tirsdag 7. oktober 2008

Så godt å trene igjen

Endeleg var det treningskveld igjen. Ekko var nok overtent og matmor hadde vondt i hovudet, men ka gjer vel det?
Vi trente saman med Elisabeth og Faya.

Aller først skulle alle hundane gjennom håndteringstrening. Nokre hundar skulle vise tenner. På Ekko ønska eg at dei skulle ta på han, kjenne og kikke som om han var hjå veterinær. Fungerte veldig bra.

Deretter skulle vi trene på stå med forstyrring. Det tok tid før Ekko skjønte ka eg ville. Han sette seg, rygga, trippa med bakbeina osv. Måtte ha nokre kjappe klikk straks han stod eit sekund stille. Er eigentleg herleg å sjå på kor treningsivrig han er.
Omsider forstod han teikninga. Då stod han stille om eg lea på meg, slapp godbitar i bakken og plukka dei opp igjen. Kjempebra. Må trene han på at han ikkje autmatisk kan spise dei eg har mista på bakken.
Neste runde trengte han òg tid på å koble til stilleståing.

Etter det skulle vi trene på kontakt under lineføring. Her er det framgang, men mykje arbeid framfor meg. Så denne veka skal eg ha fokus på at han set seg straks eg stoppar. No går han vidare medan eg står stille...

Treningsøktene var korte og effektive. Han hoppa fint inn i bilen mellom øktene.

På slutten gjekk vi tur. Han er veldig opptatt av Pia og blir uroleg når Scotty er i nærleiken for å oppsummere kort. På grusbanen får han eit kick. Han må leike. Så då blei det drakamp med bandet.

PS. Elisabeth syns han var blitt muskuløs sidan sist. Må sjekke om dei har treningsstudio på kennelen.....

6 kommentarer:

Anonym sa...

Ja dei har nok heilt sikkert treningsstudio på kennelen :-)

Om eg huska rett, så har han fått lekekikk på grusbanen før og????

Aud Venke sa...

Jepp. Han hadde eit kikk på ein grusbane i ettermiddag òg. Så grusbane= leik. Tenk om all læring hadde gått like fort.

Gro sa...

Kjekt å se at dere er igang igjen. Tenker nok Ekko setter pris på det.

Når du trener fokus og gjør holdt under lineføringen, legger du da vekt på at sitten blir helt bein, eller er det noe du vil jobbe mer med (finpusse på)senere?

Aud Venke sa...

Eg har ikkje tenkt så mykje på kor bein sitten er. Utgangspunktet mitt var faktisk at eg ikkje fekk til å premiere han rett. Dvs kvar gong eg skulle premiere, flytta hunden seg vekk. Så difor blei det ikkje at han skulle setje seg, men at eg premierte rett som var fokus. No når eg skal tenkje på sitt, så ønskjer eg nok beine sitt så det blir ei utfordring.

Gro sa...

Hmm. Kanskje du skulle trene en ting om gangen? Dvs trene kontakt mens du går og ha høy belønningsfrekvens på det og ikke kreve utgangstilling (dvs sitt) i tillegg. Den kan jo trenes utenom. Bare en tanke?

Aud Venke sa...

Det er det eg har halde på med. Men eg skal stoppe medan eg premierer og der har vi ei utfordring - Ekko fortset å gå etter at eg har stoppa. Tenkte at eg då skulle få han til å sitje for å få stoppet. Må tenke litt på den der.