I kveld var det tydeleg at julepanikken hadde nådd både den eine og den andre. På treninga møtte Anne Lise & Scotty, Silje & Pia og oss. Vi har roen..... i alle fall heilt til panikken kjem og tar oss òg.
Vi bestemte oss for å ha ein og ein hund ute om gangen. Då kunne vi hjelpe kvarandre og observere. Det viste seg å bli eit effektivt system. Hundane var ute i korte og gode økter.
Planen min var: Rygging (stå under marsj), meldetrening og innkalling. Det blei:
Stå under marsj (rygging)
Nå rygger Ekko veldig bra. Eg har begynt å gå bakover samstundes som han rygger. Han blir litt uroleg av det, men dette blir betre og betre. Så snart er vi vel klar for pangståen???
Hadde to økter med rygging.
Meldetrening
Den første meldinga var nære. Anne Lise sat på huk (synleg) og bittet låg på bakken. Han henta fint, kom tilbake, sette seg og viste funn. Men alt gjekk i bedageleg tempo.
I neste forsøk var figurant framleis synleg, men avstanden var ein del større. No blei det ein heilt annan fart. Ein flott melding.
Tredje forsøk. Nå spant han omtrent då kommandoen "runder" kom. Flott fart ut, tilbake, i utgangsstilling, vente på at bandet blir satt på og stor fart ut til figurant då kommandoen "vis mann" kom. Omtrent perfekt syns eg. Så då heiv eg han i bilen :).
Fellesdekk (bli liggande)
Vi hadde ikkje fellesdekk der alle hundane var ute samstundes, men det som Fanny sa var viktigast før vi la dei i fellesdekk, nemleg å få hunden til å ligge stille uansett ka som skjedde rundt seg.
Ekko låg. Eg gjekk over han, rundt han, andre drog hardt i bandet hans, eg løfta foten min over hovudet hans.... Han hadde eit par glipp der han reiste seg, men la seg fort igjen. Fri-kommandoen fungerte fint for å brekke av øvinga.
Alle tre hundane blei resergode på dette i løpet av treninga.
Innkalling
Dei andre hadde innkalling med hund som forstyrring. Eg hadde Silje med ei leike han ikkje hadde sett på ei stund. Då han kom ut av bilen var det Silje og leika som hadde fokus. Eg var lite interessant. Då eg fløyta, sprang han mot Silje. Leika låg framfor henne og ho stod roleg. Då fortsette han mot meg. Ikkje bra. Dei to neste øktene kunne Silje omtrent kaste leika på han, vifte og styre på, men då var det matmor som hadde fokus. Fullt firsprang direkte inn. Likte dei to, men må fortsetje med å automatisere innkallinga i ulike situasjonar.
Tur
Til slutt gjekk vi ein roleg kveldstur. Ekko var roleg og avslappa på heile turen. Deilig.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar