onsdag 6. februar 2008

Eksplosive startar

I går var matmor ei sinka. Ho hadde ikkje lyst til noko, men sat i ein stol, harka og hosta og las i eit blad. Og eg som var klar for å tilby det meste for eg visst jo at ho hadde pannekaker i kjøleskapet. Eg trur ho blei lei av maset for brått tok ho fram klotanga og pannekaka. For første gong i livet la eg høgre framlabb på kneet hennar med eit versegod bare klipp. Eg syns eg var vågeleg då. Var ikkje så tøff med venstre fot og bakbeina, men ho kan jo ikkje venta alt. Pannekaka var verd det.

I dag forstod eg det der med bladet. Det var tydeleg noko ho hadde planlagt då ho kom heim i dag. Rett i bilen, mange godbitar og ein kong i lommen. Ho parkerte ved eit jorde der vi plar få vere heilt for oss sjølve, så begynte moroa! Ho stilte seg opp framfor meg. Då plar eg setja meg for det gjev kjappe poeng. Og sant nok, det var det ho ville, men denne gongen begynte ho å gå med ein "kong" etter seg. Eg reiste meg jo opp og gjekk etter. Vips var "kongen" vekke. Eg sette meg igjen og no forstod eg. Sat på nåler for det var noko ho ville med det der. Og brått kom det ei "JA"- då sprang eg og då blei det drakamp! Sånn holdt vi på til eg stod igjen med tauet og "kongen" låg på bakken. Ka slags dårlege saker er dette her? Tåler det ikkje eit menneske og ein hund som bruker krefter i drakamp? Vi får reparere den, for dette var kjekt. I bladet heitte det visst eksplosive startar.
Då "kongen" var øydelagt, dukka det opp ein tennisball. Så då trente vi på innkalling der mor kasta ballen bakover då eg kom i full fart. Så nå er eg full av sorpe og strålande nøgd. Håper ho finn fleire sånne kjekke ting i bladet.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Det va ein dårlig kong ja. Kansje du bør skriva inn ein klage mail te produsenten. Vist det va på canis du kjøpte den så nytte det ikkje å skrive klagemail. Der får du ikkje svar ein gong. Elisabeth hjalp meg å klaga på ei pipeand ein gong. For når eg va valp fekk eg med meg ein sånn fra oppdretteren. Og den hadde eg lenge og brukte den ganske masse. Men til slutt ein dag når me va på hyttå så rømte den. Så då måtte me bestille ein ny. Men den tygde eg på i 10 sekund og så va den ødelagt. Då ble me litt lei oss. Må forresten bare fortella det at eg tror ikkje lenger Elisabeth e egna te å passa på victoria. Hu plasserte Victoria på hodet sitt og surra rondt. Victoria stakkars vett jo ikkje bedre. Hu bare lo seg halvt i hjel. Eg syns ikkje det va noe morro ein plass. Eg blei veldig bekymra. Eg sa te Elisabeth at hu måtte stoppa. Så når dei endelig stoppa fekk eg endelig sjekka at Victoria va heilt ok. Eg måtte rundslikka na i fjeset. Det e ikkje lett å passa på denna familien min.

Faya

Anonym sa...

JA, det va visst på Canis. Hu får nok heller reparera den. Du må klaga te Andy for det der hørtes farligt ud. Det var godt du såg te at Victoria var heilt i orden ittepå. E dokke heima ennå? Håbe dokke på rolige bølger i mårrå? Dokke kan jo reise øve Arsvågen. Det er i alle fall ein kortare båttur.

Anonym sa...

Det e jo øve Arsvågen me pleie å reisa. Eg har ikkje lyst å sitta i bilen i 1,5 time kvar gong me ska over. Så det e sjelden me tar skudnesferjå. Hende av og te om sommaren. Men i morgen kl.6 så står me opp. For det e då bølgene ska varra lavast. Elisabeth lika ikkje reisa med dei nye ferjene. Dei e ikkje trygge seie hu. Derfor reise me bare når det e ingen eller små bølger. Så hu fekk mail i dag om kor høye bølger det ska varra framover. Og hu va glad hu snudde bilen når hu såg båten hoppa i dag. For bølgene va vist då på 4,7 meter. Og då har egentlig ikkje den ferjå lov å gå. For dei har ikkje livbåter som tåle bølger på over 4 meter. Så litt fornuftig e hu da sjøl om hu surre rundt med beibien på hovet sitt.

Faya