fredag 18. januar 2008

Innlæring av apport

På treninga med Siddis hundeskole denne torsdagen skulle vi lære hundane å gripe apporten og halde på den. Det er visst mange som slit med det. Hm. Ekko er visst ein typisk retriever for det er ikkje det å gripe og halde den som er utfordringa. Nei, vi må finpusse andre deler av øvinga. Ekko held meir enn gjerne apporten, han går òg inn i drakamp for å halde på den. Sjølve framgangsmåten for å lære det, har Gro skrive så bra i bloggen sin så for dei som vil vite meir om det, trykk her. Eg konsenterer meg om det delmomentet Ekko må fokusere på, nemleg å levere ved ordet "Takk".

Eg avlærte han det då det viste seg at eg hadde lært han at når eg tok fram handa skulle han levere. I lang tid har vi heller trent på at han skal halde på apporten om eg kjem fram med mat, drar i den, dunkar i den osv. For han er "klikk" signalet på at han kan sleppe. Det kan det jo ikkje vere alltid, så no er det tid for å få inn kommandoen.
Eg har trent med leiker og andre ting enn apportbukken/ lausbittet fordi han skulle få vekk fokuset på tingen og over på oppgåva. Vi testa ut det å halde fast først. Den første tingen eg brukte (bein av skinn m/knutar) var passe interessant å halde på. Den kunne eg visst få gratis. Men etterkvart forstod han at eg ikkje hadde så veldig lyst på den, men at eg heller ville ha litt drakamp. Då tente han. Han holdt fast: eg drog, eg dunka, eg vifta med armane.... Då eg tok på gjenstanden og sa takk, slapp han. Flink gut! Testa ikkje om han var like konsentrert viss eg fann fram maten. Det har eg testa i andre samanhengar, så det får eg ta som repetisjon.

Han plukker opp apporten, men eg skal ha kort avstand for å få sikker levering. Det blir det neste treningsmomentet mitt.

Elles har vi leika. Han elskar drakamp. Eg har lyst til å bruke det i runderinga i morgon (viss ikkje den ventande stormen kjem og tar oss...) og måtte sjekke om han greier å slutte leiken når folk ber om det. Eg får ikkje heilt til det med å bli passiv. Han oppfattar det ikkje og eg slit med å få det til når 50 kg vil dra. Vi skal nok øve på det òg, men i mellomtida fungerer i alle fall ordet "Takk".

Det siste vi trente på på torsdag, var target med fingen. Han følger gjerne den, men blir ikkje med på overføringa. Så her har eg ei utfordring til.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Du verden kor kjekt du har hatt det for tiå da. Elisabeth bare fantasere om at eg og ein gong ska holda apporten sånn som du gjør Ekko. Men eg har i grunn ikkje så lyst te det. Så nå seie hu at hu ska prøva den nye måten så dåkke lærte på torsdag. I går reiste eg og andy for å treffa Chico, Elisabeth og Victoria. Og stakkars Chico har vist operert foten sin han. Og i dag måtte han te dyrlegen igjen. Og han sa at alt gikk bare så fint. Så då blei me alle så glad.

Faya

Anonym sa...

Ja, eg har det kjempekjekt. Men i dag har eg bare sove etter treninga. Mor er ikkje i form.

Du komme te å fiksa det der med apporten, Faya. Du som fikse det meste. Det gjeld bare å holde ut og ikkje forvente premie med ein gong.

Hels til Chico. Han er ein tøffing. Når han blir frisk i foten skal mor filme når han tar "dekk". Kankjs eho innbiller seg at viss ho viser den filmen om igjen og om igjen når eg søv så glir det inn??