lørdag 6. desember 2008

Ei fin treningsøkt på fredag

På fredag møtte eg Marit og Jan Inge for å trene på klubbområdet.
Først la eg ut eit pinnespor til Punky og Jan Inge eit vanleg spor (utan pølsebitar bare med ei leike i slutten) til Ekko.

Eg skulle halde på med meldingstrening med Ekko. Den første gjekk greit. Då var Jan Inge synleg. På neste var han lengre borte og halvvegs skjult. Ekko spring greit ut og hentar lausbittet, men på vegen tilbake stoppar han, tisser og snuser. Han blir til slutt henta inn. Tredje forsøk. Her startar han fint, men etter han har henta bittet, snuser han og legg det frå seg. Eg hentar han inn og han startar om igjen. No spring han fint og vi får avslutta denne økta bra.

Neste økt er Jan Inge synleg og nærmare. Då får eg tre bra slag.

Eg må gjere noko med reaksjonen hans etter at han har henta bittet. Marit foreslår at eg straks går ut og hentar han om han stopper og finn på andre ting på veg inn.

Siste økt var sporet. Det er spennande å gå eit spor eg ikkje kjenner i det heile. Ekko tok lukta av Jan Inge straks. Han gjekk fint, men litt fort. Tempoet gjekk å følge i dette terrenget, men eg hadde slitt i vanskelegare terreng. Han var ute av sporet ein gong, men kom seg fint innpå. Krysse vegen var ikkje problem og det var veldig kjekt å finne leika på slutten. Jan Inge syns han er sporsikker. Og det er jo kjekt å høyre. Eg må få ned tempoet, men skal prøve å ikkje begynne med pølsespor igjen. Vil heller prøve med pinnespor. Det vil jo òg kreve at han må konsentrere seg og lese nøyaktig sporet.

Ingen kommentarer: