mandag 4. februar 2008

Sitt-dekk-sitt-dekk-stå

Nå er det min tur til å kome til orde. Matmor skulle liksom få skrive litt og ka skjer? Jo, ho overtek det meste. Skriv lange keisame artiklar. Og nå må eg kome med litt tilleggsopplysningar.

Ja, ho har drive på med blindslag utan at eg skjønar poenget med å sende meg ut der det ikkje er nokon. Men eg gjorde jobben eg, sprang ut, undersøkte eit stort område og kryssa linja igjen for å undersøke på andre sida. Den eine gongen hadde mor gløymt å forflytte seg. Tobeinte altså! Og veit de kva? Ho eg leitte etter stod på midtlina. Eg snudde momentant og sprang og fann henne. Men fekk eg premie? Nei då. Eg blei sendt ut på nytt. Den andre gongen hadde dei ikkje greidd å få folk tilbake på post då eg kom etter å undersøkt tomt område, gjort funn på andre sida og var på veg mot nytt område. Tobeinte treng både kondisjon og nokre hjerneceller. Trur ikkje mor er heilt tydeleg på ka ho vil. Men eg kjente at eg blei ekstra sliten av blindslag. Eg får vel innstille meg på at det kjem fleire slike framover.

Elles har vi trent på så mykje rart.

Snute på kjegle.
Veldig kjekt og lett-tjente godbitar. Men kvifor eg ikkje kan suse avgarde og plassere begge labbane på kjegla, forstår eg ikkje. Det var jo det som var stilig. Å sette snuten på var det ikkje sånn futt i. Men ho eig godbitane, så eg gjer meg.

Apport.
Den siste nye varianten er å dra meg etter apportbukken. Men eg held fast. Eg har forstått teikninga. Hold fast til mor seier takk. Enkelt.

Sitt-dekk-stå- sitt-dekk-sitt-dekk osv.
I dag var det eit mas med sitt og dekk i full fart. Litt morsomt òg for mor blei så glad då eg gjorde det fort. Og då eg gjorde det ekstra enkelt (som eg faktisk syns er vanskeleg), blei det mange godbitar. Det som er tydeleg, er det ho vil er at eg bare skal løfte frambeina når eg går fra dekk til sitt. Hm. Eigentleg er jo det ganske smart, men det andre heng igjen.
Brått slo ho til med eit stå då eg satt. Blei litt forvirra, men blei fort med på notene. Men eg får ikkje til stå frå dekk. Den blei for vanskeleg. Til slutt var eg heilt forvirra. Trur eg kjem til å drøyme om sitt og dekk i natt. Forresten dei der baconbitane eg fekk i dag - dei var gode! Meir av det!

Etter ein pause, fekk vi låne ballen til Faya. Den kjempekjekke oransje ballen. Eg skulle vise Anne Lise koss ein kan få til pangstå. Eg blir heilt gira, trør mor på skoa og går stivt. At ho skal vente så lenge med ballen?! Så kjem kommandoen og eg frys fast. Og der kjem BALLEN! På slutten terga ho meg. Ho sa stå, eg stod, men ho fortsatte å gå litt til. Det var rett før eg lurte på om eg hadde gjort feil, men heldigvis stod eg stille for då kom ballen. Sånn ball vil eg ha!

Vi fekk ikkje så lang trening som eg ville ha, for mor skulle på møte. Eg vil ha forbod mot møte om kvelden!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Ja Ekko, eg e heilt enig. Møtere bør ikkje varra på mandager, torsdager, lørdager eller søndager. Og møtene bør så absolutt holdas innanfor arbeidstid. For vist ikkje det blir sånn så får eg jo ikkje varra så mye med deg. Og det e jo trist.

Faya

Anonym sa...

Hei faya.
Takk for lånet av ballen. Den e den tøffaste ballen eg vett. Nå sitte mor her og hostar og harkar. Hadde ho latt vere å springe på møter i tide og utide så e eg sikker på at hu hadde vore frisk. Eg syns hu sko slutta å jobba og bare ver samen med meg. KOss går det med pelsen. Eg kryssar labbane for deg. Du bler sikkert BIS i helgå. E BIS någe du kan eda?

Anonym sa...

Pelsen dette sagte, men sikkert av. Forige gang så datt den av på 3 dager. Elisabeth seie: Heldigvis så har den ikkje gjort det denne gongen. Og så seie hu at på søndags kveld. Då kan alt bare detta av.
BIS e ei fantastisk tittel. Det betyr ein stoooooooooor sekk med hundemat. Pokal, sløyfer og andre premier. Så ja, det innebærer mat. Men fyste gång eg va på utstilling så blei eg ikkje BIS, men 4BIS. OG det va og ganske bra. Då og fekk eg mat, sløyfer og pokaler. Einaste forskjellen va at min pokal va litt mindre. Men det gjorde jo ingenting, for pokaler kan me verken spise eller leke med. I dag så pakkte Elisabeth bilen og me kjørte långt. Heilt bort te ferjå. Og då sa Elisabeth: "Sa... for noen bølger. Båten hoppe jo. Detta vil ikkje eg varra med på." Så snudde hu bilen og kjørte hjem igjen. Det ska vist varra mindre bølger i mårå tidlig. Så då ska me grytidlig opp når bølgene e på det lavaste og kjøra båt då heller. Glede meg masse te me komme te mormor og morfar. Mormor e fantastisk flink te å dela ut mat ser du. :-)

Faya