Aller først - eg syns eg har ein veldig flink hund for tida. Hadde det ikkje vore for at han syns andre hundar er til å spise opp av og til, så trur eg jammen han hadde vore perfekt. Så det er jo godt han har litt skavankar...
I dag trente Torhild og eg på feltsøk og spor. Innsatsen til begge hundane våre var strålande.
Feltsøk
Det er lenge sidan Ekko har trent feltsøk. Vi hadde eit lite forsøk i sommar, men då stakk han for det meste av med alt han fann. Det heile blei meir show enn jobbing. Etter det har vi trent meir på å plukke opp og avlevere gjenstandar. Men eg var spent på koss dett ville gå.
Eg trødde opp eit område. Gjekk litt inni. Fekk hunden ut, gjekk ut med tre gjenstandar (øydelagt ball, treapport, tøyleike) og viste dei før eg la dei frå meg inne i området. Ekko hadde fått smaka litt på premien som var kattemat (lærte av Gro). Hunden blei sendt ut med kommandoen "søk felt". Eg sette meg på huk. Hadde ei hand fram for å ta i mot gjenstandane og i den andre handa var det kattemat (pate). At eg ikkje fekk det filma. Det var perfekt! Ekko ut, henta første gjenstand, avleverte, åt litt pate, ut igjen osv. Tre flotte økter og så i bilen ein tur.
Etter bilpausen tenkte eg at det var like perfekt. Men no begynte han å rote meir. Ville tygge på den øydelagte ballen mellom anna. Neste gong prøver eg med ein gjenstand om gongen i økt to.
Det er fasinerande å sjå at begge hundane kjapt oppfatta ruta. Dvs dei kom seg inn i området eg hadde tråkka opp, straks dei var utanfor. Spesielt kjekt var det å sjå på Era. Ho oppfatta òg fort når ho var utanfor og kom seg inn igjen. Det er jo imponerande koss hundane forstår slikt utan at dei er lærte det. Flinke hundar!
ID-spor
Eg fekk Torhild til å gå sikk sakk i skogen før ho skulle gøyme seg der. Eg tok ut Ekko og vi gjekk bortover vegen i retning der Torhild skulle legge igjen ei av leikene til Era. Og der tar kjekkasen opp leika (vi var litt spent på koss det ville gå). Han slepp den rett etterpå og set nasen i bakken. Etter det gjekk det i rasande fart på kryss og tvers til Torhild var funnen. Kjempebra!
Spor
Før vi begynte treninga, hadde vi lagt kvart vårt spor. No hadde det vel godgjort seg i 1,5t. Botnen var typisk skog med mykje granbar. Eg hadde lagt godbit i variert rekkefølge (mellom kvart 2 og 10 fotspor). I dag gjekk Ekko roleg og tok seg tid til å spise godbitar. Han gjekk litt fort ei lita stund, men då såg eg òg at nasen ikkje var så mykje i bakken. Eg stod litt stille og holdt igjen. Då begynte han å jobbe igjen og fann tilbake til sporet. Han fulgte det fint vidare fram til sporslutt. Eit spor eg syns han greidde godt.
Bringkobbeltrening
Vi skulle bruke nasen i dag, men eg greidde ikkje å dy meg sidan eg hadde hjelp. Eg måtte bare trene litt bringkobbelmelding òg. Og den delen eg trente på var: Torhild sit eit lite stykke frå meg. Ho held i lausbittet. Eg skal sende Ekko, han skal hente bittet, kome tilbake for å avlevere og avslutte med å springe til Torhild for å få godbitar. I første forsøk hentar han bittet og kjem tilbake til meg, men i staden for å kome på plass, tar han seg ein runde rundt i kring med bittet i munnen. Vi har nokre mislukka forsøk før det seier klikk i valnøtta. Og etter det blir bittet henta, han kjem på plass og spring lukkeleg for å få karbonadebitar av Torhild (dei var visst fantastisk gode). Eg ser at eg har vendt han til med ei lita rørsle med handa når han skal på plass. Den må eg avlære. Men det vi øvde på: flink hund!
Hadde tenkt meg ein luftetur i området etterpå, men skogen blei etterkvart full av sopp-plukkarar så det var best å kome seg heimover.
Takk for treninga, Torhild. Veldig kjekt!
3 kommentarer:
jøye meg!
Du, Ekko, e jo bare heilt suveren! Dokke imponere og e så flinke te å trena spor og sånt! Eg må sannelig begynna å legga litt spor og trena feltsøk igjen på Thelma.. men så var det det å komma på det når me e ute på tur, og ikkje minst ha tid til det..
Stå på videre! Eg bøye meg i støvet!
Takk, takk, seier Ekko. Eg seier: La mann og barn gøyme seg, sett på Thelma langlina og la ho finne dei. Og vips har ho gått ID-spor.
Så flinke dokker har vært. Mye bra trening. Kjekt at det gjekk så bra med feltsøket. Du gjør nok helt rett med å holde han igjen hvis nasen går for mye opp eller han sporer av. : )
Legg inn en kommentar