lørdag 6. desember 2008

Klar for 2009 måla.



Fredag kveld var alle i måndag/torsdagsgjengen invitert til meg for å setje mål for hundane for våren 2009 og for å feste litt :).

Mange ville kome og skravla gjekk på alle så her reknar eg med at det kom mykje bra fram både av mål og utfordringar. Takk til alle for at de var med å gjorde kvelden så triveleg!

Vi fekk forresten julenissen Arne på besøk. I sekken hadde han den nye boka: "100% positiv hverdagslydighet". Skikkeleg kjekt å sitje med ei heilt fersk bok der vi kjenner forfattaren. Og når fleire av oss (både tobeinte og firbeinte) er avbilda inni så kan det vel neppe bli betre.....

Men ka kom så ekvipasjen Aud Venke og Ekko fram til:
Mine mål:
  • Ikkje la hunden shape meg så mykje som han gjer. Det er eg som skal shape han!
  • Fortsette med å føre treningslogg i tillegg til bloggen. "Hundtränaren" skal hjelpe meg der.
  • Ha plan for treningsøktene

Ekko:

  • Grunnferdigheitene.
  • Vere medviten dei når vi trener og utvikle dei som ikkje er klare.
  • Kvardagslydnad:
  • Rolegare når gjester kjem på besøk.
  • Gå forbi andre hundar. Fortsetje med det vi held på med.
  • Helsetrening
  • Burleiken. Aller først skaffe eit bur som er større og deretter begynne på burtrening i bil
  • Brukslydnad:
  • Lineføring
  • Gå framfor i line
  • fri ved foten
  • Bruks:
  • Bringkobbelmelding på plass og solid
  • Feltsøk. Få inn systemet
  • Spor: Arbeide med tempo. Lære å plukke pinanr i sporet: Blodspor?

Helsa mi og jobben min vil påverke kor mykje eg får gjennomført. Men eg har tenkt å trene fast på måndagen, kurs/ trene torsdagen og brukstrening på laurdagen. Blir det meir trening, er det bonus.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Du verden kor mye du har skrivt i dag da :-) Takk for ein utrolig koselig kveld. Nå har me alle klar for oss ka me ska gjør framover, så nå ska me få framgang håpa eg :-))

Anonym sa...

Hei Aud Venke og takk for en kjempekoselig fredag!! Du er tøff som lager til selskap til 11 damer:)
Vi får satse på mange gode treningsøkter i 2009 for å nå målene våre!