Tøffe damer denne torsdagen òg. På klink-is trente Kari L., Elisabeth, Anne Lise, Torhild, Gro, Gro Anita og etterkvart Silje i tillegg til oss.
Ekko og eg trente på bråstoppen (førebels rygging), sitje og ligge i ro med forstyrrelse (sitt, dekk) og innkalling.
Stå under marsj.
Altså første delen, rygging bakover. Eg stod stille og hunden skulle rygge. Det verka som han kjente at det var glatt, men han rygga fint bakover. Eg ser på eit merke i bakken eg vil han skal forbi. Han treng litt tid på det. Stoppar opp etter nokre skritt og er ganske så frustrert, men kjem seg vidare. Elisabeth står som moralsk støtte for at eg ikkje skal gje han lette premiar. I løpet av kvelden hadde han tre økter med dette. På den siste kom han ganske langt. Det vil seie eg står på eit parkeringslommemerke og han rygga til midt i neste parkeringslomme.
Vente på signal/Sitje i ro med uro rundt.
Dette gjekk veldig bra. Andre kunne dra i bandet og og bråke rundt. Han hadde nokre feilmeldingar på at han reiste seg etter godbiten, men det greidde han å slutte med. Hadde to økter med det.
Fellesdekk/Ligge i ro med uro rundt.
Dette tok det tid før eg fekk han med på. Om det var isen på bakken eller bare at eg ikkje venta lenge nok, veit eg ikkje. Til slutt la han seg i alle fall frivillig. No kunne ein av dei andre dra i bandet, lokke på han og han låg. Bra.
Innkalling
Vi hadde ikkje freisting på vegen, men eg sprang og gøymde meg på ein av dei. Kjempefin fart, forsiktig sving på isen ;). Bra!
Til slutt gjekk Silje og eg tur med våre firbeinte. Dei er kjempeflinke til å invitere kvarandre til leik så vi måtte gå eit stykke frå kvarandre i starten (ikkje akkurat leik i band vi har lyst på når underlaget er klinkande is..). Men etterkvart gjekk det greit. Då var det lukter og hestebæsj som var det mest interessante. Fy så glatt det er!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar