lørdag 19. januar 2008

Runderingstrening

Etter ei natt med full storm, var vi spente på om det var vèr til rundering i dag. Det var det. Eg verka i kroppen ( brygger på eit eller anna??), men rundering er så kjekt at eg ikkje kan hoppe over det.

I dag var det Evita, Uno, Maja og Ekko. På slutten kom Marit og Jan Inge med vesle Punky.

Her er eit par bilete av livet som figurant. Det gjeld å få med seg meldingane som kjem. Og utsynet er ikkje alltid like inspirerande der vi ligg i buskar og kratt.





Uno er blitt ein reser på lausbittet. Han imponerte meg i dag. Eg sat der ute i skogen med eit lausbitt i handa. Uno kom i full fart, plukka opp bittet, men akkurat då han skal springe mot midtlina ser han leika eg har mista. Han kjem tilbake og vil leike. Eg tar leika, gøymer den og held fram lausbittet. Guten tar jammen lausbittet med ein gong og spring til midtlina. Han leiker flott når det er tid for premiering.

Ekko elskar å springe mellom figurantane. Fart, fart, fart! Han har bare tatt ein godbit og sett kursen mot neste oppgåve. No ville eg at han skulle leike litt hjå figurantane. Vi hadde trent på det at han skulle sleppe ved ordet "Takk". Det var visst veldig kjekt. Gro sprang litt med "kongen" før han fekk fatt i den og det var heilt topp. Tunga hang i bakken då eg syns det var på tide å stoppe.

Skal eg pirke litt på meg sjølv, er det at eg kan vere flinkare til å få han nær meg ved midtlina. Han har mange fine, men det dukkar opp nokre litt langt frå innimellom.



Her er Marit med den vesle labrador retriveren, Punky. Ho er allereie i gang med å rundere... Spennande å følge utviklingen hennar.


Uno fekk kome ut og leike med Punky. Vi var imponert over kor flink han var til å leike med Punky. Han er jo ein ung flatcoated retriever, men visste korleis han skulle ta signala til Punky.


Elles har eg laga gjestebok i dag. Når eg først er i feberfantasiane, kan eg jo sitje med pledd rundt meg og datamaskinen i fanget og finne på ting. Stele idear og liknande. Så skriv gjerne der, viss du ikkje vil kommentere det eg skriv om her.

Og for alle som lengtar etter våren. Dei første blomane i 2008 viser vei. Dette er "julerose" og den lyser som regel alltid opp på denne tida.

4 kommentarer:

Gro sa...

Hei Aud Venke

Tror og det er lurt å begynne å leke litt med Ekko som belønning. Han er jo så kjekk å leke med, og liker det godt. Dokker har jo kjempefin framgang i runderingen synes jeg. :) Kanskje du skal begynne å rope ham inn til deg og belønne ham med en liten godbit når han kommer innom deg på midtlinja.
Ellers må jeg gratulere med gjestebok, kjempefin. Har jo tenkt å få meg det jeg og, men vet ikke hvordan. Må nok få noe hjelp av han Roald her og ja.

Gro

Aud Venke sa...

Å få han inn til meg på midtlinja er ingen dum idé. Har av og til tenkt eg skulle premiere når han har fin fart tett inn til, men då fyk han forbi.

Vi har brukt leik i runderinga i dag òg. Han var heilt pest på slutten.

Gro sa...

Hei igjen
Har snakket med Tone om det der i dag. Hun foreslo at et signal til hunden om at nå skal han komme inn til deg før han får lov å springe ut igjen er å sette seg ned på huk når du roper han til deg på midtlinja. Får godbit når han kommer inn til deg. Men da er det lurt å ikke ha figurant ute på den siden han skal til, i tilfelle han ikke stopper hos deg, men bare springer videre. Han skal ikke ha forsterkning/belønning av at han finner noen der ute da.
Etter belønning hos deg kan du sette ut figurant igjen og fortsette runderingen.

Du får se hvordan du vil gjøre det, men det er vel det å få litt mer kontroll på og system i søket som er neste steg. Så var det det med fremdrift også da. Å legge figurant litt foran der som det er mulig i forhold til vindretning.

mvh Gro

Aud Venke sa...

Det skal eg jammen prøve neste laurdag. Eg har lese om at vi skulle setje oss på huk, men ikkje at vi skulle la det mangle figurant. Men det var jo ikkje dumt.