onsdag 3. desember 2008

Eg har lufta mor mi.

I dag har eg vore på Tau og lufta ho som eigentleg er mor mi. Det var ganske kjekt. Vi bada, leika med pinnar og sprang. Kondisen hennar er litt slapp. Ho er blitt smellfeit, trimmer altfor lite. Ligg vel bare i sakkosekken og sløver tenkjer eg.

Det var kjempefint vèr så matmor hadde med fotoapparatet for å sjå om ho til slutt får til eit blinkskot. Men ho er jo ikkje så flink, så det blei med desse..
Alpha, som mor mi heiter, er ganske rå på pinnar. Det er ikkje mange som går i kamp med meg for ein pinne, men ho gjer det. Og eg forstår det ikkje, men ho vinn jo òg. Eg er sterkare, større og tøffare. Ka er det ho gjer som får det til?

Sidan den der gamle dama er blitt så feit, har dei begynt å slanke henne. Syns litt synd på henne for ho måtte ete pinnar for ho fekk visst ikkje mat. Men det er ganske kjedeleg med sånne som et pinnar i staden for å leike med dei. Må bare stå her og vente, eg.

Vi bada òg. Og Alpha er ikkje lite frekk. Eg legg på svøm for å fakke ein pinne. Ho vassar så vidt uti for så å ta pinnen i frå meg når eg kjem inn. Men då sa eg stopp. Det der fekk ho til då eg var liten, men no skal eg jammen ha premien min sjøl!
Spring på land og finn din eigen pinne!
Vi sprang ganske mykje og Alpha blei så tørst at ho sprang uti vatnet utan å tenke seg om. Då blei ho litt skjelven og eg begynte å kjefte på henne. Det var jo is på vatnet. Og så feit så ho er, så holdt jo ikkje den. Ho likte ikkje det...

Sjå her, ikkje bare er ho kvit i skjegget, men i dag er ho kvit på brystet òg.
Her er eg saman med mor: NSUCH Lilholms Alpha Alope.

Eg trur eg liknar mest på far min eg....













Ekko

1 kommentar:

Anonym sa...

Så gøy å treffe mammaen sin da. Og for ein vakker mamma. Eg har ikkje treft mammaen min i voksen alder. Sist eg såg henne va eg 9 uker. Men eg har treft på andre slektninger. :-)