mandag 29. desember 2008

Litt trening


I dag har vi trent litt igjen. Målet var å jobbe med:
Lausbittmelding:
- Eg vil ha "perfekte" meldingar før eg sender han ut i felten igjen.
Feltsøk.

Lausbittmelding.
Her har eg ei merkeleg utfordring. Første melding er perfekt. Han hentar lausbittet, kjem inn, spring ut og blir premiert med drakamp. Andre slaget er tull. Han snuser, graver osv osv. Det same skjer i økt to. Første slag fint, resten tull. Tek det siste veldig nære og det går fint. Kvifor skjer dette? Er drakampen for sterk for han? Har han for dårleg kondis? Eg skal prøve med annan premiering, men er usikker på om det har med det å gjere. Han manglar fokus etter ei stund, så kanskje kondisen....
Feltsøk
Her var han heilt på jorde bokstaveleg tala. Han fann første gjenstand, neste blei tulleleike for han osv. No er det ei stund sidan han har prøvd seg på felt så eg gjekk tilbake til start. Ein gjenstand ut, Ekko hentar og leverer i handa mi. Det gjekk fint. Gjorde fleire slike.

På slutten av treninga lot eg han gå fritt på området. Eg vandra òg. Brått seier eg: "Søk - eg har mista votten". Då var han på hogget. Eg måtte snu meg for han kom ikkje på at han skulle leite bak meg. Etter det gjekk han nære meg og var klar for neste søkskommando. (Eg som skulle miste votten sånn tilfeldig...). Det utvikla seg til ein leik der eg kasta votten ut i terrenget og han fann den. Kvar gong blei den levert i handa. Det blei ei trening der avlevering av gjenstand var det viktigaste.
----
I går begynte rakettane her. Lurer på kor dei får dei i frå? Gjekk greit, men i dag har eg kjøpt DAP-halsbånd i håp om at det hjelper. Kvifor har ikkje vi eit "Smellaropprop" slik som svenskane?
----
Nå er det første dagen til å notere i boka "Hundtränaren". Er de klare?
Eg hadde ikkje med meg fotoapparatet, men mobilen fekk gjere nytta.

1 kommentar:

Gro sa...

Ang løsbittmelding: Hmm litt rart dette. Hvis du korter inn avstanden på slag to, hvis det fungerer bedre, for så gradvis øke avstanden etterhvert?? (eller varierer avstand, av og til helt nære, andre ganger lenger vekk)
Evt bare har to slag, så en liten pause og så en ny runde. (kanskje han av og til bare skal få et slag og så pause...? )

Ikke godt å si om det er i hodet han blir trøtt og "detter ut" eller om det er rent fysisk.. Kanskje det er begge deler? Skal bli spennende å høre om du får forandring ved å bruke godbiter istedenfor.
Jeg kan diskutere det litt med Tone og for å få tips...