lørdag 11. oktober 2008

Brukshundtrening - endeleg

Etter ei regnfull natt var vi klar for skikkeleg rundering i fint haustvêr. Vi var 6 hundeeigarar med tilsaman 7 hundar som skulle til pers.

Rundering
Ekko blei først sendt ut på enkeltslag. Han sprang fint ut, særleg på den sida der det var eit lite drag i lufta. Det blei mykje trim for meg sidan eg skulle ut å hente han kvar gong.

I dag var det mykje diskusjon om midtlina og ka er beint ut. Eg må innrømme at når eg ligg ute syn seg alltid at dei på midten er lengre framme enn meg, men viss eg flyttar meg får eg beskjed om at eg går for langt fram. Det er nesten som eg trur krumminga på jorda er på Sviland....

Etter matpausen (var smart og tok med kaffi og matpakke i dag), la eg eit spor. Det skulle ligge til vi var ferdig med runderinga.

Andre økt fekk Ekko bruke flying. Han spring fint ut, kryssar ved sida av meg. På slutten rota han litt, men med ein liten lyd tok han seg inn. Var tydeleg trøytt. Rett før skulle eg ha fått figurantane nærmare slik at vi kunne fått fleire slag.

Eg syntes runderinga gjekk veldig bra i dag. Nå skal det øvast på lausbittet heime og på treningane framover.

Ser de nøye på dette første bilete, finn de figuranten. Hundane har sine utfordringar. Neste bilete er Kira som har funne Silje.

Dei tre neste er Figlia som runderer. Gro er på midtlina.

Spor
Eg hadde lagt ut eit spor som var ca 300m. Botnen var variert: bardekke, vått og fullt av haustblad og høgt gras. Eg hadde lagt godbitar i sporet. Varierte mellom kvart 2-7 steg mellom kvar godbit. Det var fleire svingar i løypa. Vi skulle òg krysse ein sti.

Ekko gjekk roleg og plukka opp kvar godbit i starten. Eg hadde merka sporet dårleg, men trur han nokre gonger låg litt på sida av sporet, men såpass lite at han hadde lukta. Etterkvart sette han farten opp og tok ikkje godbitane i sporet. Eg trur det var ved overgangen til høgt gras. Det kan vere at dei då var vanskelegare å få tak i og at lukta av meg òg var høgare oppe i graset slik at nasen ikkje var så langt nede i bakken. Den kryssande stien brydde han seg ikkje om. Siste delen holdt han sporet perfekt.

Konklusjon: Ekko er flink til å spore, men eg må jobbe med tempo og følge med på kor endringane skjer.

Etter at vi var ferdige, dilta eg bak Gro & Maja for å følge med korleis Maja gjekk sporet. Det var eit utfordrande spor ho gjekk.

Etter ei stund kom ho av sporet og styrte litt med å kome seg inn på. Neste bilete er då ho akkurat har fått ferten av sporet igjen.
På slutten var ho ikkje i tvil. Her skulle ho rett opp.
Det var kjekt å sjå ei Maja som ikkje gav opp same kor mykje på villspor ho til tider var. Dette er tydeleg noko ho likar.

Eg var veldig nøgd med treninga og innsatsen til den firbeinte då eg kjørte heim. Nå kan vi kvile resten av dagen. Det er jo fortjent ;-).

4 kommentarer:

Anonym sa...

Det ser jo ut så dåkke har kost dåkk masse. Må innrømma eg har veldig lyst eg og.

Anonym sa...

så flinke dokker e! Såg ut som dokker har hatt ein flott dag!
Elisabeth e ikkje aleina om å ha lyst å ver med... :)

Gro sa...

Det var kjekt i dag ja, selv om midtlinja og retningen ikkje alltid er der me tror den er..
Ekko har veldig fin driv i runderinga. : )
Neste gang vil eg gjerne følge med deg på ditt spor, det er alltid kjekt å ha noen å diskutere med hvordan det gikk etterpå..

Håper det er ok at jeg kopierte bildene dine av Maja og meg på spor. Det er ikkje så lett å ta bilder selv av Maja når vi jobber, så det var veldig kjekt.

Aud Venke sa...

Til Elisabeth og Anne: Ja, de får stille med barnevakt og kome! Det er veldig kjekt.

Til Gro: Bare kjekt at du vil bruke bileta mine. Eg er litt på avstand når eg tek dei, men vi får i alle fall med at det er arbeid og klatring som foregår.
Det hadde vore kjekt å hatt deg bak i sporet. Kanskje vi skal legge spor for kvarandre òg. Då er dei i alle fall ukjent for hund og eigar.