslatsida, bare skrivelatsida

Vi har trent minst 2 gonger i veka, men eg finn visst aldri ro til å skrive om det. Vi har trent spor på asfalt, på snø og i skogen. Og vi har rundert. Skal prøve å få litt orden på det eg har observert under treningane i alle fall.

Tre på Dale
ASFALTSPOR:
Ekko har hatt fleire gode spor. Han går med nasen litt høgt, men har vore sikker. Men han har òg kveldar der han er på heisatur og bare vil lukte på det han har lyst til. Aller helst vil han at vi skal leike. Altså ikkje stabil i det heile.
Det opplegget vi har hatt i det siste, har fungert veldig bra. Vi legg spor for kvarandre og bruker kritt ivrig. Vi stopper og premierer når hunden har gått eit stykke konsentrert. Eg kan ikkje ta opp premie frå lomma medan han går for då stoppar han. Må bruke stemmen for å fortelje at det han gjer er verd premie. Etter ei feststund, set vi hunden på spor igjen og går vidare. Målet er å gå lengre og lengre utan å stoppe for premiering.
Eg har brukt lite lukt i sporet (utanom sporleggar si eiga lukt), men trur eg må gå litt tilbake i treninga etter at vi bytta plass.


SNØPÅASFALTEN-SPOR
Ein kveld var det snø der vi hadde tenkt å gå spor. Det var ei interessant oppleving. No såg eg tydeleg korleis Ekko spora. Han lot nasen bevege seg på begge sider av sjølve sporet, men var tydeleg på retning og kor han skulle. Eit spor blei vanskeleg. Vi forstod ikkje kvifor, heilt til Lise kom på at det kunne kome trekk frå der ho hadde gått då ho kom tilbake frå sporet. Det var ferskare lukt og Ekko ville dit heile tida.


SKOGSSPOR
Siste laurdag i januar var vi på Dale. Det var surt og kaldt. Sterk vind og snø i lufta. Men vi skulle jo vere tøffare enn toget og la ut kvar vårt spor inne i skogen. Trea vaia verre og bak i nakken sat ein liten som sa at dei kan velte desse trea...
Sporet blei ikkje liggande lenge på grunn av veret. Sporet var ca 500 m og Ekko var sikker frå starten. Eg hadde greidd å tenkje vindretning då, men måtte jo ta ein del svingar. Dei kom heldigvis då han var på sporet og greidde å halde seg i hovudsporet. Veldig kjekt å gå eit spor i skog og mark etter all asfalten. Hunden såg ut til å nyte det stort.



RUNDERING
Rundering i Sælandskogen saman med Marit, Jan Inge, Lise og 4 hundar. Det var kaldt, men vi hadde kledd oss godt.
Ekko si runderingsøkt skulle vere med melding. Han spring fint ut, melder og leikar på dei første funna, men blir fort trøytt og vil over til godbitar. På dei siste slaga gjekk eg over til flying og rett i belønning. Etter slag 7 blei Jan Inge sendt over på motsett side av der han var slik at Ekko fekk eit blindslag og samstundes låg det ein figurant nære vegen på motsett side.
Eg var spent på om han sprang ut. Og på Ekko vis kryssa han midtlina fint og stoppa nokre meter inni skogen. Han har ein tendens til å stoppe og bruke nasen for overvêr før han spring vidare. Han sprang vidare. Då han ikkje fann nokon framover i terrenget, snudde han og sprang tilbake til der han hadde gjort funn sist  (på den sida), men kom fort fram igjen. Blei ropt inn på midtlina og fekk krysse fort. Stort med belønning hjå Jan Inge på andre sida.

Ei kjekk økt.


Denne laurdagen var vi på Sviland. Det blei ei heilt ny midtline og tett skog og ein del hogst på sidene. Eg ville ha flying og figurantar på ca 30 meter. Ekko sprang veldig bra. Han har godt driv framover og hadde funn på alle 10 postane. Grunnen til at det blei flying var rett og slett at eg ikkje hadde lyst til å kave meg inn i tett skog. Og gamlefar elskar flying og fortener flying. Han er stødig på melding, men elskar fridomen med å få jobbe heilt sjølvstendig.

Funn!
Andre økta blei overvêrsøk. Det bles godt så vi såg på retningen og bestemt oss for kor ho skulle gå inn for å gøyme seg og kor eg skulle begynne søket. Jaja. Vinden snudde.... Eg måtte endre litt strategi og Ekko såg ut som han bare gjekk rundt og koste seg i skogen. Etterkvart såg eg Lise, men ferten nådde ikkje turgåaren. Ikkje før han var forbi. Då ranka heile kroppen seg. Nasen i veret og rask snu for å springe mot Lise. Veldig kjekt å sjå på. Her må eg jobbe med korleis eg skal bevisstgjere han at vi er på jobb når ingenting skjer over lengre tid.

Og på måndag er vi klar for meir asfalt...


lørdag 11. januar 2014

Vi er i gang igjen!

Desember blei travel. Men vi rakk litt sportrening før det blei juleferie og livsnyting for både tobeinte og firbeinte.
MEN.
Vi har kome godt i gang med 2014!
Første laurdag i 2014 stilte 5 treningsivrige menneske og 4 hundar i Sælandsskogen. Det var vått og grått slik det hadde vore i vekesvis. Men ka gjer vel det når vi ha telt å legge slagplan og drikke kaffi i.

Ekko skulle bare få ha det kjekt denne laurdagen. Ingen melding. Bare flying. Eg ville sjekke litt framdrift og trene kondisjon.

Han sprang og fann alle figurantar. Leika godt og framdriften var bra. Ei finfin økt og ein lukkeleg hund.

Eg tenkjer ein del på at fleire av dei gamle treningshundevenene er døde og at Ekko er den eldste i laget for tida. Han som dyrlegen ikkje rekna med ville bli så gamal, etter dei hoftene han hadde då han blei testa som 1åring. Men bajasen held koken. Eg ser han er stivare visse dagar og har stort behov for å vere nær meg, men i arbeid er han aktiv og like læreglad.

Måndag 6.januar var asfaltgjengen på plass. Mørkt og vått var det, men ka gjer det når vi har kritt og lykt. Begge deler ser eg at vi treng i mørkret. Kritt for å markere sporet innimellom og lykta for å finne krittmerket når hunden er i tvil.

Ekko er blitt ganske stødig på asfaltspor. Han ser ikkje lenger ut som eit spørsmålsteikn. Eller, dette gidd eg ikkje, matmor. No er han klar straks han kjem ut, men vi må vere nøye med vindretninga for han syns kantane er mest spennande. Han går fort. Nasen er litt høg, men han veit ka han gjer. Eg har ikkje slutt i sporet, men premierer straks han går eit lite strekk slik eg vil ha det. Det gjer at eg er avhengig av krittmerka. Eg set han jo på nytt spor mellom kvar gong han er blitt premiert. Det betyr at det lange sporet som ein av figurantane har gått, fort blir til fleire småspor. Fungerer veldig godt og gjev han mange sigrar (og for meg òg). Det er ikkje snakk om sluttpremiar lenger og ikkje ser han ut til å leite etter det heller.
Måndagskveldane med blikket ned i asfaltet ved UiS er eit høgdepunkt i treningsveka. Vi har plass til fleire asfalthundar. Du treng ikkje kunne mykje. Vi hjelper kvarandre.

Vi merka forresten at eg ikkje kunne gjere leika klar eller godbiten klar medan han jobba. Han reagerte på at handa mi gjekk mot lommen og stoppa opp. Så no er det først rosande ord (då stoppar han) og deretter godbitar/leik. Fungerer mykje betre.
--

Så blei det laurdag igjen. Kaldt. Opphald og faktisk kom sola fram. Nydeleg dag på Sviland.

Eg lar Ekko framleis få lov til å kose seg. Litt premie fortener ein moden hund. Han fekk lov til å ha flying og rett i premie denne gongen òg.
Han var enormt gira då han kom ut av bilen og hadde eit høgt tempo under oppvarminga. Eg var redd han tok seg heilt ut før det var alvor. Men det såg ikkje slik ut. Litt treig i starten og lite interessert i leik, men framdrift og interessa for å søkje etter figurantar var godt på plass.
Det blei 8 slag på han.

Eg har grubla ein del på korleis han skal få blindslag sidan han reagerer på firgurant som er komen inn på midtlina. Denne gongen blei det blindslag på 2. slaget. Då visste han ikkje kven som ofte var på den sida av skogen så han brydde seg ikkje om dei som stod på midtlina. Han sprang ivrig og langt ut. Framdriften var òg god. Eit godt blindslag.
Neste veke blir det nok meldetrening igjen. Gamlefar kan ikkje kose seg kvar veke.

Etter pausen blei det ID-spor på Ekko. Celina fekk i oppdrag å gå rett fram og Kari svinge av. Ved starten låg hansken til Celina. Ekko lukta på den og tok den opp. Eg fekk han til å lukte ein gong til. Frå då av bar det skråsikkert avgarde i sporet. Ved skiljet der Kari hadde gått til venstre, reagerte han ikkje ein gong. Han skulle finne Celina. Veldig bra!
--
Premien? Ein sovande og sliten hund og ein eigar som er godt nøgd med starten på 2014.

lørdag 23. november 2013

Asfalt eller skog - livet er på sporet

Vi sporar kvar veke, men med ei matmor som jobbar for fullt og studerer i tillegg, blir det svikt i skrivinga.

Forrige veke hadde han blanda resultat på asfaltspor i regn. Det første var bra. Dei andre var mykje til og frå.

Denne veka har vore slik:
Måndag asfaltspor ved UiS. Scott, Nicole, Silja og Ekko skulle bruke nasen.
Eg hadde lært noko av krittmerka til Gry: Store og tydelege skulle dei vere. Og eg hadde med meg idéen om ikkje ha slutt i sporet.
Lise tok med krittet og gjekk eit for meg. I tillegg la eg eit spor med vinkel.
Spor 1: Ekko tok sporet fint, men ville mykje ut på sidene. Men så kobla han og jobba veldig godt. Fortsette der Lise eigentleg hadde slutta sporet og bare gjekk for å kome bort. Kjempebra,
Spor 2. Her jobba han veldig bra. Ved vinkelen sjekke han ut ein grøftekant før han kom tilbake og fortsette fint sporet.
Det fungerte svært bra å setje kryss i sporet og stoppe undervegs for premiering. Og deretter å gå fram til neste kryss og fortsetje. Då fekk hunden fleire spor ut av eit langt.

I dag var det Lise og eg som ville sleppe asfaltgutane ut i naturen. Sælandsskogen er perfekt til det. Den første vi møtte var ein moden herre frå området. Han kom på solid DBS damesykkel. Ikkje noko tull med gir der. Rett etterpå kom mann med traktor. Han var òg i moden alder. Så kom det eit par bilar til. Her skulle det hoggast tre til folket på Undheim og slikt arbeid er for skikkelege mannfolk.

Vi høyrte motorsag og etterkvart fekk vi beundre treet. Mannfolka tykte vi kunne ta ein julesong slik at stemningen blei perfekt, men Lise og eg feiga litt ut der... Dei var strålande nøgde med resultatet. Ein fiksa eit til huset i tillegg. Så var det gjort.

Lise og eg la ut to lange spor. Ekko sitt blei på 570m. Det skulle få ligge. I mellomtida skulle hundane få trene på sporoppsøk. Eg gjekk inn i skogen og laga ei linje (ikkje bein sidan skogen er full av tre...) og plasserte mange gule sløyfer langs linja.

Først ut var Scott. Han imponerte. Men det skriv vel Lise om.
Hundane blei sett på slik at dei måtte gå inn i skogen og ville møte sporet mitt slik at dei fekk ein 90graders vinkel.
Ekko tok sporoppsøket som om det var noko han hadde trent mykje på. Tok vinkelen og var skråsikker på retningen. Gjentok forsøket og han var like sikkert. Knallbra! Eg turde ikkje prøve fleire...
Sporet eg gjekk med han som førar
Sporet eg la ut

Vi gjekk rett på det lange sporet som no hadde fått litt liggetid. No er ikkje Endomondo det beste instrumentet til å sjå spora, men eg gløymer stadig GPSen så då blir det slik.


Ekko hadde fart og eg angra ei stund på at eg ikkje hadde den lengste lina med meg. Eg kan ikkje seie sikkert om han er direkte i sporet, men alle merkene blir nådd og der eg trur han går feil, har eg feil. Vi hadde eit stopp ved eit daudt dyr. Det måtte luktast på og studerast nøye før han kunne gå vidare. Tok perfekt vegkryssinga (eg hadde gått litt langs vegen før eg gjekk inn i skogen på andre sida). Etter vel 300 meter byrja han å rote. Eg stod heilt stille så det vises ikkje på loggen. Han fann godsaker etter eit anna dyr og måtte sjekke det og sporet ut, men kom seg på jobb igjen og var sikker på vegen vidare.

Siste sporet hadde Lise lagt ut for meg. Ekko starta greit, men verka meir lysten på leik. Og då eg trudde han hadde kobla heilt ut, tok han vinkelen perfekt. Altså meir på enn eg trur (liknar litt på nokre elevar...) 

Generelt i dag og fleire andre gonger så syns eg han har nasen høgt. Han jobber godt når han er av sporet og gjer ikkje opp før han er på igjen. Såg det tydeleg då vi kryssa ein sti og han ikkje fann kor eg hadde begynt å klatre. Kjempefin jobbing og tydeleg når han er sikker.
I dag var han lett å lese. 

Trur eg las i avisa på fredag at ein polititenestemann sa at han var sikker på at hunden hans var lukkeleg når den fekk gå spor. Det har han rett i. 

Vi avslutta treninga med å leite etter hundebåndet. Eg hadde mista det på turen. Sjølvsagt fann vi det ;).

søndag 3. november 2013

Litt spor. litt rundering og ellers eit roleg liv

Veke 44 starta med tre asfaltspor i mørkret saman med Lise og Scott. Lise hadde lagt ut eit beint asfaltspor til Ekko. I tillegg la eg ut to.

Sporet Lise hadde lagt ut, blei forstyrra av at eit menneske fann det for godt å spasere rett i sporet. Men eg stilte meg opp. Eg tok Ekko bort til starten. Gjorde han klar. Lise hadde lagt litt godbit i starten så nasen var tydeleg nedi. Og han gjekk knallbra til det var 1 meter igjen. Då byrja han å virre. Eg tok han tilbake og han tok seg fint inn. Optimistisk gjekk vi til neste spor. Dette hadde han det travelt på. Hamna litt på sida av sporet, men med omstart gjekk han det beint og fint.
Det tredje sporet verka han høg på. Han virra rundt i sikksakk. Tidlegare har eg meint at han blei meir konsentrert for kvart spor, her verka det motsett. Han var ukonsentrert og uinteressert. Eg har aldri tenkt den tanken før, men kanskje han var sliten etter to asfaltspor? Hm. Det må eg undersøke nærmare.

Alle planane om fleire sporkveldar forsvann i travelheit og ei sliten matmor. Men så kom heldigvis laurdagen med sol og mange folk som ville rundere i Sælandskogen.

Ekko var nest siste hund ut. Vi var så mange at eg fekk tid til å varme han opp slik at han var mjuk i kroppen før han skulle springe. På første slag fekk han ein liten lyd. Flott ut og fin framdrift då han kom inn med meldingen. Full fart ut for å leike med Marina. Både ho og leika er topp! Det neste slaget gjekk like bra. Jan Inge hadde fått den leika som bare var passe kjekk (no må eg hugse å kjøpe ei ny for den som er utslitt. Med lyd). Han hadde fleire gode slag. Etter nokre slag begynte han med det gode gamle: Eg stoppar opp og snuser for det er ingen vits å springe om det ikkje er nokon der. Men heldigvis set han opp farten etter nokre sekund. Dei siste slaga var flying. Premien for at han var flink og litt kondistrening.
Eg kan arbeide med at han blindt skal springe 50 meter rett ut same ka, men eg veit ikkje heilt korleis. Og eg veit ikkje heilt om det er naudsynt. 

Etter pausen avslutta vi med spor. Gry la ut eit spor for Ekko. Det fekk ligge litt og Gry hadde avslutta på ein måte som gjorde at ho kunne legge seg i slutten utan å forstyrre sporet når vi seinare skulle gå det.
Ekko starta ivrig. Var tydeleg klar over ka han skulle. Etter ei stund syns eg nasen kom litt høgt, men eg stolte på han og fulgte sporet vidare. No kom vi vel nære hovudvegen. Eg nekta å tru at Gry hadde gått der, men visste at Lise hadde gått i deler av sporet til Ekko då ho kom over frå andre sida av hovudvegen og skulle til parkeringsplassen. Han kan ha gått over i sporet hennar eller han kan ha brukt overvêret og kjent ferten av den vegen Gry hadde gått for å legge seg i slutten. Ikkje veit eg, men eg tok han tilbake til der eg var sikker på at nasen var nedi. Bad han spore vidare. Då gjekk han ivrig vidare og etter ei stund fann han ein person med tennisball og godbitar liggande bak ein busk. Fryd og glede!

Skal eg hjelpe deg?
I dag har vi vore på tur med Silje og Selma. Vi tobeinte trudde vi skulle vere smarte og unngå for mykje vatn så vi gjekk rett uti ei myr.... Men gildt var det.