søndag 3. februar 2008

Rundering - bare for kos eller for å utvikle ekvipasjen?



Denne illustrasjonen er tatt frå artikkelen "Rundering" av Køste og Egtvedt i Canis 5/04.

Når vi begynner med rundering, oppdager dei fleste av oss at hundane fort tar idéen med å springe frå figurant til figurant. I fryden over å sjå at hunden storkosar seg, er det lett å gløyme å tenkje på kor vi skal hen med dette. I alle fall syns eg det var så kjekt at han hadde så fin flyt mellom figurantane at eg helst bare ville vere der.... Då blir det lett at vi aksepterer det meste, bare halen er i vèret på hunden. Og det kan vi jo kome til å angre på sidan når alt dette skal reparerast på.

I dag hadde vi litt fokus på kva er det vi vil, og kva signal sender vi ut til hundane. Skal vi godta stor avstand til hunden bare den kryssar lina greit? Skal vi godta ein hund som går på spor i staden for ferten av folk? Vil vi ikkje lenger enn at hunden spring i skogen og har det gøy? Det er opp til kvar enkelt av oss korleis vi vil ha det. Som figurantar prøver vi å gjere det førar vil.

Eigentleg så vil dei fleste utvikle runderinga slik at hunden kan kome til det nivået at dei melder om funn og har gode og lange søk. Det er bare ikkje alltid like lett å ta konsekvensen av det så tidleg. Eg ser eg får mykje meir ut av treningsøkta viss eg på førehand har planlagt litt kva det er eg vil.
Det var det der med å tenke - planlegge - utføre.

Vi bestemte oss for å skjerpe oss i forhold til kor figuranten stod i forhold til førar. Det var faktisk vanskeleg for det var ikkje alltid vi såg kvarandre. Behovet for walkie talkie eller noko liknande var stort.

Ekko er blitt såpass stødig på "flying" at det er på tide å ta han vidare (sikker på tide for lenge sidan, men det var den fryden over å lukkast :-)). Vi prøvde blindspor i går og skulle ta det igjen i dag. Ekko gjorde jobben sin, men førar og figurant rota. Ikkje alltid lett med norsk språk. Eg trudde eg sa at figurant skulle kome nærmare midtlina når ho sprang ut etter blindslaget. Tanken var at då var ho så nære at Ekko fort forstod at det var folk på den sida av vegen likevel. Figurant høyrte at ho skulle være nærmare startpunktet etter blindslaget. Altså blei figurant langt ute og langt vekke frå der Ekko arbeidde akkurat då. Det var den der walkie-talkien..... Dette førte til litt kaos på midtlina, men heldigvis er Ekko overtrent på flying så han tok seg fort inn.
I andre økt fekk han treff på alle.... Og førar og figurantar hadde kontroll på kvarandre slik at vi holdt flyten som teikninga viser. Det gav fine kryssingar. På slutten var han trøytt og luktene i bakken blei veldig spennande.

Torhild opplever at Era kun spring fordi det er kjekt å springe og ikkje bruker hjernen til å få ferten av figurantar så ho ville ha enkeltslag der vi utnytta vinden. Det var spennande å sjå at ho brått får ferten og det bare er for Torhild å sende henne ut. Det verka smart å gjere det på dette viset for å få henne meir fokusert.

Treningsøkta blei avslutta med at Ingeborg og Sander viste oss feltsøk. Kjekt! Det vil vi òg prøve etterkvart, men for at vi skal kunne det, må hundane kunne apportere, apportere og apportere! Det må dei kunne i rundering òg så det er bare for oss å arbeide vidare med det.

Økta i dag var tydeleg slitsom for etter at vi kom heim, har Ekko fortært premien (kraftbein) og sove. Ei god økt for meg.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Ja du og du kor kos det va å varra med igjen.

Faya va ikkje så trøtt som Ekko. Me har vore å gått tur på sola stranden og me nå. Og der og va det full fart. Men me glemte strand leken og det va litt dumt.

Så nå vett eg det at hu hadde heilt sikkert klart ei tredje økt og hu. :-)

Elisabeth

Aud Venke sa...

Det hadde ho nok. Men etterkvart skal utfordringen bli såpass at ho må bruke meir og meir hjernen for å finne folk. Og då blir ho trøytt. Ekko vakna til liv igjen han òg. Ville at noko skulle skje. Ikkje alltid eg har lyst til det. Men men eg må til pers...