lørdag 20. desember 2008

Blod på tann

Ekko og eg måtte smi medan jernet var varmt. På fredag var vi klar for eit nytt blodspor. Jan Inge hadde lagt eit spennande spor på Sviland. Vi gjekk det etter at det hadde lege ca 1 time.

Ekko var tydeleg spent og klar frå han kom ut av bilen. Han gjekk fort forbi oppsparket og måtte tas tilbake. Lukta der, men hadde ikkje tid til for mykje dilldall. Han skjønte ka han skulle. Det gjekk fortare i dag. Kan skuldast at han no hadde litt meir erfaring eller at sporet var ferskare. Han kom ut av sporet ein gong og satte då nasen i sky. Han leita tydeleg etter lukta i lufta ( vi vitsa med at han såg etter neste sløyfe...). Kom seg i gang igjen. Etterkvart skulle han ut av skogen, ut på grusveg, krysse ein liten bekk og gå langs vegen før han skulle inn i ulendt tereng igjen. Måtte stoppe han ein gong for då hadde han tydeleg fått ferten og ville ta ein snarveg til mål. Men det var ikkje vanskeleg å få ha inn på sporet igjen og no var han tydeleg kor han skulle gå av vegen og inn i skog. Flott rett på funn. Det er så kjekt å sjå kor stolt han ber på skanken etter at han har funne den.

Eg er veldig nøgd med sporet denne fredagen òg. Satsar på at eg får trent litt meir i jula. Og så deilig trøytt han blir ;)

Punky sitt spor var langt og ho gjekk veldig konsentrert. Nasen i bakken heile tida. Kjempebra. Her må Ekko nok jobbe litt for med all runderinga er han en "oververshund".

Lesestoff i jula blir denne artikkelen om blodspor.

Ingen kommentarer: