mandag 13. oktober 2008

Korte og effektive økter

Eg skriv det her og så satsar eg på at det snart sig inn: planlegg minst 3 ulike delmoment Ekko skal øve på kvar veke. Ei av dei skal vere med fart i.

I kveld var vi 6 tobeinte og 6 firbeinte som trente. Eg trente saman med Elisabeth. Vi tok korte økter, noko som var svært bra for Ekko. Han var på hogget heile tida. Faya fekk leike i dag. Ho syns heile verda er skummel for tida. Rare jenta!

Lineføring
Ekko sit ikkje korrekt så eg slutta å la han setje seg inntil meg. Eg starta ved sida av han i satden. Dette for å slutte å premiere skeive sitt. Det var godt å ha Elisabeth i dag. Ho såg detaljane som gjer at det blir feil slik at vi fekk rette dei opp. Eg er blitt flinkare til å vente på at han er klar til å gå vidare etter godbiten, men ikkje flink nok. Eg presterer å gjere godbiten klar FØR eg klikkar osv. Etterkvart greidde eg å få fokus på at han ser på meg og eg klikkar og premierer. Heime begynte Ekko å rygge bakover når eg ikkje fulgte etter han, på treningsplassen skjedde ikkje det. Eg har lært han mykje slurv diverre. Men det var den gongen der eg bare var lukkeleg viss eg fekk hunden til å sitje, til å gå roleg i band osv.. lærte mykje rart då. Trudde jo aldri eg skulle kome dit at eg hadde lyst på det perfekte. Så no må eg slite med å rette opp det.

Vi hadde tre korte økter med lineføring.

Lausbittmelding
Elisabeth sat med lausbittet nære oss. Ekko forstod fort ka dette var. Han kjem fint inn, men blir i ivrigaste laget på å kome ut så utgangsstillingen blir 30 cm framfor meg. Der sit han med lausbittet i munnen og ventar på at eg skal ta det og seie dei etterlengta orda: "Vis mann".
Han hadde ein morsom variant. På veg inn til meg måtte han veldig tisse, altså fann han ein busk å tisse inntil. Bittet var i munnen. Etter det viktige ærendet var gjort, tok han ein tur innom Elisabeth først, før det gjekk opp for han at han jo skulle til meg. Inn kom han og bittet hang framleis i munnen. Han sette seg og leverte lausbittet for å avslutte hjå Elisabeth.

Stå
Eg trente i neste økt på at eg går bakover og han etter. Elisabeth hadde avstandsbelønningen. Ekko stoppar og etterkvart kan eg gå vidare medan han står, eg kan gå mot han, gå til sides osv. Det var tydeleg ei stund sidan han hadde fått kommandoen: "versegod" så han blei forvirra. Men det gjekk fort over.

Tur
Liten luftetur som vanleg på slutten. Han er tydeleg klar over det når Scotty er i nærleiken så der er han ikkje heilt trygg enno. Era fekk slikke han på leppene og han inviterte henne til leik. Han er avslappa når han går ved sida av henne. Faya kjenner han. Dette er viktige turar for oss.

Ingen kommentarer: