torsdag 18. desember 2008

Bombehund, oppvaskhund, juledeighund...

I går kveld fekk eg ein SMS av Pia. Matmor hennar påstår at ho skal lære å apportere ulike gjenstandar, men vi har gjennomskua henne. Dette her er bare innleiinga til julevaskinga. Så pass deg, Pia. Eg trur dei har planlagt at du skal vere i oppvasken i år.

Eg syns at matmor mi bruker alt for lite tid på tur for tida. Ho spring i butikkar og lar meg vere aleine heime. Eg likar ikkje det. Og så er det ganske travelt når ho kjem heim, for eg lærte av Faya at alle posar må sjekkast for bomber før dei kan berast inn på kjøkkenet. Som ein skikkeleg sporhund og snushane gjer eg jobben skikkeleg. Til no har eg ikkje funne bomber, men heller ikkje god hundemat. Det syns eg er meir mistenkeleg. Kor blir det av julebeinet mitt?? Trøysta er at det luktar mykje god menneskemat, og eg trur aldri dei greier å få i seg alt dette så det blir nok litt på meg òg.....

Her ein kveld dreiv matmor med baking. Det skjer så sjeldan at eg blei sitjande og glo ganske lenge. Til slutt forstod eg at dette var viktige saker som smakte godt så her måtte hovudstrategien min setjast inn. Eg la meg ned, prøvde å sjå VELDIG likegyldig ut. Det er ganske slitsomt så eg måtte sukke litt innimellom for å minne henne på at eg framleis var her. Strategien verka, eg fekk smake. O' du salige! Eg hadde gløymt kor godt julekakedeig er. No var det mest umuleg å ligge i ro. Buret tenkte eg, det plar gje eit par kjappe godbitar. Som tenkt så gjort og jammen slo det til. Straks eg var i buret, kom det litt deig. Men problemet var at eg blei ganske sliten av dette, så eg sovna. Snakk om lite smart.

Litt seinare på kvelden skulle deigen i omnen. Då sette eg meg ved sida av for her skulle eg bli sikker på at dei blei perfekte og det kunne jo hende at ho mista litt på golvet. Matmor var nifst stødig på handa denne kvelden så ingenting hamna på golvet. Men eg har nå greidd å sjarmere til meg ein liten bit etter at kakene blei ferdige likevel. Eg syns at jul skal vere sånn at vi koser oss med kaker mest heile tida. Syns ikkje du det?

Det er forresten mange ting som er innpakka for tida. Ein av pakkane lukta veldig godt, men den bar matmor ut i bilen så den skulle tydeleg andre ha. Eg prøver å følge med under pakkinga, men eg syns det ser skralt ut. Matmor skriv bare menneskenamn på dei. Trur du ho har gløymt meg? Eg trur eg må ule litt til nissen for no treng eg hjelp. Eg har jo vore ganske snill. Bare tenk på alt det rare ho vil at eg skal gjere. Eg prøver jo så godt eg kan. Og litt eigenvilje må eg vel få lov å ha??
Hm. Eg må legge meg og gruble litt på koss eg skal fikse dette.
førjulshelsing frå Ekko

2 kommentarer:

Anonym sa...

Så bra at du tar opp gode tips ;-)
Om du e redd for at du ikkje får pakke så bare tar du ein. Det tipset fekk eg av Chico. Plukk ut ein så lukta godt.

Eg ønske deg masse gode kaker og pakker te jul og håpe du får varra sammen med Aud Venke. Eg håpa eg får varra med flokken min eg og, men eg tvila sterkt på det. Andy har blitt heilt gløymske i dei siste dagane. I går så reiste med te Karmøy, men han glømte Elisabeth. Og så reiste han igjen. Og nå har han glømt meg. Så nå må eg varra her å passa på besteforeldrene. Kansje Andy burde vært ein tur te doktoren. Ka blir det nesta egentlig... kan han glemma Victoria??... Litt skummelt detta her.... :-(

Faya

Anonym sa...

Uff då, Faya. Dette var skremmande. Eg trur han treng ferie. Har sånt skjedd før? Kanskje han treng å bli stelt ekstra godt med av mor si ei stund?
Men eg trur Elisabeth snart vil oppdaga at du manglar. Eg oppdaga det i alle fall i kveld. Du mangla på treninga. Besteforeldre hørtes kjekt ut. Dei er sikkert lette å lure....

Det der med å velge pakke, skal eg tenke på. Var ein god idè