mandag 7. januar 2008

Treningsrapport måndag

Matmor som fører ordet i dag òg:
Vi er i gang med måla for veka.
I dag har vi vore å trening saman med kjernen på måndagstreninga. Det er kjempekjekt kvar gong. Tobeinte får skravle hund og firbeinte får mykje fokus.
Evaluering etter treninga:
  1. Tannvising. Ekko sit fint, lar dei ta på seg og sjå på tennene, men held ikkje utgangstilling heile tida. Vil reise seg undervegs. Det er når det er 3 "dommarar". Kanskje ein går heilt enkelt?
  2. Fellesdekk. Til tider var han bare halvmeteren frå nærmaste hund, men han holdt fokus og låg fint. Eg blei litt uroleg når eit par av dei andre hundane begynte å reise seg, men Ekko bare såg bort på dei og låg vidare. Kjempeflott. Eg må trene på at han ligg beint. Han legg seg ned skeivt og sit skeivt når han reiser seg opp. Men flott utgangsstilling.
  3. Lausbitt. 3 flotte opp-plukk av lausbitt og levering med på plass. Den 4. var meir rotete. Han kan få litt meir fart og tryggleik i kva han skal gjere. Elisabeth var kjekk figurant som det tydeleg var topp å springe til etter levering av lausbitt.

Eg syns Ekko fekk til mykje i kveld. Den som må lære seg å stoppe i tide, er eg. På alle punkta er han stødig og gjer det meste heilt fint i starten, men så held eg på for lenge... Det er jo så kjekt...Det gjeld faktisk alle punkt. Eg trur det er nok med maks 2 "dommarar" på tannvising. Han bør jo lukkast på minst 80%.

Når det gjeld apportering som fleire strever med så er det link til ein artikkel om framgansmåte her i høgre marg ( under gode artiklar). Den har nokre tips til oss som har det travelt med å nå målet i blant.

Så må Ekko få kome til litt:

Jammen på tide! Trur ho overtek bloggen snart! Eg syns det var kjempekjekt i kveld. Mor må jo bare bli glad når ho ser meg ligge der heilt i ro, sjølv om det er uro rundt meg. Ho skulle bare visst kor mykje eg tenkte på makrell i tomat. Nok om det, mor har fortalt om treninga. Men eg vil fortelje om det vanskelegaste målet: Å møte andre hundar og vere grei. I går møtte vi ein mor kjenner. Han har 3 hundar, den eine ein unghund ( er ikkje eit år enno). Han spurte om ikkje vi ville bli med å gå tur. Mor var skeptisk, men slo til. Eg fór ut av bilen og rett på ungjenta. Gjett om mor blei nervøs? Eg veit ikkje ka som gjorde at eg stoppa, kanskje mor til ungtispa? I alle fall fann vi tonen. Ho og eg sprang og sprang. Detvar kjempekjekt. Eg var heilt sliten etter turen og mor var strålande blid.

PS: Eg driv fortsatt og imponerer med å hoppe inn i bilen utan tvang.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Så kjekt du og kunne skrive litt i bloggen til Ekko Aud Venke. Det betyr jo at eg og kan sleppa te og skrive noe. Syns Faya og Chico har okkupert denna pc`en lenge nok nå. Eg tror me alle e litt for ivrige for tiå med å trene på den ene og det andre. Så eg e heilt enig. Me må bli flinkere å avslutte mens leken er god.

Må bare fortelle om kor gøy Faya syns det va å varra med på den store dyrebutikken med Baby kos. Den så eg aldri huske navnet på. Det va jo så masse kjekt der. Og så masse goe lukter. Og det kjekkeste av alt va kaninene. Og i tillegg til kaniner så va det fugler, rotter, hamstere og marsvin. Fiskene brydde hu seg lite om. Hu har jo vokst opp med to akvarier i stua. Og så va det så masse leker der. Hu fekk seg ein pipeball. Så det piper godt i stuå i kveld. Den butikken e bare så kjekk. Den e stor og i tillegg så e prisene ganske så bra og.

Elisabeth

Aud Venke sa...

JA, det er fullt lovleg for tobeinte og å uttale seg her! Vi snakkar så mykje om fokus på hunden, men eg trur vi òg må holde fokus i blant, ikkje skifte det for ofte. Held vi oss til tannvising og fellesdekk har dei øvingane fleire delmoment som god kan få fokus kvar for seg.
Ekko maste på trening i kveld så vi tok ei økt med "skjems du?" og jammen trur eg han bestemte seg for at han skulle gjere nokre forsøk utan teip. No søv han for han har vore figuranthund i Siddis hundeskole i kveld.

Er det den store på Forus du meiner?

Anonym sa...

Ja den ja :-)