onsdag 30. januar 2008

Apporteringstrening og litt atferdstrening

Vi trener for tida ein del på å apportere då med tanke på lausbitt/ fastbitt i melding ved rundering.

Eg har halde desse øvingane vekke frå runderinga førebels. Han er nå blitt ganske stødig i deler av runderinga og eg ønskjer no å utvikle det vidare. Skal prøve ut nokre tankar i helga. Men samstundes som dette foregår, trener vi på apportering.
Nå held Ekko fast i gjenstanden han har i munnen til eg seier takk. Han kan gå og hente den, komme på plass og vente til eg seier takk. Bra. Men eg ser at straks eg tar fram lausbittet, blir det lett tatt i den eine enden, ikkje midt på slik han gjer det med apportbukken. Det må finjusterast.

I kveld har eg hatt Ekko i utgangsstilling, gått bort til ein sekk, lagt lausbittet der, gått tilbake igjen og bede hunden rundere. Han spring ut, hentar lausbittet, kjem tilbake på plass, leverer lausbittet på kommando. Får ny kommando "vis mann", spring saman med meg ut til sekken og får premie der. Dette gjorde han i 4 vellukka repetisjonar. Nå har ikkje utfordringen vore særleg stor då dette har foregått innandørs og med kort avstand. Eg reknar med å trene apportering med andre gjenstandar framover slik at sjølve apporteringa sit godt. Det kan hende eg prøver på metoden som er skriven om i artikkelen: "Innlæring av bringkobbelmelding med baklengskjeding" i løpet av helga. Men så er det jo at han bør prøve blindslag òg snart.

Vi har òg trent litt på targeting. Og det treng vi! Eg får ikkje til å lære Ekko å overføre frå target til gjenstanden. Han er bare targetfiksert. Når eg står og ventar, blir han til slutt kjempefrustrert og byrjar å øydelegge det han skulle setje snuten på. Rart at eg ikkje finn nøkkelen inn der, men vi får bare fortsetje og satse på at "øving gjer meister"


Atferdstrening:
Bak all treninga ligg jo alltid "problemet" vårt: Atferden til Ekko. Kronprinsessa dreiv med utagerande festing i ungdommen, Ekko driv med utagering han òg, men om eg skal kalle det festleg er vel å overdrive litt.....

Det at eg aldri er trygg på om han går til fullt angrep på andre hundar, gjer at han får eit liv i band alt for mykje. Men av og til får han litt fridom. I går var ein sånn dag. Elisabeth og eg gjekk tur i sanddynene saman med hundane Faya og Ekko. Dei leiker ikkje i lag. Ekko har stor respekt for henne. Vi hadde prøvd å ha dei fri i lag ein gong før, Då hoppa Ekko opp på meg. Dette var nesten over grensa for kva han vågde.... Han fann fort ut at den vesle bestemte tollertispa ikkje kom til å spise han opp, men ho ville ikkje leike. I går gjekk dei lenge i lag. Begge sprang, men kvar for seg. Ekko inviterte stadig til leik, helst det å springe etter kvarandre. På slutten var ho litt med. Ekko hadde ingen problem med å lese språket hennar. Han stoppa straks ho gav melding.
Han kom inn på innkalling dei få gongen vi såg hundar i det fjerne. Men så dukka det opp ein hund (det var blitt mørkt og vi såg lite) som Ekko oppdaga og møtte før eg i det heile såg situasjonen. Då hjelpte ingen innkalling - ingenting. Det kom eit bjeff og Ekko kom tilbake. Eg var først redd, men truleg var det ei tispe som bare trengte å melde frå om at han fekk kome seg vekk. Flaks. Eg likte ikkje den. Opplever utviklinga i forhold til møta andre hundar som stilleståande.

Så dreg vi på atferdstrening ein time etterpå. No skal han vere figuranthund for andre usikre hundar. Og svisj er guten på jobb! Han bryr seg lite om dei andre, kan passere, ser på dei og på meg. Litt godsnakk og premie og livet er flott.

Neste morgon: Han ser ein hund på andre sida av ein brei veg: Full utagering.
Eg undrar meg over min firbeinte ven. Ka foregår inne i koblingane hans? Han var heldigvis i band, og eg har etterkvart fått litt trening i å håndtere 50kg utagering. Eg vakna i alle fall.....

PS bilete er ikkje Faya og Ekko (det fins ikkje svarte tollerar?), men kun for illustrasjon. Det er Ekko og ei anna bestemt dame, Kita.

4 kommentarer:

Gro sa...

Hei Aud Venke

Det er veldig kjekt å lese når du skriver, du beskriver så bra at eg sitter og ler med meg selv mange ganger.

Så flott at det går så bra med apporteringen.... det er bra jobba. Lurt å trene meldingen slik separat som du gjør tror jeg. Fekk du prøvd at Ekko av og til stopper hos deg på midtlinja og får en godbit før du sender han ut på nytt slag på andre siden nå sist vi var på Bore?
("kontroll" på midtlinja)Glemte å spør deg om dette der ute. Da vil du også få inn trening i enkeltslag. (dvs. sende han ut på nytt etter at han har stoppet hos deg.)

Forstår godt at det er dumt med "50kg utagering", men det er jo flott at der er noen trygge hunder han går greit sammen med. Du får "hekte deg på disse" og avtale turer sammen flere ganger. Kan ikke forstå annet enn at dette må hjelpe . Selv om det nok oppleves å ta laaang tid. Også det å være "på jobb" på atferdskurset må jo være veldig bra for Ekko. Hva sier Arne?

Anonym sa...

Hei Ekko.

Så du holde på å lære deg å finne sekker. Så utrolig gøy da. Ei gong for lenge siden, sånn ca. 10 år siden, så lærte eg å tygge kulepenner. Eg va ganske flink og. Men Elisabeth blei litt frustrert. Det samme blei resten av familien når eg lurte meg rundt i huset og spiste kulepenner. Det va for lenge siden når eg va på mitt aller første klikker kurs eg lærte det. Elisabeth seie at dei så hadde kurset ikkje va heilt klar over ka dei dreiv med. Men nå vett hu ka det liksom kunne vært det så dei prøvde å lære meg. Target med kulepenn. Men det va ikkje sånn det blei. Kulepenn va veldig gøy i den tiden, og det va og helt nykjøpt sminke da. Det og smakte veldig godt da.

Og eg forstår godt at du prøvde å ta de over gata. Helt sikkert noen venner av taggere eller noe sånn. Og det ska me ikkje ha noe av. Stå på Ekko.

Chico

Anonym sa...

Så kjekt at du liker det eg skriv, Gro!
Eg hadde eit par der Ekko kom inn til meg på Bore, men eg gløymte det liksom bort i vinden og iveren. Tenkte eg skulle ha fokus på det denne helga. Men no melder dei ufyseleg ver igjen (kan det vere eit torsdag og helgesyndrom dette her...?).

Når det gjeld atferd så er det jo alltid frustrerande at det tar tid. Men det er bra at han får vere figuranthund på atferdskurset til Arne. Då lærer eg òg mykje for eg har lett for å falle tilbake til gamle synder.

Aud Venke sa...

Hei Chico.
Akkurat det med kulepennar forstår eg. For koffor skal eg setje snuten på sida av pinnen/ fingeren. Ho har jo lært meg at det er på pinnen/fingeren eg skal setje snuten. At ikkje den dama kan bestemme seg!

Sekkejakt er ganske kjekt. Du må prøve.

Ja, eg og er sikker på at det der var ein ufyseleg hund og eigar. Dei måtte bare kjeftast på. Og så vakna vi jo alle. Og det skal vi jo når vi har stått opp ;-)