mandag 1. desember 2008

God økt med lausbittmelding

I kveld ville eg òg Ingeborg starte treningsøkta med meldingstrening. Sander hadde begynt med fastbitt og eg var imponert kor flink han var blitt. Og det blei så kjekt at vi trente på det heile kvelden.

Første økt: Eg ville sikre meg at innkomsten var på plass så vi hadde ikkje så lang avstand. Han sprang fint ut, kom tilbake og måtte korrigerast eit par gonger før utgangsstillingen var på plass. Men ei fin økt.

Andre økt: Nå hadde vi forflytta oss slik at vi hadde eit større område for oss sjølv. No skulle Ingeborg vere lengre borte og ho skulle vere delvis skjult. Ekko spring fort ut, hentar fint og kjem i utgangsstilling. Viss ikkje eg begynner å springe bak han når eg gjev kommandoen "vis mann", stopper han opp. Det er tydeleg at eg skal vere med og det stemmer jo!

Tredje økt: Nå var Jan Inge figurant, Marit, Nina og Ingeborg var med for å gje innspel. Ekko fortset med å springe fint ut og gje tilbakemelding. Han presterte å korrigere seg sjøl då han sette seg feil FØR eg hadde gjeve feilmelding ;-).

Det var mykje bra i øktene i dag. Eg ser at han må trene på å stoppe leiken. Når han blir ivrig, er det som han ikkje høyrer "takk/ slepp". Det må eg trene meir på. Nina tipsa om at vi måtte trene med mange ulike figurantar før vi gjekk over til fastbittet. Før fastbittet må eg nå begynne å bruke lausbittet i skogen.

Alle syns dei hadde jobba veldig godt i kveld. Og tusen takk til Anne Lise som stilte med kake! Den var GOD!

2 kommentarer:

Gro sa...

Så ut som ei veldig god økt med meldingstrening. : )
Kjempekjekt!!

Anonym sa...

Heldige dåkke e så fekk kaka.